For første gong får HVL mannlege helsesjukepleiarar
For første gong i Høgskulen på Vestlandet (HVL) si historie vil det vere mannlege studentar på helsesjukepleiarstudiet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På studiet i helsesjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet, vil det for første gong vere mannlege studentar ved semesterstart.
Det skriv NRK Vestland.
– Det er gledeleg at det er mannlege søkjarar som har kome inn. Det er svært ønskjeleg frå vår side, seier Georg Førland, instituttleiar for Institutt for helse- og omsorgsvitskap.
«Helsesyster» ekskluderande?
Ifølgje Førland er det samansett kvifor det ikkje er fleire menn på studiet.
– Det kan vere fordi ein tidlegare brukte tittelen «helsesyster» som kunne verke ekskluderande. I tillegg er det eit vanskeleg studie å kome inn på, med mykje konkurranse, seier han.
I 2019 vart tittelen kjønnsnøytral.
28 av 5018
På landsbasis viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det i 2021 var 36 mannlege helsesjukepleiarar, samanlikna med 7162 kvinner. Av desse var 28 menn og 4990 kvinner i arbeid.
– Vi må vere meir offensive i rekrutteringa av mannlege studentar innanfor helse- og omsorgstenester generelt, seier Førland.