Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre gonger kan det vere ulike professorar og lærarar, legar og så vidare, som kan få deg til å verke litt dum da, fordi du er religiøs.

Det fortel Ayusha Awan (26). Ho er praktiserande muslim og går med hijab – og ho studerer medisin.

Det er noko folk av og til synest står i motsetnad til kvarandre.

«Korleis kan du tru?»

«Når du har vitskapen framføre deg og du studerer vitskapen, korleis kan du tru då?»

Dette er eit spørsmål medisinstudenten møter på frå andre.

– Då likar eg å svare tilbake «korleis kan du ikkje tru når du ser alt dette?» 

Ayusha fortel at ho har blitt sikrare på religionen sin gjennom å studere vitskap. Ho trekker fram eit døme frå Koranen. Der står det skrive, allereie for 1400 år sidan, at jorda ikkje er flat, men rund.

– Og det er til og med forklart at ho er litt sånn eggforma, ellipse. Og så studerer ein fysikk og går igjennom akkurat det same. Då tenker eg at det kan ikkje ha vore eit menneske som har kome fram til det.

Ayusha Awan. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Humanitet først

Framtida.no møter Ayusha Awan på Blindern ved Universitet i Oslo, der ho til dagleg studerer.

26-åringen fortel at planen er å studere vidare innan kvinnesjukdommar og bli gynekolog. Ho synest det er viktig å setje meir fokus på kvinnehelse, samstundes som religiøse muslimske kvinner eller minoritetskvinner kan ha behov for å sjå ei kvinne som er lege og ser litt meir ut som dei, og som kanskje kan ha ei forståing ein annan lege ikkje har.

Ayusha opplever at det kan bli stilt spørsmål ved om ho kan delta på ulike ting på studiet fordi ho er muslim, til dømes om det er snakk om seminar med blanda kjønn. Litt som om ho ventar at det skal vere tilrettelagt og at ho berre skal ha kvinnelege pasientar.

– Det har eg aldri spurt om og det kjem eg ikkje til å gjere heller. Som muslim så ser eg først på humanitet. Eg skal ikkje vente med å redde ein person fordi personen ikkje er av same kjønn som meg. Eg skjønner ikkje kvifor nokon kan tenke at eg hadde gjort det, då hadde eg jo ikkje valt å studere medisin. 

Ho hugsar at det under ein praksis på studiet blei sagt at «alle skal vere med på alle undersøkingar», noko ho følte var retta mot seg, sidan ho var den einaste som klart var muslim der og brukte hijab. Det fekk Awan til å føle at ho ikkje var hundre prosent akseptert.

Ho opplever likevel at folk endrar haldningar etter å ha blitt kjent med ho.

– Alle som kjenner meg og studerer med meg seier at eg er veldig «hands on». Eg går veldig rett på sak og gjer undersøkingar og så vidare.

«Stupid people believe in a creator»

Som student innan naturvitskapen har Ayusha opplevd at folk stiller spørsmål ved hennar muslimske tru. Ho fortel at det til tider kan vere vanskeleg å seie at ein er religiøs i dagens sekulære samfunn, og det merkar ho spesielt på studiet, som er basert på naturvitskap.

Ho fortel at ho har opplevd professorar som startar førelesingane sine med å seie «Evolution is a fact» eller at «Stupid people believe in a creator».

– Når du startar ei førelesing slik, så har du berre dei tankane i hovudet at professoren ser ikkje på meg som like oppegåande som seg sjølv, fordi eg ikkje trur at evolusjonen til dømes skjedde, sjølv om eg trur på medisinske fakta, seier ho, og held fram:

– Eg trur på det vitskapelege vi lærer. Det er litt sånn at ein skal banke inn sine meiningar i studentane og ikkje aksepterer at vi eigentleg er ei veldig mangfaldig gruppe som trur på veldig mykje ulikt.

Ho har ikkje opplevd det sjølv, men veit om andre muslimske jenter som har syntest det har vore vanskeleg når ein må gjere undersøkingar på kvarandre. Nokre førelesarar har gjort det klart at alle må vere med og ta av seg på overkroppen, noko Awan synest er unødvendig når nokre melder seg frivillig.

– Så eg kan seie at det kan vere litt utfordrande, at nokre gonger så møter ein litt lite forståing frå fakultetet. Dei trur at ein ikkje får same type læring berre fordi ein ikkje lar seg sjølv bli undersøkt. 

Bønerom og fredagsbøn

Samstundes synest ho studia på universitet i stor grad er tilrettelagt for muslimar. Dei har bønerom der dei kan kome og be på dei ulike fakulteta og felles fredagsbøn i gymsalen på Blindern.

– Så på den måten så kan ein utøve religionen sin. Samstundes vil eg seie at samfunnet på ein måte er bygd litt opp på den måten at det er kanskje litt rart å vere religiøs, det er litt rart å tru på ein gud, konstaterer ho.

Bønerom på Universitet i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Ayusha Awan er ein del av Muslimsk Studentsamfunn, eller MSS som dei er kjent som. Dei representerer muslimske studentar ved universitetet.

Leiar Hummam Bhutta fortel at dei blir kontakta av alt frå studentar som spør etter fleire bønerom, til andre som vil starte korankurs, lesesirkel eller jentefrukostar.

– I 2022, så føler vi at det er veldig mange unge muslimar på universitetet, mange som praktiserer si tru, så for dei så vil vi vere nokon dei kan vende seg til viss dei har spørsmål, bekymringar, tankar og idear, fortel han. 

Hummam går master i arabisk og midtaustenstudium, og opplever difor ikkje spørsmål om motsetnaden mellom studium og tru som Ayusha kan bli konfrontert med.

Men, han har studert andre stadar tidlegare, og erfarer at det er lettare å vere muslimsk student i Oslo enn i andre byar.

– Då eg studerte i Trondheim, så var det eit lite muslimsk miljø der, med mange internasjonale studentar, men då eg budde tre år i Lillehammer, og gjekk på det som då heitte Høgskulen i Lillehammer, var det to-tre andre som pleidde å be eller var synlege, praktiserande muslimar, seier han og held fram:

– Så då var det tre år med at eg eigentleg gøymde meg under trappa for å be.

Hummam Bhutta er leiar i MSS. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Er det noko de synest er spesielt utfordrande som muslim og student?

– Eg vil ikkje seie at det er utfordrande sånn sett, men eg tenker i alle fall på det med å kombinere bøn og førelesingar og lesing, svarar Bhutta, og legg til at dei har eit veldig godt system for det på universitetet der han går. 

– Men la oss seie då, viss det hadde vore eit miljø der det ikkje hadde vore tilrettelagt, så kunne det ha vore ei utfordring for mange studentar. Det at ein kanskje må bruke alle pausane sine på bøn eller kanskje har førelesingar heile dagen og ikkje får tid til å be.

På bønerommet på Blindern. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Viktig fellesskap

– Eg trur nokre kan ende opp med å tenke «Kor skal eg studere? Er det eit muslimsk miljø der?» 

For Wala Jibril har det vore viktig å vere ein del av eit muslimsk fellesskap på studiet. Ho er vaksen opp på ein mindre stad i Trøndelag, og i oppveksten sakna ho eit likesinna miljø. Det var ein av grunnane til at ho flytta til Oslo.

– Som student er det mange som flyttar frå området dei kjem frå, så dei er ikkje så kjent med moskeen og dei andre tinga, så det er mykje lettare å bli med i ei studentforeining. 

Jibril studerer utviklingsstudium på OsloMet. Ho har ikkje opplevd at det har blitt sagt direkte at det er eit motsetningsforhold mellom det å vere religiøs og det ho studerer, men opplever nokre gonger at religion blir sett på som ein motsetnad til modernitet og utvikling.

Wala Jibril synest det beste med religionen er fellesskapet. – Det har eg verkeleg opplevd her. Fellesskap og søstrer og brør, og det å alltid ha nokon som forstår deg og kvar du kjem. Alle perspektiv du har på ein måte, at du kan snakke om ting og det ikkje følest veldig fjernt. Vi har så mykje til felles, at det er så gøy å vere rundt dei. Foto Birgitte Vågnes Bakken

Ho tykkjer det har vore givande å bli kjent med andre studentar med ulike bakgrunnar, og fortel at dei gjennom samtalar lærer meir om kvarandre og respekterer kvarandre sjølv om dei har ulike meiningar.

Wala var på feltarbeid i Tanzania gjennom studiet, noko som førte til nokre indre dilemma om kor vidt ting var haram eller ikkje. Men 22-åringen fortel at reisa opna augene hennar, og ho syntest det var spanande å sjå forståinga dei ikkje-muslimske reisekameratane fekk for ho.

– Det var ein gjensidig respekt og gjensidig forståing for kvarandre, og vi tok vare på kvarandre, og det gav meg eit anna perspektiv på det å ha norske ikkje-praktiserande vennar, at det er mogleg så lenge ein har respekt. 

– Kor tilrettelagt synest de det i dag er å vere student og religiøs? 

– Eg ville sagt delvis. Til dømes fadderveker og så vidare, handlar mykje om alkohol. På den måten kan ein seie at det er ikkje så tilrettelagt muslimar, men også kristne og andre som ikkje ønskjer å drikke, svarar Wala og utdjupar:

– Ein skulle ønskje at dei tenkte på det frå eit anna perspektiv, og ikkje berre på kva som er morosamt for dei unge som drikk, men korleis ein kan inkludere større grupper av folk når dei kjem til Oslo og er nye og ikkje kjenner nokon. 

UiO: Kan be under eksamen

Framtida.no har stilt spørsmål til Universitetet i Oslo om korleis dei legg til rette for religiøse studentar, og om det er rom for å vere religiøs uavhengig av studium. Dei har òg blitt presentert utsegna frå Ayusha om at ho av og til møter lite forståing frå fakultetet.

Studiedirektør Hanna Ekeli svarar at UiO har ein lang tradisjon for å leggje til rette for trus- og livssynspraksis for studentar.

– Å oppleve læring, meistring og meining er sentrale dimensjonar for å lukkast som student. Samtalar om livet, verdival, eksistensielle spørsmål, livssyn og religiøs praksis er viktig for mange studentar også i studiekvardagen, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

– Studentprestane driv ei livssynsopen samtaleteneste. Denne er nyleg utvida med ein studenthumanist, og UiO er i dialog med mellom anna Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, muslimske og katolske organisasjonar for å utvide tilbodet vidare. Dette inngår i UiO sitt prosjekt Livssynsope samtalesenter for studentar, fortel studiedirektør ved UiO Hanna Ekeli. Foto: Universitetet i Oslo

Ho peikar på at UiO har ei stadig meir mangfaldig studentmasse og ei rekkje ulike livssynsgrupper for studentar.

– Sidan femtitalet har UiO samarbeidd med Den norske kyrkja (DNK) om studentprestetenesta. Vi legg til rette for religiøs praksis mellom anna ved Rom for tru og tanke, Kapell og Mosalla sentralt på Blindern.

– Vi legg også til rette for muslimsk fredagsbøn, og studentar som ønskjer å be under eksamen får høve til dette.

UiO har ikkje informasjon om kva tru eller livssyn studentane høyrer til, men ser at tilboda deira vert brukt.

– Det trengst stadig større rom for muslimsk bøn. Krigen i Ukraina auka omfanget av lystenning i Kapellet.

Ekeli skriv at det er ei utfordring at dei har få tilgjengelege lokale i dei eksisterande bygga, noko som gjer det vanskeleg å auke tilboda vesentleg. I nye byggeprosjekt ved UiO er Rom for tru og tanke inkludert.

Sparar pengar på kanelgiflar

Når ein snakkar om muslimar og studium, er det vanskeleg å kome utanom temaet ramadan. Korleis kan ein kombinere fastetida med studium og ikkje minst eksamensperiode?

For Ayusha Awan gir fastetida meir fokus på dei viktige tinga. Men, det inneber å snu døgnet litt, sidan ein ofte er vaken om natta, og les, et og ber.

– Eg vil seie at eg fokuserer mykje meir, for då er du ikkje så stressa over å ete frukost, lunsj og middag – då har eg tatt vekk alle dei måltida.

Ho får dimed meir tid til både det religiøse og til lesing til eksamen, for ho kan vere hundre prosent fokusert på det ho driv med.

MSS blei stifta i 1995. – Då var det eit behov for å vareta muslimske studentars interesser. På den tida var det òg veldig lite representasjon av muslimar i media. Eg hugsar at då eg vaks opp såg eg ofte MSS-leiaren i debatt på NRK, anten om det var med Carl I. Hagen eller Siv Jensen eller andre. Så eg vaks opp med at MSS var ein stor studentorganisasjon som var aktiv med alt frå aktivisme til religiøse seminar og føredrag som dei arrangerte, minnest dagens leiar Hummam Bhutta. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Wala Jibril fortel på si side at ho av og til kan få ei skuldkjensle fordi ho prioriterer skule under ramadan, sjølv om ho prøver å minne seg på at kunnskap og det å lære er viktig i religionen hennar. I tillegg søv ho litt dårleg visse netter.

– Men eg trur også at det er med å gi ein viss struktur, det gjer deg litt meir konsentrert fordi du må få inn mykje på éin gong. 

For at det skal gå lettare, plar ho å ha ei fordeling av dagen, der ho set av litt tid til lesing og litt tid til det religiøse, som å lese i koranen.

– Så eg lagar ein plan før ramadan byrjar vanlegvis, slik at eg kan vite når eg gjer litt forskjellig ut over dagen, og tilpasse etter bøn til dømes.

Hummam Bhutta stiller seg bak rådet om å lage seg ein plan. Han minner òg om at ramadan flyttar seg ti dagar kvart år, og dimed blir tidlegare og tidlegare. Ramadan vil difor ikkje påverke eksamensperioden i like stor grad i år.

– Men ein ting eg tenkte på er at du sparar mykje pengar i ramadan, for eg slepp å kjøpe overprisa kaffi og bagett og gå på Bunnpris her nede – eg svir sikkert av ein hundrelapp kvar dag på kanelgiflar og sånt, ler han.

– Så eg trur studentar sparar litt pengar i ramadan. Så eg oppmodar alle studentar til å faste for å spare pengar, spøkar han. 


Illustrasjonsfoto: Simon Infanger/Unsplash