Søknadane til ingeniørutdanninga til Cyberforsvaret har gått drastisk ned frå 300 til 178 søkjarar på få år, skriv NRK.
Men den eit-årige cyber-teknikarutdanninga er endå verre stilt. Der er det 29 søkjarar til dei 40 studieplassane.
Dette sjølv om Forsvaret er meir avhengig av denne kompetansen enn nokon gong.
– Vi ser at truslar kjem i nye former. Så cyberforsvar er nye område det er viktig at vi er godt rusta til å handtere, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Han meiner Forsvaret må vurdere tiltak viss ikkje rekrutteringa tek seg opp igjen.
Forsvaret konkurrerer med fleire høgskular om ungdommane med IT-interesse. Det trur nestkommanderande ved Cyberingeniør-skulen, Dag Kjønø, er ein av grunnane til nedgangen i talet på søkjarar.
Sjølv om det no er fleire plassar enn kandidatar til cyberutdanninga betyr det ikkje at alle kjem inn.
– Då må vi heller leve med at vi ikkje klarer å levere endå ein periode, seier Kjetil Røstad som håpar dei klarer å rekruttere fleire neste år.
- Les også: Yrket mitt: Mia Landsem er etisk hackar
