Ikkje sidan 2005 har større del av søkjarane til høgare utdanning fått tilbod om plass på førstevalet sitt. Over 60 prosent har fått plass der dei helst ville.
NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug
NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug

Tal frå Samordna opptak viser at 105.216 søkjarar har fått tilbod om studieplass i hovudopptaket, og av dei har 64.744 fått tilbod om plass på førstevalet. Det betyr ein auke i talet som fekk tilbod på førstevalet, sjølv om talet på søkjarar har falle kraftig.

– Den store trenden er at vi etter to år med pandemi er tilbake på 2019-nivå i talet på søkjarar. Det er nok mellom anna fordi situasjonen på arbeidsmarknaden er mykje betre, og fordi det igjen er mogleg å reise og studere i utlandet, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til NTB.

Til saman 133.592 personar søkt høgare utdanning gjennom Samordna opptak i år, mot 152.730 året før. I fjor var det 60.966 som fekk tilbod om plass på førstevalet sitt.

Mange nettstudentar

I år er det berre 15.982 kvalifiserte søkjarar som står utan tilbod, mot 27.875 året før. Det er berre 62.500 studieplassar, men Samordna opptak og studiestadene veit av erfaring at mange takkar nei, eller takkar ja og likevel lèt vere å møte opp. Derfor sender dei ut langt fleire tilbod om plass enn det faktisk er studieplassar.

Ein merkbar trend er auken i talet på søkjarar til nettstudium og deltidsstudium. På slike studiar går all undervisninga føre seg på nett. Såkalla samlingsbaserte studiar, der mesteparten av undervisninga er på nett men studentane møtest til eit visst tal samlingar per semester, er også svært populære. Det blir tilbode 84 nettbaserte studiar, ein auke på ti frå året før, med til saman 4.540 tilbod om plassar.

– Det er ei utvikling vi har sett over fleire år, som har vore sterkare under pandemien. Vaksne søkjarar vel den typen studiar i større grad. Dei har ofte ein jobb, bustad og familie dei ikkje kan forlate, seier Skule.

Honoursprogram og medisin

Som i fjor er det honoursprogrammet i realfag på Universitetet i Oslo som har høgast poengkrav for førstegongsvitnemål – altså dei som søkjar direkte frå vidaregåande.

Der krevst det 63 poeng – altså må ein ha tilleggspoeng sjølv om ein får karakteren seks i alle fag og eksamenar på vidaregåande.

I den ordinære kvoten er det medisinstudiet på Universitetet i Oslo som toppar. Ønskjer ein å starte på hausten, må ein ha 69,6 poeng.

Fall i sjukepleiestudium

Nedgangen i talet på søkjarar totalt går mellom anna utover søkinga til sjukepleiestudium. 10.223 hadde sjukepleiestudium på førsteval, som er det lågaste sidan 2013, mot 13.209 året før. Talet på søkjarar til sjukepleiarar har falle dei siste åra, med unntak av eit lite hopp mellom 2019 og 2020.

– Det er 5.200 plassar på sjukepleiestudium, så det er framleis langt fleire søkjarar enn plassar, seier Skule.

Tollstudiet i Stavanger er, til liks med året før, studiet med flest søkjarar målt opp mot talet på plassar. 1.172 personar har søkt studiet på førsteval, medan det berre er 60 planlagde studieplassar, noko som gir 19,5 søkjarar per plass.

43,1 prosent av søkjarane søkjer seg til heimfylket sitt, som er eit fall frå 45 prosent året før.

Hummam Bhutta, Wala Jibril og Ayusha Awan. Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Oppdatert: måndag 25. juli 2022 12.31
ANNONSE