Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis er det å markere ramadan? Martin (15) og Ayesha (17) svarar

 

Ayesha Zaeem. Foto: Privat

❗ Kvifor er det viktig for deg med ramadan? Kva betyr det for deg?

– Ramadan representerer ein månad for mi personlege utvikling. Eg ser på ramadan-månaden som ein ny sjanse frå Allah til å førebu meg og bli ein betre versjon av meg sjølv. Gje slepp på dårlege vanar og heller fylle dei med ein ny, god vane som kan hjelpe meg vidare i livet.

? Kva er vanskeleg med ramadan?

– Det som kan vere vanskeleg med ramadan er å ikkje ete noko frå soloppgang til solnedgang. Men også å ha kontroll på tankane sine og handlingane sine. Ein må kontrollere kjenslene sine litt ekstra, som til dømes sinne. Og det kan bli vanskeleg for nokre, spesielt når ein ikkje har fått mat på ei stund. Det er difor det er viktig å vere tolmodig.

❤️ Kva er givande og bra med ramadan?

– Ramadan vekker på ein måte opp dei fleste muslimar og veldig mange muslimar får lyst til å bli betre og gje slepp på dårlege vanar. Ramadan er ein månad som hjelper oss med å setje godheit i fokus og tenke meir på det spirituelle og gje litt slepp på alt det materialistiske.

? Kva kan folk som ikkje er muslimar lære av ramadan?

– Alle menneske har vel noko dei ynskjer å gje slepp på, om det er dårlege vanar eller å kanskje endre litt på måla i livet. Eg føler ramadan er den månaden vi kan gje slepp på det vi vil og gjere oss til ein betre versjon av oss sjølve.

– Ta seg tid til å bli kjend med seg sjølv og kven ein er. Kanskje også reflektere litt over kvifor vi er her og kva vi ynskjer å oppnå før vi går bort frå denne verda. Prøve å gje slepp på alt stress og prøve å få ein god relasjon med det spirituelle.

Oslo 2013: Frivillige dekker på bordet i Bait-un-Nasr-moskeen på Furuset i Oslo, under ramadan i 2013. Dei fastar frå soloppgang til solnedgang, og måltidet ved solnedgang vert kalla iftar. Foto: Vegard Grøtt / NTB

? Korleis var det å markere ramadan og iftar under covid?

– For meg var det annleis og litt rart, for eg mista mykje av det sosiale som å møte familien og å opne fasta saman med vener. Ein del av den ramadan-følelsen gjekk litt bort med tanke på at dei fleste moskeane var stengde og vi fekk ikkje ha dei aktivitetane i moskeen som vi vanlegvis pleier å ha.

– Ramadan med covid hjelpte meg også med å komme nærare Allah og få ei større forståing for islam. Eg brukte meir tid på å lese Koranen og bøker om islam.

? Korleis er det å vere ungdom og markere ramadan?

– Det å markere ramadan som ungdom er ganske viktig for meg. Eg kjem nærare islam og Allah i ein ung alder og føler at eg berre kjem til å komme nærare islam og Allah jo eldre eg blir.

– Det kan vere litt vanskeleg til tider når eg er på skulen og får spørsmål om kvifor eg fastar, korleis eg orkar å faste og får ofte høyre at eg kan berre ete på skulen og fortsetje fasta heime. Nokre gonger blir ein irritert av at folk seier dette, for dei viser litt lite respekt. Samstundes så får eg høve til å fortelje dei kvifor eg eigentleg fastar og korleis det er positivt for meg og mi psykiske og fysiske helse.

❗ Kvifor er det viktig for deg med ramadan? Kva betyr det for deg?

– For meg representerer månaden ramadan mi personlege utvikling. Eg ser på månaden som eit høve til å anstrenge meg sjølv og streve for å bli ein betre person. Under dette inngår alt frå å forbetre mitt spirituelle liv, gjere foreldra mine glade, ha ei positiv utstråling eller å gjere det bra på skulen. Det er ein månad der eg kan reflektere over svakheitene mine og vise takknemlegheit for det eg har og har oppnådd.

– Ramadan styrkar også min norsk-muslimske identitet ved at eg får kjenne samhaldet blant muslimane i landet, at eg kan dele den gjensidige dedikasjonen til tilbeding i løpet av månaden, og ikkje minst at det er ein månad med teologisk tyding i Islam.

? Kva er vanskeleg med ramadan?

– For mange er det nok å avstå frå mat frå soloppgang til solnedgang. For meg, derimot, er ikkje dette den største utfordringa sidan eg har blitt vand til det med åra. Den største utfordringa for meg er å gå frå dei dårlege vanane eg har normalisert. Vanar som prokrastinering, utakknemlegheit og utolmodigheit er nokre av dei eg forsøker å legge frå meg under og etter månaden, men det er ikkje alltid like enkelt.

– I tillegg er det viktig at eg held oppe dei gode vanane eg har etablert for meg, også etter ramadan, og at eg ikkje utelukkande held dei oppe under månaden.

❤️ Kva er givande og bra med ramadan?

– Ramadan set godheit i fokus. Muslimar dedikerer månaden til å gjere godt på fleire måtar. Ein del er individuelt og spirituelt, men det er også ein viktig sosial del. Under ramadan samlar muslimar seg. Å gje til velgjerdshjelp, avstå frå vondt, fokusere på familien og relasjonar er nokre døme.

– Empirisk har eg observert at mange unge muslimar, som ikkje er særleg religiøse utanom ramadan, kjem tilbake igjen til religionen under månaden. Dei forsøker å gjere godt og mange prøver å forbetre seg, og dei held seg til dømes unna ungdomskriminalitet og dårleg åtferd under månaden.

Oslo 2013:
Muslimar ber ei bøn i Bait-un-Nasr-moskeen på Furuset i Oslo, under ramadan 2013.
Foto: Vegard Grøtt / NTB

? Kva kan folk som ikkje er muslimar lære av ramadan?

– Alle, uavhengig av religion, har predisposisjonar og dårlege vanar. Livet er ein prosess der ein stadig prøver å forbetre seg sjølv, sjølv om ein har sine eigne utfordringar. Det er viktig å forstå at menneske tek feil og ikkje er perfekte, men at ein også burde streve for å bli betre. Under ramadan skal ein få innsikt i seg sjølv og dei manglane ein lett forsømmer i dei andre månadane.

– Med den sjølvinnsikta ein utviklar kan ein ta tak i utfordringane sine og gjere endringar ein tek med seg vidare. Dette er ein tankegang ein kan bruke for seg sjølv og si eiga utvikling, sjølv om det ikkje utelukkande må gjerast under ramadan.

? Korleis er det å markere ramadan og iftar etter covid?

– Ein viktig del av markeringa av ramadan er også det sosiale. Iftar opnar ein gjerne i fellesskap med andre, både vener og familie, og ein gjer ofte månaden til noko koseleg og sosialt. Etter lange dagar med faste blir iftar spesielt noko ein gleder seg til når ein kan dele gleda med andre.

– For meg er det likevel endå viktigare at moskeen er blitt meir tilgjengeleg etter at restriksjonane vart oppheva. Ramadan dedikerer ein i stor grad til tilbeding og forbetring av sitt spirituelle liv. Under ramadan ber ein til dømes gjerne nattebønn, taraweeh, i fellesskap i moskeen, og eg dreg også gjerne for å lytte til preike om Islam i moskeen. Dette var aktivitetar som var vanskelege å få til under nedstenginga. Elles blir kanskje kvardagen meir fysisk krevjande, men for meg forsterkar det kjensla av strevet ein gjennomgår under månaden.

Bilete frå id, feiringa som markerer at ramadan er over, på den indonesiske ambassaden i 2019. Foto: Privat

? Korleis er det å vere ungdom og markere ramadan?

– Markeringa av Ramadan er viktig for meg som ungdom og eg antar det er likt for andre norsk-muslimske ungdomar. Sidan ein ikkje vert utsett for islam i like stor grad i den norske kvardagen som ein ville ha vore i eit muslimsk land, blir ramadan ein periode der muslimsk ungdom kan styrke identiteten sin og kome seg nærare trua si. Som eg har lagt vekt på tidlegare, gjev markeringa av ramadan kjensla av fellesskap, som er viktig for minoritetar å kjenne.

– Eg føler ramadan er viktig for ungdom fordi dei kan lære å bli kjent med seg sjølv. Eg er veldig takksam for forståinga eg får i ungdomsmiljøet og storsamfunnet når eg fastar under ramadan. Eg føler at andre ungdomar og vaksne viser respekt til markeringa mi av månaden, som gjer det enklare for meg å markere den.

– Å faste i Noreg medfører sjølvsagt enkelte utfordringar sidan det ikkje er eit muslimsk land. For enkelte kan det vere vanskeleg å forhalda seg til fasta i eit samfunn der å faste ikkje er vanleg. Utfordringar som trening, skule og andre aktivitetar kan oppfattast som vanskelege for nokre. Difor er det hjelpsamt å ha eit samfunn som respekterer ramadan og fasta.


Sarah Frostmo Faraj (22) fortel om ei veke i Ramadan.