Zakat (zakat al-fitr) er ei slags skatt i islam, og er ein av dei fem søylene i religionen. Dei som har over ein viss formue er pliktige til å betale denne skatten.

Å betale zakat skal gje ei meir rettferdig fordeling av samfunnsgodene. Mottakaren må ikkje tilhøyre din næraste familie, men andre slektningar kan ta imot zakaten din.

Zakat vert rekna som 2,5 prosent av det årlege overskotet ein har økonomisk.

I Noreg set moskeane ein liten sum som alle som er i stand til det, skal betale i god tid før ramadan er over. Pengane blir så gjevne til fattige, slik at alle, uavhengig av økonomi, skal kunne kjøpe festmat, gåver og nye klede til den store feiringa id.