«Har ikkje samfunnet vårt rom for ytringar om tru?»

William Matteus Fonn
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fersk forsking syner at unge truande ikkje tør å dele trua si offentleg. Det er det offentlegheita og ikkje ungdomane som står i vegen for.

Forskarar ved Universitetet i Agder intervjua 25 unge muslimar og kristne om kva dei tenkjer om å dele trua si på sosiale medium. Funna blei presentert i ein fersk forskingsartikkel. Her kjem det fram at unge let vere å dele trua si på sosiale medium.

Naturleg

Det er heilt naturleg for unge å fortelje frimodig om alle moglege ting dei er ein del av og kva som er viktig for dei; om siste nytt på idretts-, livsstils- eller kulturfronten. Kvifor skal det vere mindre greitt å fortelje om at ein har vore i kyrkja eller på ein kristen festival?

Forskinga syner at sjølv om dei ynskjer å dele religiøst innhald på sosiale medium, let mange vere. Av erfaring er dei redde for å bli misforstått, miste vener og bli stigmatisert. Dette er ei problematisk utvikling og eit demokratisk problem for Noreg.

Ei anna undersøking syner at å nemne leiarerfaring frå moskeen eller kyrkja på CV-en, er eit karrieresjølvmord i dagens samfunn. Korleis kan ein kalle Noreg eit tolerant samfunn om ein mister jobbmoglegheiter og sosiale nettverk, dersom ein står fram som truande?

Dette er ei problematisk utvikling og eit demokratisk problem for Noreg.

Dei kristne intervjuobjekta ville dele trua si, for å bli forstått og å kunne vere open om sin kristne identitet. Medan det blant muslimar oftare handla om å endre eit negativt bilete av islam i det norske samfunnet, og dermed forsvare religionen sin.

I ei tid der det å vere tru mot sin eigen identitet, å stå for eigne val og mangfald er gode ideal, ser ein heller i Noreg ei forventning om at minoritetane skal bli meir lik majoriteten. For religiøse vil det bety at dess meir sekulær ein er, desto betre passar ein inn i samfunnet. Slik bør det ikkje vere.

Sosialt sjølvmord

Som truande ungdom sjølv, vert eg i kvardagen utfordra til å ta nokon medvitne val. Å opne munnen i ei tid der det er lettast og mest sosialt akseptert å teie, er utfordrande. Eg trur at det å la trua vere offentleg, er med på å modne, utvikle og styrke ho.

Dessverre kan eit innlegg som dette vere eit sosialt sjølvmord i Noreg, og heller gje ulemper når eg ein dag skal søke jobb.

Felles for unge truande i Noreg, er at dei ynskjer å dele trua si, men det er utfordrande i den norske sosiale konteksten me er ein del av. Det er kanskje ikkje så rart når samfunnet vårt i større grad foreslår at tru er ei privatsak: – Du må gjerne tru, men ikkje ta det med i vennegjengen, på arbeidsplassen eller studiestaden din.

Eg synest me heller skal skape eit samfunn der det er rom for ytringar om tru, og fjerne den norske skrekken for synlege trusutrykk, i arbeidsliv, blant vener og på skulen og studiestaden.


Emilie Nancy Eiken. Foto: Birgitte Vågnes Bakken