Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kortversjonen er at det er noko færre aktivt religiøse i Noreg enn tidlegare, særleg når det gjeld hyppig deltaking på religiøse arrangement. Under ein av ti går på slike møte minst éin gong i månaden.

Det fortel Pål Repstad på e-post til Framtida.no. Han er pensjonert professor i religionssosiologi ved Universitetet i Agder, og har forska mykje på religiøse endringar i Noreg. Han har mellom anna skrive boka Religiøse trender i Norge.

Religionssosiolog Pål Repstad. Foto: Universitetet i Agder

Noreg er i dag eit av dei mest sekulære landa i verda.

På 35 år har delen nordmenn som seier dei trur på Gud falle frå 53 prosent til 30 prosent, ifølgje Norsk Monitor, som sidan 1985 har kartlagt verdiar, haldningar og åtferd i Noreg. Undersøkinga deira frå 2020 viser òg at det er blant dei unge gudstrua er svakast. Andre studiar syner noko høgare tal for gudstru rundt 2020.

Kvifor er det slik? Kva då med dei unge som reknar seg som religiøse? Korleis er det å vere religiøs i eit samfunn der religion har mindre og mindre plass i det offentlege? Korleis er det å vere religiøs og minoritet? Det er nokre av spørsmåla Framtida.no vil undersøkje i det Fritt Ord-støtta prosjektet Religion og unge.

  • Har du tips til til tema, historier eller personar vi burde ta tak i i dette prosjektet? Send det til tips(a)framtida.no!

Mjuk religion og likesæle

Om lag ein av tre unge trur på Gud, ifølgje Repstad.

– Samstundes kan nokre studiar tyde på at oppslutninga om gudstru er nokså stabil blant dei yngste ungdomane, utdjupar han, og held fram:

– Blant unge med innvandrarbakgrunn er det eit sterkare religiøst engasjement, men det er òg slik at dei ofte legg vekt på dei «mjuke» sidene ved til dømes islam, og ser meir på religionen som ein kjærleiksbodskap enn som eit sett med konkrete og strenge reglar.

Repstad peikar vidare på at fleire unge enn før er religiøst likesæle og har lita forståing for religion, særleg konservativ religion.

Lovgjevinga bestemte

Sjølv om det er færre aktivt religiøse i Noreg i dag, forklarar Repstad at vel tre av fire framleis er medlem i religiøse trussamfunn.

Det er klart flest som er med i Den norske kyrkja, om lag sju av ti nordmenn. Sjølv om deltakinga på religiøse arrangement jamt har minka, er det framleis eit fleirtal som døyper barna sine, konfirmerer seg og har ei kyrkjeleg gravlegging.

– Går vi langt attende, eit par hundre år, var det mykje av lovgjevinga som bestemte at folk skulle vere med i kyrkja og at skulen skulle gi ei kristen oppseding. Ned gjennom tida har så denne lovgjevinga blitt svekt eller heilt borte.

I 2012 skilde Den norske kyrkja og staten lag, sjølv om staten framleis har ei viss plikt til å finansiere kyrkja.

Bedehuskulturen og meir generelt konservativ religion ser ut til å ha vanskar med å vinne tilslutning i det relativt liberale Noreg, ifølge Repstad. Frikyrkjene har stabil eller litt svekt oppslutning, med unntak av at nokre av dei får nye medlemer blant innvandrarar. Størstedelen av innvandrarane til Noreg har ein kristen bakgrunn med seg heimanfrå. Illustrasjonsfoto: Ben White / Unsplash.com

Større mangfald

Lova seier samstundes at andre trus- og livssynssamfunn skal få tilsvarande økonomisk støtte, målt etter medlemstal.

– Ein viktig trend er at det har blitt mykje meir religiøst mangfald i Noreg sidan dei første tyrkiske og pakistanske innvandrarane kom for om lag femti år sidan. Tidlegare var kristendommen svært dominerande, no er det litt under ein av tjue i Noreg som er muslimar, meir eller mindre religiøst aktive.

Central Jam-E-Mosque i Oslo. Foto: Wasielgallery – Eige verk, CC BY 3.0, Wikimedia Commons

I tillegg til Islam, går òg Den katolske kyrkja noko fram. Det er mest på grunn av innvandring, forklarar Repstad.

– Dessutan er det fleire enn før som ikkje har nokon religion. Dei er ikkje medlem av noko religiøst samfunn og er heller ikkje interessert i religion. Ei følgje av dette er at medlemstalet i Human-Etisk Forbund går opp.

Skepsis

Integreringsbarometeret 2018 viser at éin av fem nordmenn er skeptiske til personar med kristen tru. Særleg er nordmenn skeptiske til sterkt truande personar. 

Regjeringa skriv i handlingsplanen sin mot diskriminering av og hat mot muslimar at fiendskap, fordommar og negative haldningar til muslimar er eit reelt og aukande problem i Noreg, trass i at Noreg er eit av landa i Europa der befolkninga har mest positive haldningar til religiøse minoritetar.  

Unge muslimar har fortalt Framtida.no om å bli møtt med hets og diskriminering.

Ayesha Zaeem. Foto: privat

– Sjølv har eg blitt møtt med det gjennom skulegangen. Då eg gjekk med eit religiøst plagg, fekk eg mange stygge kommentarar om at eg kom til å sprenge skulen og at eg gjekk rundt med bomber under hijaben og slikt, fortalde 16 år gamle Ayesha Zaeem i fjor sommar.

Tabu å vere religiøs?

Rapporten Holdninger til jøder og muslimer i Norge i 2017 frå Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter viser ein nedgang i antisemittiske haldningar samanlikna med ei tilsvarande undersøking frå 2011. 

Samstundes viser undersøkinga deira at negative stereotypiar om muslimar er utbreidd i det norske samfunnet og fleire oppgir at dei unngår å vise den religiøse tilhøyrsla si fordi dei er redde for negative haldningar.

– Er det tabu å vere religiøs i 2022?

Ein studie syner at ein av fire synest det er vanskeleg å vere religiøs. Men dette varierer ganske mykje med miljø. Mellom anna er det regionale skilnader, svarar religionssosiolog Pål Repstad, og utdjupar at Sør- og Vestlandet har fleire religiøse enn resten av landet.

– Det er nok slik at konservativ religion møter meir motstand enn liberal, og det kan ramme både islam og kristendom, forklarar han.

Fleire synest det er vanskeleg å vere opent religiøse i det sekulære samfunnet. IIlustrasjonsfoto: Ifrah Akhter via Unsplash / Priscilla Du Preez via Unsplash / kollasj Framtida.no

Han peikar på at det har vore reist spørsmål om det auka livssynsmangfaldet har ført til polarisering, altså til sterkare motsetningar.

– Høgrepopulistiske medium og politikarar har freista å få til det, men det er og krefter og tilhøve i Noreg som dempar slike konfliktar.

Det at det er ein relativt liten sosial ulikskap i Noreg samanlikna med andre land, hjelper på integreringa av minoritetar i Noreg, ifølgje Repstad. Dessutan er det god formell og uformell kontakt mellom leiarar av ulike religiøse samfunn i Noreg.

Individualisering av religion

Ein annan framtredande trend for religion i Noreg dei siste åra, er at trua blir meir individuell.

– Ved sida av ein viss tendens til sekularisering, altså svekking av religionen, skjer det ei individualisering, ikkje minst blant unge. Det inneber at folk trur meir slik dei finn meiningsfylt sjølve, meir enn at dei lojalt følgjer religiøse leiarar.

Repstad fortel at ein hypotese går ut på at sosiale medium byggjer opp om den religiøse individualiseringa, sidan dei inneheld informasjon om mange ulike former for religion.

– Ein kan finne støtte der for eigne truer og tankar. Det har òg vore hevda at sosiale medium svekkjer autoriteten til lokale leiarar. Likar ein ikkje den lokale presten eller imamen, kan ein finne alternativ på Internett.

Ein teori er at ei individualisering av tru veks fram i sosiale medium. På Instagram og TikTok finst det til dømes miljø for wicca og jesuspåverkarar. Illustrasjonsfoto: Jenny Smith via Unsplash / Content Pixie via Unsplash / Eyestetix Studio via Unsplash / kollasj Framtida.no

Ein anna religiøs trend i dagens Noreg, er ei feminisering, ved at kvinner kjem meir med i leiinga av trussamfunn. Det har vi sett i Den norske kyrkja, men islam og frikyrkjene følgjer etter, seier Repstad.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!

Maja Ja Jansen (20) er heks, og er veldig interessert i religion. Foto: Privar