Norsk vegansamfunn tapte i retten – får ikkje status som livssynssamfunn

Norsk vegansamfunn (NVS) tapte rettssaka mot staten og får ikkje status som livssynssamfunn, og dermed heller ikkje statsstøtte. Dei varslar anke.

NPK-NTB
Publisert

Då Norsk vegansamfunn (NVS) fekk avslag frå staten om å bli registrert som livssynssamfunn i utgangen av 2024, gjekk dei vidare til retten og saksøkte staten.

Torsdag er dommen klar, og staten fekk medhald i Oslo tingrett, skriv NRK.

NVS får ikkje status som livssynssamfunn. Dei får dermed ikkje rett til statsstøtte eller seremonielle rettar. Trus- og livssynssamfunn kan få opptil 1.500 kroner i året per medlem, og NVS har nesten 1.000 medlemmer.

Staten argumenterer for at veganisme ikkje dekkjer eit stort nok område i livet til menneska til å godkjenna det som eit samfunn. NVS meiner derimot at veganisme er eit livssyn, og dei har prøvd å bli registrerte som det sidan 2021.

– Me meiner at me blir diskriminerte overfor andre livssynssamfunn i Noreg, sa styremedlem Jon Vegard Venås til NRK då dei møtte staten i retten i mai.

Styreleiar i NVS, Steffen Althand, er skuffa etter nederlaget i tingretten. Han stadfestar at dei kjem til å anka saka til lagmannsretten.

– Me visste at det kom til å bli ei ankesak uansett. Me hadde håpa me skulle gå inn i den ankesaka med ein siger i boks, men no gjer me ikkje det, seier Althand til Nationen.