Zeliha Kazmouz-Acar er ungdomskoordinator i Islamsk Råd Norge, og er sjølv student. Ho deler sine beste tips til studentar under ramadan.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar min første eksamen under ramadan, kor mykje eg grua meg til han, fortel Zeliha Kazmouz-Acar.

Ramadan er den islamske fastemånaden og starta i år 13. april. I 30 dagar skal dei som fastar verken ete eller drikke frå daggry til solnedgang.

Kazmouz-Acar studerer pedagogikk på Universitetet i Oslo og er styremeldlem i Islamsk Råd Norge. Ho fortel at å ha eksamen under ramadan kan vere stressande, og minnest at ho i starten brukte meir tid på å tenkje på maten og pausar enn på å fokusere på sjølve oppgåva.

– Mitt beste tips under eksamen når ein er fastande er at ein et riktig og blir mett på suhoor (om natta) og får seg nok søvn, skriv 29-åringen på e-post til Framtida.no.

Zeliha Kazmouz-Acar fortel at ho har vore student under ramadan i to-tre år. Foto: Bibi Fatima Musavi

Her er hennar beste råd etter å ha vore student under ramadan:

1 Balanse i kvardagen

– Prøv å ikkje ha ein timeplan med meir enn det du klarar i løpet av dagen. Hugs at når ein fastar er energien litt mindre, og det kan fort bli slitsamt i lengda.

Zeliha Kazmouz-Acar sitt aller første tips er balanse.

– Det må vere ein balanse i kor mykje du pressar deg i kvardagen din medan du fastar. Balanse mellom det spirituelle og lesing. Ramadan er den beste månaden med auka spiritualitet, og då kan ein lett miste motivasjonen til å vere aktiv student.

2 Rutinar i kvardagen

– Skriv ned kvar dag kva du skal gjere i løpet av dagen og kryss av, tipsar Zeliha Kazmouz-Acar.

Ho meiner rutine er vegen til sjølvdisplin og viktig for å halde motivasjonen oppe.

– Når ein har litt betre oversikt over dagen sin, vil ein kunne ha meir orden på kva ein skal gjere og eventuelt dele opp dagen.

Eit godt råd for å gode studierutinar under ramadan er å lage lister. Illustrasjonsfoto: Glenn Carstens-Peters, Unsplash

Ho anbefaler vidare at ein ikkje berre deler opp dagen i studium, resitering og bøn, men at ein utnyttar naturen, tek sovepausar, eller driv med ein hobby.

– Det blir sagt at den beste tida å lese på er etter far (første bøn, morgongry). Prøv ulike tider på døgnet, og ha litt variasjonar kvar dag (ikkje altfor store).

3 Lytt til deg sjølv!

Zeliha Kazmouz-Acar peikar på at det er ei litt ekstra vanskeleg tid med tanke på korona, sidan fellesskapet er noko av det viktigaste med ramadan.

– Men, hugs at korona no har gitt deg sjansen til å finne ut av ulike ting i livet ditt. Kvifor fastar ein eigentleg, eller kva vil ein oppnå med å faste 30 dagar? Det er ei gyllen moglegheit til å sjølvdisiplinere seg sjølv, sine vanar og rutinar. No kan du endeleg lytte til deg sjølv!

4 Godt kosthald

– Det er veldig viktig med riktig næring under ramadan, dette for at hjernen vår skal klare å ta imot all informasjonen når ein studerer. Feit mat vil gi deg ekstra tyngde og vanskar med konsentrasjon.

Kazmouz-Acar trekker fram at ein etter ramadan kanskje vil sitte att med heilt nye matvanar, som har vist seg å hjelpe på konsentrasjon og motivasjon. Ho minner igjen om å nyte naturen og gå turar slik at hjernen får frisk luft.

5 Skil bøn og studium

– Nyt tida di under ramadan, lag ditt eige hjørne for bøn og resitasjon. Kanskje du vil dekorere det med det finaste bøneteppet du har heime og med nokre lys og liknande, rår Zeliha Kazmouz-Acar.

Ho meiner indre ro vil føre til betre konsentrasjon. Ein bør ifølgje ho lage seg ein eigen plass til å studere i tillegg til bønehjørnet.

– Du vil fort merke at du vandrar mellom to verder sjølv om du er på same plass.

Slik såg Zeliha Kazmouz-Acar sitt bønehjørne ut i fjor. Foto: Bibi Fatima Musavi

Råd til ikkje-fastande

– Det er mange som trur at vi fastar for å svelte i 30 dagar, og er veldig på med mange spørsmål.

Kazmouz-Acar synest det er heilt innanfor å lure på noko, men anbefaler å google litt om faste og ramadan viss ein har muslimar rundt seg som ein omgåast.

– Ver heilt vanleg. Mange et ikkje ved sidan av dei som fastar for å vise respekt, men det er ikkje noko ein treng å anstrenge seg for, meiner ho.


Fakta

  • Namn: Zeliha Kazmouz-Acar
  • Alder: 29
  • Frå: Lørenskog, har tyrkisk bakgrunn
  • Aktuell med: Studerer pedagogikk på UiO samstundes som ho er styremedlem i ulike organisasjonar som Islamsk Råd Norge, moskeen og andre frivillige organisasjonar.