Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.05.2020 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre kjappe fakta om klesindustrien:

  • står for omlag 8% av alle menneskelege klimagassutslepp.
  • er den nest største forbrukaren av verdas vatn
  • forureinar hava med mikroplast

Klesproduksjonen har nesten dobla seg sidan 2000

Frå 2000 til 2014 har klesproduksjonen i verda blitt dobbel så stor.

Ein gjennomsnittleg forbrukar kjøpte omlag 60 prosent meir klede i 2014, enn hen gjorde i 2000. Samstundes tok me vare på kleda halvparten så lenge.

Ein reknar at klesfobruk vil stige med 63 prosent dei neste 10 år.

Mindre enn ein prosent av alle klede som blir produsert på verdsbasis, blir resirkluert.

Kjelde: McKinsey & Company, Global Fashion Agenda

Fleire kolleksjonar

I Europa gjekk moteselskap frå å tilby to kolleksjonar i året i 2000 – til fem kolleksjonar i 2011. Nokon har gått opp endå meir. Zara har 24 kolleksjonar i året, medan H&M har mellom 12 og 16 kolleksjonar i året.

H&M har omlag 12-16 kolleksjonar i året. Foto: H&M

Kjelde: European Parliament

Klede blir kasta i tonnevis

Omlag ein bostrailer full av klede blir brent eller dumpa på fyllingar, kvart einaste sekund.

Totalt er det 85% av tekstilar som blir kasta på fyllingane kvart år.

Talet på kor mange gonger eit klesplagg har blitt brukt, sunke med 36 prosent dei siste femten åra. I Noreg har me kleda våre i gjennomsnitt i 5,4 år. Kvart femte plagg blir aldri brukt.

Kjelde: United Nations Economic Commission for Europe (UNECE)World Resources Institute (WRI), UNEP«Klesforbruk i Norge» (2016)

Mikroplast

Vasking av klede, slepp ut omlag 500.000 tonn med mikrofiber i havet kvart år. Det er omlag like mykje som 50 milliardar plastflasker.

Mange av desse fibra kjem frå polyster, som finst i omlag 60% av alle klede og tøy. Å produsere polyester slepp ut to til tre gongar meir klimagassutslepp enn bommull, og blir ikkje brote ned i havet.

Ein reknar at vasking av syntetiske plagg som polyester, står for 35 prosent av all mikroplast i havet. Til saman reknar ein av mikroplast utgjer omlag 31 prosent av all plasforureining i havet.

Kjelde: UNEPEllen MacArthur FoundationGreenpeaceWRIIUCNIUCN

Klimagassutslepp

Klesindustrien utgjer 10 prosent av klimagassutsleppa i verda. Det er meir enn all internasjonal flyging og maritim frakt til saman.

Held det fram som i dag, vil klesindustrien stå for 26 prosent av utsleppa i 2050.

 Kjelde: UNEPEllen MacArthur Foundation

Vassforbruk

Klesindustrien er den nest største forbrukaren av vatn, over heile verda.

Det tek omlag 2700 liter vatn å produsere ei bomulls t-skjorte. Det er omlag åtte glas med vatn for ein person i minst tre og eit halvt år.

Det tek omlag 7600 liter å produsera ei dongeribukse. Det er omlag åtte glas med vatn for ein person i 10 år.

Foto: Cristofer Jeschke/Unsplash og Juanmak/Wikimedia

Desse er nemleg produsert av bomull, som krev svært mykje vatn å produsera. 20.000 liter vatn trengst for å laga ein kilo med bomull.

I Uzbekistan, brukte ein bomullsfarm så mykje vatn frå Aral-sjøen, at den tørka inn etter 50 år.

I 2015 åleine, brukte klesindustrien 79 milliardar kubikkmeter med vatn. Nok til å fylle 32 svømmebasseng på olympisk storleik. Ein ventar at det vil auke med 50 prosent innan 2030.

Kjelde: UNECEWRIUNEPBusiness Insider, Global Fashion AgendaWWF

Avfallsvatn

Farging og behandling av tøy står for omlag 20 prosent av den årlege vassforureininga i verda.

Ein fabrikkarbeidar fargar tøy med indigofarge ved Kofar Mata-fargedammar. Desse skal ha vore i bruk i over 500 år, ifølgje dei som jobbar der. Kano, nord i Nigeria 2015. Foto: AP Photo/Ben Curtis

Vassrestane frå desse prosessane vert ofte dumpa i grøfter og elver, som igjen påverkar dei som bur i nærleiken. Syntetiske stoff som viskose til dømes, blir laga med kjemikaliar som kan føra til helseproblem som hudforbrenning, paranioa, fødselsskadar og nyresvikt.

Kjelde: University Institute of Fashion Technology, Good on youCBC, The Guardian