Om ti år kan 8 prosent av verdas energi gå til datalagring

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du trudde kanskje du er éin miljøvinnar som berre les bøker på Kindle, strøymer musikk eller podcastar og ikkje printar ut noko. Men det er ikkje så lett.

All informasjon på nett er nemleg lagra og den lagringa skjer ikkje berre i ei sky. Informasjonen vert lagra på fysiske serverar, som krev energi – og masse av det.

Fram til 2020 har me produsert og lagra heilt enorme mengder data og tempoet berre aukar.

I 2018 hadde me lagra 33 zettabit, og innan 2025 kan datamengda ha auka fem gonger, til 175 zettabit. (Éin zettabit er ein trillion gigabit.)

Ifølgje Bloomberg står datasenter i dag for to prosent av verdas energibruk. Innan 2030 reknar ein med at slike datasenter vil stå for 8 prosent av verdas energibruk.

Tilsvarar utslepp frå flytrafikken

Tala er så store at det er vanskeleg å ha eit forhold til, men det er mykje.

Ifølgje Hewlett Packard Enterprise er det berre 6 prosent av dataen som er produsert som er i bruk i dag, noko som betyr at 94 prosent står ubrukt.

– Det kostar oss det same som å oppretthalda flyindustrien for data me ikkje ein gong brukar, seier Andrew Choi frå  Parnassus Investments ifølgje Bloomberg.

Innan 2025 er det venta at kvar person vil ha 5000 digitale overføringar dagleg, som vert éi om lag kvart 17 sekund.

Les også meininginnlegget om ein giftig venn: Han vil ha meg for seg sjølv og han kjenner meg såpass godt at han veit akkurat kva han skal gjere for å distrahere meg

Microsoft vil verte karbonnøytrale

Klimaavtrykket som følgje av nettbruken vår har fått større merksemd den siste tida.

Tidlegare denne månaden kom Microsoft med nyheita om at dei vil investera éin milliard i eit klimainnovasjonsfond. Målet er at selskapet skal verte karbonnøytralt i 2030. I same vendinga lanserte dei ein «berekraftskalulator», som skal hjelpa bedrifter å få oversikt over utsleppa frå it-systema sine.

Les meir: Sju tiltak for deg som vil bruke internett meir klimavenleg

Er du ein av dei som kan sitje for deg sjølv og sluke ein heil seriesesong i eit jafs? Sjå heller saman med ein venn eller to, så sparar du CO2-utslepp! Illustrasjonsfoto: Pixabay.com