Seks tips til deg som vil reparere kleda dine sjølv

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har bede Eva Kittelsen om å summere opp alt du treng å vite for å ta fatt på ditt neste (eller første) prosjekt.

Eva Kittelsen driv bloggen og nettbutikken MyVisibleMend. Foto: Privat

Kittelsen er ein røynd syar, og ho driv bloggen og nettbutikken MyVisibleMend.no. Der tek ho mellom anna føre seg konseptet synleg reparasjon, som du også kan lese meir om under punkt 5. 

1: Dette er basisutstyret

For å byrje å reparere, treng ein ikkje meir enn nål og tråd. Det er betre å byrje med det ein har, enn å la jungelen av materiale gjere dørstokkmila for lang, meiner Kittelsen. 

– Ofte er det berre ein tråd som har roke, ein knapp som har falle av eller eit hól som må lappast. Lappar kan ein lage sjølv av andre gamle klede eller restestoff. Til stopping kan ein bruke restegarn, eller til og med «stele» litt tråd frå innsida av ei lomme, eit opplegg eller liknande, skriv ho.

– Når det er sagt, finst det utruleg mykje utstyr som kan gjere det enklare og morosamare å reparere. Å bli litt kjent med ulike nåler og kva dei vert brukte til, er ein god stad å byrje.

Ulike typar nåler. Foto: Eva Kittelsen

Det finst ulike nåler til ulike stoff, trådar og teknikkar. Nåler med store auge er viktige viss ein har ein tjukk tråd. Avrunda tupp er praktisk viss ein vil sy mellom trådar i stoffet, og ikkje tvers gjennom det. Spisse, harde nåler og fingerbjørg er bra viss du syr i dongeri. Med lange nåler er det lettare å stoppe, fordi ein kan «veve» større strekk om gongen, men viss ein broderer, er det kjekt med litt kortare nåler som det går fortare med når ein berre syr eitt sting om gongen, skriv Kittelsen. 

– Den enklaste måten å lære skilnaden er å teste. Då kjenner ein kva som verkar best!

2: Bli kjent med stoffet

Dei alle fleste tekstilane vi brukar, er anten vevde eller strikka. Sokkar, ullundertøy, tjukke gensarar, treningstights og strømpebukser er eksempel på strikka plagg. Skjorter, jeans og jakker er stort sett vevde, fortel Kittelsen.

Dei fleste tekstilane vi omgir oss med, er anten vevde (til venstre) eller strikka (til høgre). Foto: Jeremy Bezanger/Olga Kozachenko via Unsplash.

Når ein skal reparere eit plagg, er det lurt å matche materialet ein reparerer med, med materialet i plagget. Det vil seie å bruke tynne trådar og lappar til tynne stoff, tjukke til tjukke, elastiske til elastiske, og så vidare. 

– Skal du lappe noko tynt og vil ha eit skikkeleg solid område, er det betre å bruke fleire tynne lappar som du bygger opp i ulike storleiker, enn å ha ein tjukk, stiv lapp på eit tynt, elastisk stoff – då vil det tynne stoffet truleg ganske fort gå i sund rett over eller under lappen, skriv Kittelsen.

3: Stopping

Stopping er kjent som noko ein gjer på strikka materiale, men kan også brukast på vevde klede.

– Ofte når ein byrjar å reparere, snurpar ein igjen eit hól, men som oftast vil ein få eit finare og meir haldbart resultat ved å stoppe det. Då lagar ein fyll i staden for å dra eit allereie slite stoff endå meir saman.

Stopping gjer ein ved å veve tråden fram og tilbake. Foto: Eva Kittelsen

Ein stoppar eit hól ved å sy over det med vertikale trådar, og så veve inn horisontale trådar i desse. Ein annan metode er å sy med tungesting eller maskesting.

– Stopping kan gjerast på hól, men ein kan òg vere føre var og forsterke slitne område før det går hól. Har du ein god strikkegenser, kan du til dømes sy som om du stoppa på innsida av albogene. Då blir det heilt usynleg, og genseren held mykje lenger, skriv Kittelsen.

4: Lapping

– Det finst mange lappar ein kan kjøpe, men kvifor kjøpe når du kan lage sjølv? Ofre éin ullstillongs for å lage lappar til alle dei andre; bruk ein einsam, sliten sokk som forsterking inne i ei joggebukse, eller bruk restar frå syprosjekt, føreslår Kittelsen.

Syr ein for hand, anbefalar ho å bruke limpenn for tekstil eller sikkerheitsnåler for å halde lappen på plass. Brukar ein symaskin, er vliesofix praktisk å bruke.

Viss ein vil dekorere ekstra, kan ein lappe med dekorative strykemerke. Også her kan ein vere føre var og lappe innsida av eit plagg før det har gått hól. Det gjer plagget meir haldbart utan at det ser reparert ut. 

– Skal ein lappe eit hól, er plagget som oftast slite langt utanfor hólet, så eit godt råd er å sette ein lapp på innsida først for å forsterke alt det slitte, og heller ha ein mindre lapp eller eit strykemerke utanpå for å dekke til hólet, skriv Kittelsen. 

5: Reparasjon kan vere kreativt

Lapping og stopping treng ikkje berre handle om skadekontroll. Tvert imot kan det vere ganske trendy. Både antikapitalistiske hipstarar og store motehus har omfamna såkalla synleg reparasjon, påpeiker Kittelsen.

– Synleg reparasjon har vorte eit globalt fenomen. I fjor kunne ein kjøpe både cardigans og hettegensarar med stopping og lapping frå Ralph Lauren, skriv Kittelsen.

– Å gjenbruke og reparere gamle plagg og materiale er arbeidsintensivt og difor også gjerne dyrt. Når det ikkje vert utført av ulønna husmødrer, vert det couture og kunst. 

Ved å reparere kleda på ein synleg måte, kan dei få ny verdi, meiner Eva Kittelsen. Foto: Eva Kittelsen

Då det byrja å bli populært som ein hobby, var det først og fremst tekstilkunstnarar som reparerte med tradisjonelle teknikkar, men brukte kontrastfargar i staden for å prøve å gjere det så diskret som mogleg, slik det skulle vere før. Kontrastfargane gjorde at arbeidet som har vorte gjort i årtusener plutseleg vart synleg, fortel Kittelsen.

Inspirasjonen er særleg henta frå Japan. Der har ein lange tradisjonar for å verdsette reparasjon av tekstilar og ting. Mellom anna har japanarane teknikken kintsugi, som handlar om å reparere porselen og keramikk med gull. Det gjer at gjenstanden får større verdi enn då han var ny. Filosofien Wabi-Sabi handlar om å finne skjønnheit i utvikling, det uperfekte og forfall.

Teknikken kintsugi handlar om å reparere keramikk på ein synleg måte, for å framheve historia til gjenstanden. Foto: Motoki Tonn/Unsplash

– Å gå med synlege reparasjonar er for mange som å gå med ein medalje eller eit heidersmerke. Før reparerte ein som regel fordi ein ikkje hadde råd til anna. No reparerer mange fordi dei har vorte medvitne om problema med overforbruk og ønsker å gjere ein innsats for å ikkje bidra i forbruksmaskineriet. 

– Når ein kan reparere synleg, kan ein også få utfalde seg kreativt, og det som for mange var ei kjedeleg plikt har vorte ein morosam hobby! 

Kittelsen meiner at synleg reparasjon er ein måte å ta eigarskap over kleda sine og forbruket sitt på, og vise for seg sjølv og andre kva verdiar ein har, samstundes som kleda vert unike og får eit personleg preg.

– Mange som byrjar med det, vert hekta. Det gir meistringskjensle, og ein vert meir glad i kleda ein allereie har. Det ein tar vare på, vert ein glad i, og det er ein glad i, tek ein vare på. Reparasjon legg eit grunnlag for større respekt og takksemd for det vi har, ressursane som er brukte og menneska som har laga dei, skriv ho.

6: Prøv – Du har lite å tape!

Eva Kittelsen meiner at synleg reparasjon kan vere eit heidersmerke. Foto: Privat

– Fordelen med reparasjon er at det ein reparerer, allereie er øydelagd, så ein har lite å tape på å prøve! Er det eit dyrt plagg eller eit med høg affeksjonsverdi, kan det vere lurt å få hjelp av nokon ein kjenner, eller ta det til ei systue eller ein skreddar, skriv Kittelsen.

Reparerer ein for hand, går det sakte nok til at ein kan gå nokre sting tilbake og prøve på nytt viss ein gjer feil.

– Som med det meste anna, vert ein betre jo meir ein prøver, og det er mykje ein kan lese seg opp på. Det som er både utfordrande og gøy med reparasjon, er at kvart plagg og kvar skade er litt forskjellig og kan fiksast på mange ulike måtar, særleg når det også kan vere synleg og kreativt! skriv Kittelsen.

Reparasjon kan også vere så enkelt som å klistre ein nylonlapp på eit hól i ei dunjakke eller spraye tekstilmåling på ei flekkete t-skjorte. 

Det finst mykje inspirasjon og kunnskap å hente i sosiale medium, på nettsider og i bøker, skriv Kittelsen. Ho har sjølv starta ei eiga Facebook-gruppe med over 5.000 medlemmer. Ho viser også til Naturvernforbundet si reparasjonsside, Ta vare på det du har.

Bonustips: Sjå etter naturmateriale i klesbutikken

Før i tida vart klede laga for å bli slitne. Nye klede var ofte stive, men med bruk og vask vart dei mjukare og meir behagelege. No er tekstilar ofte førehandsbehandla for å gjere dei mjuke, men med det går også haldbarheita ned.

– Det at vi handlar masseproduserte klede, gjer òg at kleskjedene er avhengige av polyester. Klede vert laga til ein gjennomsnittskropp som ikkje finst, men med syntetiske materiale vert kleda elastiske, slik at dei kan brukast av fleire kroppar, skriv Kittelsen.

– Dårleg passform er ein av hovudgrunnane til at vi har høg rotasjon i klesskapa våre. Dei fleste av oss går rett og slett rundt i klede som eigentleg ikkje passar og vi ikkje føler oss vel i. Mange av oss veit kanskje ikkje eingong korleis det kjenst å ha på noko med god passform!

Ho meiner at det beste er å kjøpe eller sy klede av materiale utan polyester, og investere litt tid i å finne eller tilpasse så du får ein god passform.

– No for tida er dei fleste klede i blandingsmateriale – altså naturfiber blanda med syntetiske stoff. Syntetisk materiale er oljebasert og varar lenge, er billig og enkelt å jobbe med under produksjonen. Difor er det veldig utbreitt. Så mykje som 60 prosent av materiala i kleda som vert produserte no, er plast. Når plast vert blanda med naturfiber, gjer det at det er veldig vanskeleg og ulønsamt å gjenvinne stoffet, og det vert som oftast til søppel som ikkje vert brote ned, men lekker mikroplast og kjemikaliar ut i grunnvatn og hav.

Syntetisk materiale luktar meir og pustar dårleg, skriv Kittelsen. Det kan gjere kleda klamme og ubehagelege. I tillegg til at plasten lekker ut under vask, skiller klede og tekstilar òg ut mikrofiber under bruk. Forsking frå dei siste åra viser at det kan vere helsefarlig å puste desse inn.

– Trass i alt dette er syntetiske stoff i ferd med å bli kategoriserte som meir miljøvenlege enn naturfiber, fordi dei er mindre belastande for miljøet under produksjon. Vi står i fare for ei massiv grønvasking frå bransjen som gjer at dei kan framstå som miljøvenlege og spare pengar på produksjon av plastklede, skriv Kittelsen. 

Plagg av 100 prosent ull, silke, lin, bomull eller viskose krev meir vedlikehald enn blandingsstoff eller polyester. Dei må kanskje vaskast på ulike måtar, dei kan krympe i vask og vert ofte slitne fortare – men til gjengjeld er dei nedbrytbare.

– Klede i naturmateriale vert gjerne slitne på ein ganske fin måte. Ein kan seie at dei får patina, i motsetnad til syntetiske stoff som er vanskeleg å få fine igjen når elastanen først har begynt å morkne og tittar ut mellom alle fibra i den elastiske buksa, skriv Kittelsen.

Men ho legg til at klede i naturfiber også kan ha lange liv. Sjølv har ho ei ullkåpe og ein ullgenser frå 70-talet som ho har brukt i 10 år.


Unge menn og unge kvinner kan lære seg å reparere eigne klede ved å vere med i fikselaug. Det er bra for både lommeboka og miljøet. Foto: Tove K. Breistein / Norges Husflidslag