Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har tidlegare skrive om miljøvinsten ved å bruka klede lenger, og korleis «fast fashion» påverkar planeten.

Men kva er eigentleg triksa for å kutte forbruket og ta vare på plagga ein har, slik at ein ikkje treng gå på H&M for å kjøpe nytt?

Det er fire R-ar som kan hjelpa deg: Reduce, Reuse, Repair, Recycle. Altså: reduser, «rebruk» (bruk på nytt), reparer og resirkuler.

Her kjem Tekstilaksjonen sine tips:

REDUCE – Reduser

Rydd i klesskapet! Truleg har du klede og tekstilar du hadde gløymt at du hadde, så kanskje treng du ikkje kjøpe noko i det heile tatt? Kva er det du faktisk treng?

Kjøp klede som passar deg! Du rekk truleg ikkje å sy inn, sy ut, sy ned, eller sy opp, så sørg for å kjøpe klede som passar deg utan at du må gjere noko med det. Det same gjeld for andre tekstilar – kjøp det slik du vil ha det! Og kjøp heile klede slik at levetida blir lengst mogleg. Du treng ikkje å kjøpe buksa som allereie har hol.

Brukte klede: Har du sjekka alle dei fine bruktbutikkane, nettsidene og app-ane som sel brukte tekstilar? Det er mange som har gjort «bomkjøp», eller som ikkje lenger kjem inn i kleda sine. Her kan du finne mykje gull til ein langt rimelegare pris!

Kjøp god kvalitet på basisplagga! Det er ikkje alltid lett å vite kva som har god kvalitet når ein kjøper tekstil, men spør i butikken. – Kor mange vask vil plagget tåle? – Kva om tekstila ikkje held seg fine, kva har eg krav på? Reklamasjonsrett gjeld også for klede!

Klede som ikkje ser skitne ut, men som kanskje berre luktar litt, kan ofte berre hengast ut og bli reine på den måten. Illustrasjonsfoto: Jason Briscoe/Unsplash

REUSE – Bruk på nytt

Bruk kleda og tekstilane dine på nye måtar! Miks og match er på moten, og eigen stil er kult. La deg inspirere av dei som har ein stil du likar.

Swap! Bytelån med ein ven! Vener har jo ofte så mykje fint. Kanskje kan du låne kjolen, duken eller teltet? Eller kva med ein bytekveld? Det er supersosialt og ein fin måte å fornye klesskapet og putene på!

Kvifor eige når du kan leige? Du kan leige kjolar, dressar, telt, turtøy og mykje meir. Det er bra for lommeboka, du har meir å variere med og det er bra for planeten.

Når det kjem til vedlikehald har vi også mange gode råd. Visste du forresten at vi i Noreg ligg på topp når det kjem til talet på vaskar og kor mange grader vi vaskar kleda våre på?

Luft kan også reingjere! Klede som ikkje ser skitne ut, men som kanskje berre luktar litt, kan ofte berre hengast ut og bli reine på den måten. Det gjeld særleg klede i ull. Har du plass i frysaren, kan det også fjerne lukt frå tekstilar.

Les på vaskelappen! Følg rettleiinga på vaskelappen og bruk så lite såpe som mogleg. Skyljemiddel kan du i dei fleste tilfelle droppe heilt. Syntetiske tekstilar lukter faktisk verre med skyljemiddel.

Treng du råd om kva dei ulike vaskesymbola betyr, sjekk denne artikkelen hos Din Side.

Fjern flekken så fort du kan! Dersom flekken har site på ei stund blir den vanskelegare å få av!

Ikkje legg det våte, skitne tøyet i vaskekorga! Våte handklede, sveitt treningstøy og andre fuktige tekstilar stinkar dersom du ikkje vaskar det med ein gong, eller heng det slik at det får lufta seg.

Heng klede og tekstilar på tørkestativet! Tørketrommel slit mykje på tekstilet, tekstilar kan krympe og trommelen brukar mykje energi.

Knappar og små hol er lett å reparere sjølv, med nål og tråd. Illustrasjonsfoto: Kris Atomic/Unsplash

REPAIR – Reparer

Nål og tråd er eit enkelt «save the planet-kit»! Om du ikkje har det sjølv, kan du sjekke med foreldre eller besteforeldre. Knappar og små hol er kjempelett å reparere sjølv. Søk på nettet og sjå korleis du skal gjere det, om du har gløymt det.

Og har du sjekka om det er finst ein skreddar i ditt nærmiljø?

Ta med tekstilet til butikken eller send det til produsenten! Det er mange butikkar som tilbyr reparasjon, eller som har avtale med skredderarar og skomakarar til dømes.

Du kan selje eller vi vekk klede du ikkje lenger brukar. Illustrasjonsfoto: Clem Onojeghuo/Unsplash

RECYCLE – Resirkuler

Klede og tekstilar er perfekt arvegods! Det er ikkje berre born som gjerne arvar. Naboar, vener, familie – mange synest det er morosamt å arve klede og andre tekstilar.

Gi til Fretex eller UFF eller andre som samlar inn tekstilar! Dei tek i mot alt – også det som ikkje kan brukast lenger. Sørg for at det er reint og tørt – og knyt posen ordentleg att.

Sel det vidare. Det er fleire nettsider og app-ar der du kan selje tekstilane dine.

Øydelagde og utslitte tekstilar? Også dette kan leverast til innsamling. Vask det reint og sørg for at det er tørt når du legg det i ein pose og leverer det inn. Skriv «tekstilavfall» på posen, og lever til Fretex, UFF eller andre.

Ifølgje Ingrid Vik Lysne (28) treng det ikkje vere så vanskeleg å justera storleiken på bruktplagga du finn. Foto: Privat

Kjelder: BergansBergans 2H&MPierre RobertIngun Grimstad Klepp og Tone Skårdal Tobiasson: «Lettstelt. Rene klær med lite arbeid og miljøbelastning.»