Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019

– Me må verkeleg lære oss å tenke annleis, seier forskar Carlo Aall. Han har ikkje trua på at vi kan vente på teknologien for å redde klimaet, og vil heller at kvar enkelt person kuttar i sine utslepp.

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 13.10.2019 20:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Privatpersonar kan kutte i sine utslepp i tre trinn, forklarar Aall, som jobbar ved Vestlandsforsking. Dess fleire trinn du tek, di mindre vert utsleppa dine.

  1. Effektivisering

Ein kan effektivisere dei hjelpemidla ein allereie har, slik at dei vert meir klimavenlege. Døme: Å bruke el-bil i staden for bensinbil.

2. Endre forbruksmønster

Deretter kan ein kan endre måten ein gjer ting på og finne andre alternativ. Døme: Å ta buss i staden for bil.

3. Kutte

Om klimareknestykket skal gå opp, må ein gje slepp på nokre ting. Døme: Å reise mindre.

Les også: Få nordmenn vil fly mindre for å redde miljøet

Hamburger og fly har blitt symbolet på velstand

– Hamburger og flyturar har globalt blitt symbolet på velstand. Men det er ikkje sjans til at vi klarar ei effektivisering som gjer at alle på kloden kan leve som oss her i Vesten! No begynner Asia å følge etter oss i kjøttkonsum. Vi har sett eit dårleg eksempel før, og no må me setje eit godt eksempel ved å redusere vårt eige klimaavtrykk, seier han.

Aall brukar fire ord for å forklare kvar utsleppa til enkeltpersonar er størst: Biff, bil, bustad og boeing (fly). Lever du eit nokolunde gjennomsnittleg liv, står kvar post for ein fjerdedel av utsleppa dine.

Du kan altså kutte halvparten av utsleppa dine i 2019 ved å slutte å ete kjøt og reise på andre måtar enn med fly.

– Gjer du noko med biffen og boeingen har du kome langt, seier Aall.

Les også: Tre av ti vil ete mindre raudt kjøtt

Kva bør ein ete?

Hamburger

Er du villig til å gje slepp på hamburgeren for klimaet sin del? Foto: Pixabay

Det er betre å ete grønsaker enn fisk, og det er betre å ete fisk enn kjøt, ifølge Aall.

Mellom kvar av dei tre trinna aukar utsleppa med ein 10-ar potens – det er altså ti gonger betre å ete fisk enn kjøt, og hundre gongar betre å ete grønsaker enn kjøt.

Men hugs at ulikt kjøt har ulikt utslepp. Storfekjøt og sau har størst utslepp, kylling og gris står for minst.

Kor mykje bør ein reise?

– Me har vent oss til at kven som helst kan reise kor som helst når som helst, seier Aall.

Han meiner ein verkeleg må tenkje gjennom om ein reise, eller om det finst alternativ. Sjølv held han mange føredrag over Skype, for å sleppe å reise over lange avstandar for å halde korte føredrag.

– Ein gong vart eg spurt om å reise til Svalbard for å snakke i 15 minutt. Attpåtil skulle føredraget vere om korleis å kutte utsleppa sine. Folk ser jo ikkje ironien!

Les også: Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

Carlo Aall

Carlo Aall er forskar ved Vestlandsforsking, og meiner kvar enkelt må ta ansvar for sine utslepp om me skal unngå klimakrise. Foto: Vestlandsforsking

Nordmenn flyr 1000 prosent meir enn for 20 år sidan

Aall etterlyser meir kreative feriar. Fly er ein versting i folk sitt forbruk, og nordmenn er blant dei som flyr mest. Nordmenn flyr 1000 prosent meir no enn for 20 år sidan.

Aall meiner nøkkelen til meir miljøvenlege feriar er å bruke meir tid på sjølve reisinga, og ikkje berre sjå på det som ein transportetappe.

– For nokre år sidan tok eg og familien tog heile vegen frå Sogndal til Roma. Vi brukte to netter på tog, og var til saman på tur i tre-fire veker. Det er framleis den ferien ungane hugsar best, seier Aall.

Trur ikkje me har god nok tid

– Kor mykje kan eg fly og kor mykje kjøt kan eg ete med godt samvit i 2019?

– Det finst det to svar på: enten jævleg lite, eller så kan du halde fram som før. Det kjem an på kva du trur på av teknologi, svarar Aall.

Med det meiner han teknologi som «støvsyg» CO2 frå atmosfæren og dyttar den ned i bakken igjen.

– Men om ein ser tilbake i tid, og ser kor lang tid me brukte frå me fann opp mobiltelefonen, til at alle har teke den i bruk og kvitta seg med fasttelefonen, så trur eg ikkje den teknologiske løysinga kjem tidsnok.

Han meiner derfor at reduksjon av eigne utslepp, gjennom å redusere forbruket, er den einaste trygge løysinga.

– Me kan ikkje satse berre på teknologisk fiks, seier han.

Les også: Australia: Storstreik for klimaet

Alle må dra lasset, saman

Eit forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking viste at folk må halvere utsleppa sine før 2030 om ein skal nå 1,5 graders-målet til FN.

– Og hugs at reduksjonen av forbruk gjeld alle, ikkje berre «den grøne familien i gata».

Vestlandsforsking har ein eigen kalkulator der du kan rekne ut utsleppa dine for 2018, og få tips til tiltak du kan gjere for å kome nærare bærekraftnivå i 2019.

Les meir om forskingsprosjektet og klimaspelet her: – Du har større klimafotavtrykk enn du trur

Har du planar om å kutte dine utslepp i 2019?

Har du planar om å kutte dine utslepp i 2019?

Sjølvsagt, eg er i gong!87
Nei, ikkje mitt ansvar 19
Tja, eg kan jo prøve25
Seff! Men må ha bacon29
Svar totalt: 160