Kristina Kassab Liland
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utilstrekkeleg om klimakampen skal vera opp til kvar enkelt

I sommar la MDG-leiar Une Bastholm ut eit Instagram-innlegg der ho smiler jovialt til kameraet med tursekken på ryggen og toget i bakgrunnen.

I innlegget skriv ho at det burde vera billigare å ta toget enn å fly og spør oss om me, lesarane, er einige.

Dei fleste i kommentarfeltet er derimot meir opptekne av bagasjelappen frå Widerøe som heng og sleng på tursekken til Bastholm.

Bastholm forklarte til Nettavisen at Widerøe-lappen sannsynlegvis vart festa på under ein flytur til Finnmark ein gong i tida – ho har berre halde fram med å (gjen)bruka han som ein praktisk namnelapp.

I klimakampen er ingen perfekte, ikkje ein gong leiaren i det norske miljøpartiet. 

Helgen eller syndar

Leiar av Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. Foto: Terese Samuelsen/Framtiden i våre hender.

For dei som brøler høgst for klimaet er fallhøgda stor. Då Gretha Thungberg valde å segla til New York i staden for å fly for å delta på klimatoppmøtet i 2019, fekk ho kritikk ettersom mannskapet som skulle segla båten tilbake til Europa uansett måtte fly for å koma seg over Atlanteren.

Er ein oppteken av miljø, må ein altså ikkje ha for mykje CO2 på hendene.

– Det er veldig få andre saksfelt der det vert stilt like strenge krav. Du kan jo vera helsepolitikar og røyka, fortel leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. 

Fire gongar for høgt norsk fotavtrykk

Riise har skrive boka Mitt klimaregnskap som ved fyrste augekast verkar å vera ei sjølvhjelpsbok for å leva berekraftig og ta dei riktige vala når det kjem til eige forbruk.

I boka nyttar Riise eit excel-ark for å føra rekneskap over alt ho har konsumert haustsemesteret 2020 og målar eit omtrentleg klimagassutslepp av livet sitt det siste året.

I dag har den gjennomsnittlege nordmannen eit klimaavtrykk på 11,1 tonn CO2 i året.

Dersom verda skal nå målet for Parisavtalen om å avgrensa temperaturstigninga på kloden til 1,5 gradar innan 2030, treng alle å gjera ein innsats, men spesielt nordmannen treng å ta seg saman.

Det har seg nemleg slik at for å nå Parisavtalen sine mål kan dei gjennomsnittlege utsleppa per person ikkje overstiga 2,5 tonn CO2.

For å setta det i perspektiv: Den gjengse nordmannen har eit fotavtrykk som er over fire gongar så høgt. 

– Eg og kjærasten min var opptekne av at prosjektet ikkje skulle gå utover korleis me lever saman. Eg tok ein båttur til Danmark, og ein og annan tur i fossibil, og levde heller ikkje fullstendig vegansk, fortel Riise og held fram:

– Eg kunne gått endå lenger, men eg hadde lyst til å finna ut kor langt eg kunne gå samstundes som eg lever det som for meg er eit godt liv.

Vekesbudsjett

Ei veke i tråd med Parisavtalen sine mål handlar om å leva innanfor eit klimabudsjett på 52 kg CO2. Turen til Danmark skulle gå med tog, men sidan korona herja førre haust vart det Danmarksbåten i staden for. Berre den eine ferjeturen bort stod for 128 kg CO2 og sprengde dimed vekesbudsjettet til Riise.

Boka til Riise er stappa med informative krusedullar av illustratør Sveinung Sudbø, t.d. desse her som viser ulike drikker og klimaavtrykket deira. Illustrasjon: Sveinung Sudbø

Men likevel klarte ho å kutte utsleppa sine på transportfronten med tre fjerdedelar, fortel ho:

– Eg gjekk, sykla og tok kollektiv i kvardagen, og då var ikkje den turen med Danmarksbåten så galen. Det var også rom for at eg kunne leiga elbil, dra rundt omkring i Noreg, opp til Otta og Åndalsnes. Eg vart positivt overraska.

Lommebok og politikk

Eit viktig poeng, fortel Riise, er at det å overvaka sitt eige forbruk og vera så flink som mogleg ikkje er nok i klimakampen.

Vert ein for oppteken av kva det vil seia å leva mest mogleg berekraftig, kan ein fort kjenna seg apatisk. Kor mykje er nok? Kor mykje kan det vesle eg gjer bidra til i det store og heile?

– Nokre politikarar har lagt ned maksimale fartsgrensar på vegane av omsyn til liv og tryggleik, og det er veldig få av oss som opplever det her som ekstremt inngripande. Me manglar det der sikkerheitsnettet i klima- og miljøpolitikken, seier Riise og slår fast:

– Når det blir opp til kvar enkelt å fatta dei best moglege vala til einkvar tid, kjem me ikkje til å klara å ta vare på planeten vår så raskt som vi treng no.

Med andre ord er det ikkje berre du som har ansvar for klimarekneskapet ditt, men politikarane sit også med eit stort ansvar.

På fleire område er det politikk som dreg oss i feil retning – til dømes er det billigare å fly enn å ta tog.

Forbrukarmakt og den kvardagslege klimakampen

Riise ynsker ei regjering ein som gjer dei klimavennlege vala enklast og billigast, og eit hovudpoeng i boka er at det å gå saman kan føra til store endringar.

I boka finn ein fleire døme på at kombinasjonen av forbrukarmakt og politisk organisering er eit springbrett til endring, som til dømes med palmeolja.

Riise fortel at ho har skrive denne boka fordi så mange unge er opptekne av kva ein sjølv skal gjera og kva val ein skal ta i kvardagen.

Ho er likevel oppteken av å seia til ungdommen at dei ikkje skal slita seg sjølv ut og at ein ikkje bør vera aleina i den kvardagslege klimakampen.

– Ikkje prøv å få til alt på alle område, men vel ut nokre ting som er viktige for deg. Om du er student, bli med i ei studentforeining. Gjer endringar på arbeidsplassen, meld deg inn i eit parti, ein organisasjon – her finst det mange moglegheiter, seier ho og held fram:

– Men for all del, ikkje bli sitjande åleine med det! Då er det fort gjort å bli apatisk, og det er det siste me treng.

– Klima handlar om korleis me lever liva våre

Forbrukarfikseringa i klimakampen lurer ein til å tru at lommeboka er det viktigaste politiske verktøyet ein har i kampen mot klimaendringene, men ein slik form for klimakamp kan fort verta ein einsam kamp.

Og korkje Une Bastholm eller Greta Thunberg klarer å leva opp til dei skyhøge standardane me som samfunn har sett for at ein skal kunne kalla seg sjølv klimamedviten.

– Eg trur at klima handlar om korleis me skal leva liva våre, noko som gjer at folk kjenner seg sårbare og fort går i forsvarsposisjon eller angrep. Men det gjer det også lettare å gå etter person i staden for sak, seier Riise.

Kanskje forbrukarfikseringa har litt skyld i at me heng oss opp i bagasjelappen til Bastholm. Tenk så deilig å letta litt på eigen klimaskam ved å peika på ein annan!

Sjølv har Riise ofte vore forsiktig med å seia at ho er vegetarianar for å unngå respons i form av «men skoa dine er jo i skinn».

– I slutten av boka prøver eg veldig å lyfta fokuset vekk frå den individuelle klimakampen til strukturane – fordi det er strukturane som må endrast og det er utilstrekkeleg klimastrategi om klimakampen berre skal vera opp til kvar enkelt av oss.

Foto: Tingey Injury Law Firm, Matt Palmer, Patrick Hendry, William Bossem/Unsplash.com, kollasj Framtida.no