Dette bør du sjekke dersom du kjøper friluftsutstyr brukt

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.04.2022 10:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det aller, aller meste kan du finne brukt. Spesielt alt av gjenstandar og harde ting går det fint an å kjøpe brukt. Sameleis med alt av klede, for det kan du òg enkelt reparere, seier DNT ung-leiar Anna Nes. 

Ho fortel at det einaste ho er skeptisk til å kjøpe brukt innan friluftssjangeren er klatretau og selar, for om det har vore oppbevart feil, så kan det gå ut over tryggleiken.

Her er hennar beste tips til kva du bør sjekke når du kjøper friluftsutstyr brukt: 

Ski ⛷

1: Er skia riktig lengde og breidde til ditt bruk? Skal du gå mykje utanfor løype kan det vere lurt å undersøke om skia har stålkant. Nokre ski har også eit spenn tilpassa ei viss vekt, så dette kan vere lurt å undersøke.

2: Om ein allereie har skisko så må ein undersøke om bindingen passar til den skoen du har. Bindingar kan byttast, men då vert det fort dyrare og meir jobb.

3: Er det mange riper i skia? Nokre riper må ein rekne med i eit par ski. Små riper og hakk kan ein sjølv fikse ved å glide skia, dei forsvinn ikkje, men ein jamnar ut overfalta. Det kan du gjere med glide frå ein sportsbutikk og eit gammalt strykejarn. Større riper kan også verte fiksa, men då bør dei verte leverte inn til nokon som kan det og har skikkeleg utstyr.

Telt ⛺️

1: Det er viktig å tenke over kor teltet skal verte brukt, av kor mange og kva årstid. Det avgjer kva telt som passar til ditt bruk.

2: Telt som har rifter, hol eller skadar med bardunar og glidelåsar kan framleis verte brukt, men bør verte reparert. Dette kan lappast og syast sjølv. Mange produsentar er også veldig behjelpelege med å fikse sine telt, dersom ein sender dei inn med skadar.

3: Ein bør også spørre om teltet har lege lenge nedpakka medan det har vore vått. Det kan gje fuktskadar og mugg på teltet.

Sovepose ?

1: Når skal du sove ute? Om du skal bruke posen på vår/sommar/haust held det som regel at komforttemperaturen ligg på 0-5 grader. Om du er redd for at posen er litt for kald, så kan ein legge ein lakenpose/liner inne så aukar varmen.

2: Hol i soveposar bør tettast, fordi dun og vatt fort finn vegen ut av holet. Det bør verte gjort med skikkeleg lappeutstyr eller syast. Gaffateip kan lage stygge merker og øydelegge meir når en tek det av.

3: Har posen lege fuktig pakka saman? Det kan leie til mugg og ubehageleg lukt. Soveposar kan verte vaska, men då må ein passe på at ein følgjer vasketilvisninga nøye.

Turkle ?

1: Ver obs på hol og rifter. Som regel kan ein fikse dette lett sjølv ved å sy eller bruke lappeteip.

2: Vasstette klede bør verte impregnerte for at det skal halde vatn ute.

Tursko ?

1: Prøv også skoa med den type sokk du går på tur med, så vert det mest realistisk.

2: Sko bør jamnleg verte impregnerte. Vask skoa med ein klut eller noko, og gå over med skokrem eller impregneringsspray. Då held dei lenger.

Sekk ?

1: Ein tursekk må passe til både formålet med turen og kroppen din. Går ein dagsturar treng ein altså ikkje ein sekk på 65 liter, men det held med ein 20-40 liter.

2: Rygglengda på sekken må passe til din rygg for at den skal vere behageleg å bere og at du ikkje skal få skadar. Mange nyare sekkar kan justere rygglengden. Berestroppane skal ligge inntil skuldra, og ikkje stikke opp som bøylar. Gjer dei det må du justere sekken ned eller innsjå at den er for lang i ryggen.

Stormkjøken ?

1: Undersøk at alt av delar er med og er heile. Du bør sjekke om alle delar som leier gass er tette. Om det lek gass må det verte reparert. Dette kan ein prøve på sjølv med hjelp frå YouTube eller berre sende inn til produsenten for reperasjon.

2: Panner, kjeler og gryter er fint å ha brukt, men undersøk om det er rusta eller liknande. Har dei ein bulk fungerer dei nok like godt som utan!


Anna Nes er leiar i DNT ung. Foto: DNT