Utdanningsdirektoratet skal vurdere om eksamen skal skrotast for godt

Utdanningsdirektoratet skal prøve ut fleire alternativ til eksamen. Fleire meiner det er på tide å skrote eksamen slik han er i dag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsdirektoratet jobbar no med å tilpasse eksamen til fagfornyinga og dei nye læreplanane, som kom i 2020.

– På litt lengre sikt vil direktoratet òg prøve ut alternativ til dagens eksamen, seier Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør for læreplan vidaregåande opplæring, til Aftenposten.

Direktoratet vil vidare setje i gang forsking på korleis eksamen fungerer i det norske skulesystemet.

Elevar opplever mindre stress

For tredje år på rad vart eksamen også i år avlyst – for både 10.-klassingar og avgangselevar på vidaregåande – på grunn av pandemien med mykje heimeskule.

Professor og vurderingsforskar Tony Burner på lærarutdanningane ved Universitetet i Søraust-Noreg, meiner nettopp pandemien har gjort det mogleg å sjå at det går an ikkje å ha eksamen.

– Mange lærarar meiner dei får meir tid til undervisning og undervegsvurdering når eksamen vart avlyst. Og mange elevar har opplevd mindre stress, seier han.

Norsk Lektorlag er likevel meir skeptisk. Leiar Helle Christin Nyhuus meiner eksamen er ei viktig brikke i eit heilskapleg vurderingssystem, men seier at dei er med på å diskutere korleis eksamen kan tilpassast dei nye læreplanane.

Kollasj: Framtida.no. Foto av: Kim Thoresen-Vestre (SV) som er misnøgd med dagens lov. Skjermdump/Privat/Gjennestad VGS