«Avlys eksamen, no!»

Victoria Elisabeth Andal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Eksamen burde på same måte som i fjor, bli avlyst. 

Då landet stengte ned i desember, og vidaregåande blei raudt jamført trafikklysmodellen, blei rutinane heilt annleis.

Vi som går vidaregåande fekk nesten eit heilt semester som var innanfor normalitetens grenser, men no er vi ikkje i normaliteten lenger.

Dei aller fleste elevar på vidaregåande har i løpet av to år no, hatt ein skulegong der ein går ut og inn av karantene. 

No ser vi smitterekordar kvar dag, og smitten sprer seg ekstremt fort.

Dei fleste av oss er vaksinerte, men det hindrar ikkje smitten. Karantenereglane endrar seg stadig, informasjonen er dårleg og hurtigtestane dyre. 

Eg trur ikkje majoriteten av elevane er redde for Covid når ein er fullvaksinerte, men vi må tenke på minoriteten i samfunnet.

Dei vala vi tek kan påvirke dei som treng normaliteten mest, fordi det er mange unge som har dårleg immunforsvar. 

Det er heilt forståeleg at elevar seier at skulen har vore så varierande, at det er urettferdig med tanke på utviklinga i læring.

Når det i lang tid har vore nedstenging, isolasjon, karantene og testing, så vil dette påvirke kvar enkelt elev på ein måte. 

Under pandemiåra har eksamen vore avlyst. Dette burde også årets eksamen bli.

Eksamen som er i dag bør avskaffast og byttast ut med noko meir moderne. Når eksamen er så urettferdig frå før, så er den endå meir urettferdig no. 

Vi må også innrømme at pandemien ikkje har gjort den psykiske helsa betre.

La elevane få sleppe eksamen, la oss puste.

Avlys eksamen, no!


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no!