«Klimakrisa er ein konsekvens av eit giftig system som har eksistert i fleire hundre år»

Cornelia Reichmann (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Som feministar i Noreg må vi begynne å ta innover oss at regjeringa sin katastrofale klimapolitikk først og fremst rammar kvinner og barn i det globale sør.

8. mars i år gjekk eg igjen i 8. mars-toget for å markere Den internasjonale kvinnedagen. Det har eg gjort fleire gongar før, og det er alltid ei fantastisk kjensle å kjenne på den kollektive makta som vi kvinner, og andre marginaliserte grupper, har. Kjensla av samhald og styrke gjer meg like glad og rørt kvar gong.

Men i år gjekk eg ikkje hovudsakeleg for meg sjølv, men først og fremst i solidaritet med kvinner og barn i det gobale sør som allereie no vert råka av krig, konfliktar og naturkatastrofar, som eit resultat av mellom anna den norske regjeringa sin katastrofale klimapolitikk. 

Kriser råkar marginaliserte hardast

Di verre klimakrisa vert, di meir vert menneske i det globale sør råka av naturkatastrofar, matmangel, vassmangel og havstiging, som eit resultat av mellom anna vår oljeutvinning.

Dette rammar ofte kvinner endå hardare enn menn, fordi kvinner generelt har det dårlegare stilt og er meir marginaliserte enn menn. Diskrimineringa og marginaliseringa som kvinner allereie opplever vil verte verre av krisene som vil oppstå på grunn av klimaendringane. Dette gjeld også for andre marginalierte grupper, til dømes personar med funksjonsnedsetjing, LHBT-personar, urfolk og melaninrike.

Vi kan no lese om ukrainske gravide som må føde i tilfluktsrom, svarte ukrainarar som vert nedprioriterte på flukt ut av landet, og om ukrainske transpersonar som ikkje torer å flykte fordi det som står i passet ikkje samsvarar med kjønnsidentiteten deira.

Konfliktar, krig og naturkatastrofar råkar ofte dei som allereie er marginalisert hardast. 

Når naturkatastrofar, klimaendringar, krig og andre kriser oppstår, vert ofte jenter sin skulegang råka. Dei er ofte dei første som går ut av skulen for å få inn pengar til familien og ta vare på søskena sine.

Naturkatastrofar aukar også risikoen for å verte gifta vekk i ung alder. Når økonomien og overlevingsevna til familiar vert sett i fare, vert unge jenter gifta vekk for å redusere den finansielle byrda. Klimakrisa vil også auke risikoen for seksuell vald radikalt.

Under og etter naturkatastrofar og krig, er det mykje større risiko for at jenter og kvinner vert utsette for fysisk vald, valdtekt og trafficking.

Risikoen er spesielt stor om dei må gå langt for å samle mat, vatn eller ved, eller under opphald i flyktningleir. Det er også slik at valdtekt ofte vert brukt som eit systematisk våpen i krig.

Sivil ulydnad i klimakampen

Klimakrisa er eit produkt av den patriarkale, kapitalistiske og neokoloniale økonomiske modellen som vi lever under i dag. Difor er kvinner i det globale sør ofte dei første offera for klimakrisa. Patriarkale makstrukturar har skapt klimakrisa, og difor er det berre ved å bryte ned desse strukturane vi kan løyse ho.

Som kvinne ville eg kanskje ikkje hatt mange av dei rettane og fridomane eg no tek for gitt, om det ikkje hadde vore for feministar frå tidlegare generasjonar som gjekk til direkte aksjonar mot den tidas sexistiske lovverk.

I Storbritannia vart kvinners røysterett vunnen gjennom suffragettane sine radikale aksjonar med sivil ulydnad. Dei ofra både liv og helse for noko så fundamentalt som retten til å delta i demokratiet. Eg meiner vi no har kome til eit punkt der vi må ta i bruk dei same midla i klimakampen, i solidaritet med dei som står i frontlinjene.

Fleire hundre miljøvernarar vert drepne kvart år. Det er også mange som opplever vald, tortur og å verte fengsla over lengre tid. Mange av dei tilhøyrer urfolk som kjempar ein desperat kamp mot vesten sine koloniale prosjekt, som mellom anna Equinor har vore med på.

Eg har vorte arrestert fleire gongar som ein del av Extinction Rebellion sine aksjonar mot den norske regjeringa sin klimapolitikk, og sjølv om det er ubehageleg er det alltid tanken på desse miljøvernarane som får meg til å gjere det.

Eit giftig system

Klimakrisa er ein konsekvens av eit giftig system som har eksistert i fleire hundre år. Eit system som prioriterer kortsiktig økonomisk profitt over liv, og som byggjer på patriarkale maktstrukturar. Difor startar løysingane på klimakrisa med solidaritet med dei mest marginaliserte, både lokalt og globalt.

Solidaritet med kvinner i alle samfunnslag, solidaritet med urfolk over heile verda, solidaritet med det globale sør og solidaritet med framtidige generasjonar.

Som feministar i det globale nord må vi stå i solidaritet med kvinner i det globale sør. Det er på tide å ta til gatene for ei framtid for dei mest marginaliserte i verda, og vi må ta eit tydeleg standpunkt mot dei strukturane som har leia til klimakrisa.

Øydelegginga som norsk olje forårsakar i det globale sør er uakseptabel. Difor kan vi ikkje lenger akseptere at regjeringa held fram å investere i fossil energi gjennom å dele ut nye oljelisensar for leiting. Vi må krevje ein sluttdato for olja, og vi må stå imot Equinor sine prosjekt i det globale sør.

Vi må krevje klimarettferd!


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no! 


Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Grytvik Borbe (16) er begge med i Extinction Rebellion Ung, og har til felles at dei ikkje har røysterett. Dei meiner likevel klimasaka er for viktig til å stå på sidelina. Foto: Eirik Tangeraas Lygre