Studie: Betre luftkvalitet på grunn av lockdown kan ha redda 800 liv i Europa

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strenge koronarestriksjonar, som påbod om heimekontor og heimeskule, i europeiske byar reduserte trafikken og dermed luftforureininga.

Slik gjekk også talet på dødsfall knytt til luftforureining ned, ifølgje ein ny studie.

Det skriv The Guardian, som først omtalte saka.

Liten skilnad i Oslo

Studien samanlikna politiske tiltak i 47 europeiske byar, frå februar til juli 2020 og har estimert endringane i utslepp og kor mange dødsfall knytte til dette som vart unngått, gjennom den første koronabølgja.

Koronatiltak som å stenge skular og kontor, avlyse offentlege arrangement og oppmoding om å vere heime, hadde sterkast effekt på å redusere utsleppa av nitrogendioksid (NO2).

Spanske, franske og italienske byar hadde størst nedgang av NO2-utslepp, på mellom 50 og 60 prosent.

På tvers av alle forureinande stoff vart totalt meir enn 800 dødsfall unngått med betra luftkvalitet, som følge av dei statlege tiltaka som vart tekne for å avgrensa spreiinga av koronaviruset.

Paris, London, Barcelona, Milano, Hellas var byane med høgast tal på unngåtte dødsfall relatert til NO2-utslepp. Oslo var derimot blant dei 10 byane med lågast skilnad i talet på daude.

– Kan bli viktig for å utforme effektive politiske tiltak

Antonio Gasparrini er professor i biostatistikk og epidemiologi ved London School of Hygiene & Tropical Medicine (LSHTM).  Foto: LSHTM

Professor Antonio Gasparrini, ein av forskarane bak studien, fortel at nedstenginga gav eit unikt høve til å undersøke kva potensiell effekt strenge tiltak kan ha for å redusere forureiningar i urbane område.

– Dette «naturlege eksperimentet» har gjeve oss eit glimt av korleis luftkvalitet kan betrast gjennom drastiske folkehelsetiltak som ville vore vanskelege å innføre i normale tider, seier han i ei pressemelding og held fram:

– Informasjonen kan bli viktig for å utforme effektive politiske tiltak for å takle problema med luftforureining i byane våre.

8 millionar dødsfall på verdsbasis

I 2021 kom også ein studie som viste at meir enn 8 millionar menneske døydde i 2018 på grunn av luftforureining frå fossilt brensel.

Forskarane rekna at eksponering for partiklar frå utslepp av fossilt brensel utgjorde 18 prosent av dei totale, globale dødsfalla i 2018 – litt mindre enn 1 av 5. Dette er langt fleire enn ein tidlegare har trudd.

Forskarane estimerte at Kina si avgjerd om å kutte nesten halvparten av sine fossile utslepp redda 2,4 millionar liv på verdsbasis – i 2018 åleine.

– Studien vår går inn i rekkja av aukande bevis på at luftforureining frå ei pågåande avhengnad av fossile brensel er skadeleg for global helse, sa medforfattar av studien, Eloise Marais, i ei pressemelding. Ho er førsteamanuensis hjå University College London.

I studien såg dei først og fremst på utslepp av svevestøvet PM2.5, og greidde å skilje mengda som kom frå fossilt brensel.


Nordmenn lydde då regjeringa innførte strenge koronatiltak. Når det gjeld klimaet, kvir politikarane seg for å gjere inngripande tiltak.
Foto: Ramiro Pianarosa/Tania Malréchauffé/Unsplash. Kollasj: Framtida.no.

Om studien

  • Studien, vart finansiert av European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF) på vegner av Copernicus Atmosphere Monitoring Service (CAMS).
  • Arbeidet vart leia av eit team av statistisk helse- og jordobservasjonssatellittmodellerarar basert ved London School of Hygiene & Tropical Medicine (LSHTM), med kollegaar frå CAMS.
  • Forskarane målte desse utsleppa: NO2, O3, PM25 og PM10 som alle kan føre til tidleg daud. Det var NO2-utsleppa ein såg størst effekt på og ein reknar at 485 dødsfall var unngått samanlikna med vanlege tider utan nedstenging.
  • Nivåa med fine partiklar som PM2.5 og PM10 vart mindre reduserte sidan dei også vert produserte av naturlege kjelder som skogbrannar og støv i tillegg til utsleppskjelder som bustadaktivitet som auka noko under nedstenginga.