– Jorda er allereie sterkt påverka av klimaendringar, og framover vil det verte verre

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.03.2022 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den globale oppvarminga fører til verre tørkeperiodar, hyppigare ekstremnedbør og flaumar, meir ekstreme hetebølgjer og stigande havnivå. Det syner den siste delrapporten frå FNs klimapanel (IPCC).

– Rapporten frå FNs klimapanel understrekar det akutte behovet for ein heilt ny og betrakteleg meir offensiv kurs i verdas klima- og miljøpolitikk. Det hastar å gjere det vi kan for å avgrense dei katastrofale følgjene klimakrisa kjem til å få om ikkje politikarane tek grep no.

Det seier Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø i ei pressemelding. Ho meiner funna i rapporten er dramatiske og understrekar behovet for ein meir offensiv klimapolitikk.

Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker, framfor Stortinget. Foto: Changemaker

Trugar milliardar av menneske

Rapporten syner mellom anna at ei global oppvarming som skrir over 1,5 grader vil få alvorlege konsekvensar for milliardar av menneskeLandbruk, matproduksjon, busetjingsmønster, migrasjon, økosystem og truga artar kan alle verte sterkt påverka.

– Dei vitskaplege bevisa er utvitydige: Klimaendringane er ein trugsel mot menneskelege levekår og helsa til planeten, seier professor Hans-Otto Pörtner, som har vore med og leidd arbeidet med rapporten, ifølgje NTB.

Hardast råka vert land og innbyggjarar i det globale sør, som har minst ressursar i utgangspunktet. Changemaker-leiar Møretrø peikar på at klimakrisa er urettferdig, noko dagens rapport også understrekar.

– Det er i stor grad rike land som har tent pengar og stått for det meste av utsleppa som har skapt klimakrisa, samstundes som ho rammar fattige land hardast.

Møretrø poengterer at dette var noko utviklingsland vart svært tydeleg på under COP26, og at desse landa treng økonomisk støtte for å handtere klimaendringane.

Kvart tonn tel

Naja Amanda Lynge Møretrø peikar på behovet for å fase ut fossil energi – også i Noreg –for å nå målet om å halde den globale oppvarminga til 1,5 grader.

– Når vitskapen er klokkeklar på at ein må la mykje av den olja vi allereie har funne liggje under bakken, er det oppsiktsvekkjande at Noreg likevel vel å stadig utvide oljeleiting på norsk sokkel, seier Møretrø.

I januar tilbaud regjeringa 53 utvinningsløyve til 28 oljeselskap på norsk sokkel.

Changemaker-leiaren legg til at ho òg synest det er oppsiktsvekkjande at politikarar frå dei store partia ikkje torer å ta oljediskusjonen på ein ordentleg måte.

– Det er vi heilt avhengige av om vi skal kome nokon veg.

Kvart tonn tel

Leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym. Foto Greenpeace

– Rapporten viser tydeleg at politikarane har mislukkast i å hindre livstrugande klimaendringar. Jorda er allereie sterkt påverka av klimaendringar, og framover vil det verte verre. Men rapporten viser også at vi framleis kan unngå dei farlegaste konsekvensane om vi kuttar utsleppa raskt.

Det seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace, i ei pressemelding og held fram:

– Det betyr at kvart einaste tonn med klimagassar, kvart einaste oljefelt, og kvart einaste klimatiltak tel meir enn nokosinne før. 

Greenpeace er svært uroa over funna i rapporten, og føreslår tre tiltak Noreg bør setje i verk for å spele ei nøkkelrolle i å berge ein leveleg klode for dagens unge:

1: Stanse all leiting etter ny olje og gass, og setje i gang ein rettferdig omstillingsplan for arbeidarane i oljenæringa.

2: Gå inn for å verne minst 30 prosent av alle land- og havområde, og arbeide for at resten av verda gjer det same.

3: Leggje til rette for at dei millionane av menneske som vil hamne på flukt på grunn av klimaendringane får rettar, ein stad å reise og eit internasjonalt system som tek vare på dei.


Dette er nytt i klimajussen: Eit skred av klimasøksmål, lovpakkar frå EU, FN-resolusjon, meir klimaforsking og teikn til endring i blikket til Høgsterett

Illustrasjonsfoto frå ei av markeringane til støtte for Klimasøksmålet mot staten. Foto: Terje Pedersen / NTB