Havnivået rundt USA kan stige meir dei neste 30 åra enn dei føregåande 100 åra samanlagt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av dei neste 30 åra vil den amerikanske kystlinja oppleve like høg havstigning som ho gjorde på hundreåret mellom 1920 og 2020, ifølgje ein ny rapport.

Innan 2050 vil havnivået utanfor USA stige med 25 til 30 centimeter frå dagens nivå, medan delar av Louisiana og Texas kan vente seg heile 45 centimeter høgare havnivå.

Rapporten er utarbeidd av amerikanske styresmakter, deriblant hav- og luftetaten NOAA og Nasa.

Det var AP News som først omtalte saka.

– Held vi fram med å late hus gli ned i vatnet?

Rapporten peikar på at det auka havnivået i 2050 vil føre til at moderate flaumar, som til vanleg medfører skadar, vil førekome ti gongar så ofte som i dag.

Store flaumar, som ofte er øydeleggande, er venta å hende fem gongar så ofte. 

Havnivå-spesialist og professor i geologi frå Universitetet i Wisconsin-Madison, Andrea Dutton, uttalar til AP News at rapporten er eit raudt flagg, og at flaumane USA no opplever vil vere på eit heilt nytt nivå om berre eit par tiår:

– Spørsmålet er om vi held fram med å late hus gli ned i havet, uttalar ho til nyheitsbyrået.


Forskar Kristian Breili og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå Kartverket har vore med å utvikla ei ny teneste frå Kartverket som lar deg sjå konsekvensane av auka havnivå. Her er i Bergen kan over 2700 bygningar bli overflødde med 20-årsstormflo i 2090. Foto: Synne Storvik, Kartverket