Klimatoppmøtet vert kritisert for å vere «det mest ekskluderande noko sinne»

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.11.2021 20:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forkant av årets klimatoppmøte melde COP26-president Alok Sharma at det skulle verte det mest inkluderande klimatoppmøtet noko sinne.

Men halvvegs i COP26 melder aktivistar frå om at lovnaden ikkje vert innfridd.

Fleire kallar det heller den mest ekskluderande COP noko sinne.

COP26 er verkeleg ikkje OK

Ein av dei som er kritisk til årets klimatoppmøte, er den amerikanske aktivisten Alexandria Villaseñor (16).

– COP26 er verkeleg ikkje OK, skreiv ho på Twitter førre veke.

Alexandria Villaseñor stifta US Youth Climate Strike and Earth Uprising. Her frå eit føredrag i New York i samband med Global Landscapes Forum i 2019. Foto: Justin Davey/GLF/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

Ho er sjølv på plass i Glasgow, og skuldar klimatoppmøtet for å vere eit ekskluderande og rasistisk miljø, som helst legg til rette for fossilindustrien og milliardærar.

– Det finst berre éin inngang for 20 0000 deltakarar, det er ein kø for alle som skal kome seg inn og gjennom sikkerheitskontrollen. Eg har brukt fire timar i kø over dei siste to dagane. Det er kaos og ein svikt frå arrangørane, skreiv ho.

Utover dei endelause køane peikar Villaseñor på sprengt kapasitet, at sivilsamfunnet ikkje får tilgang til forhandlingsrom og fråvær av digital tilrettelegging.

Klimaaktivist Greta Thunberg har òg vore kritisk til COP26: 

Energiminister halde utanfor grunna manglande utforming

Villaseñor kritiserer også COP26 for å ikkje legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne, og peikar på manglande rullestoltilgang og at det ikkje er teiknspråktolkar til stades.

Førre veke vart den israelske energiministeren Karine Elharrar forhindra i å delta på klimatoppmøtet, fordi ho brukar rullestol og arenaen er ikkje universelt utforma.

Statsminister Boris Johnson ba om orsak, noko Elharrar òg aksepterte. Samstundes peika energiministeren på at ho i staden for å forhandle om grøn energi, laut promotere tilgjengelegheit:

– Eg vil ikkje ha unnskuldingar. Eg vil berre at neste gong, så skjer ikkje noko som dette, sa Elharrar til CNN i etterkant.

Energiminister Karine Elharrar frå Israel måtte vente på sidelinja då klimatoppmøtet tok til, for arenaen er ikkje universelt tilgjengeleg. Foto:AP Photo/Alberto Pezzali, Pool

– Det er ikkje til å tru

– Eg har lyst til å vere høfleg, men [klimatoppmøtet] vil gå inn i historia eit av dei dårlegast planlagde, dårlegast organisaserte og minst effektive COP eg har vore med på. Det er ikkje til å tru, seier Asad Rehman til amerikanske CNBC.

Han er talsmannn for nettverket COP26 Coalition, og har delteke på klimaforhandlingar eit tiår. Koalisjonen arbeider for å sikre klimarettferd, og representerer urfolk, sårbare samfunn, fagforeiningar og klimastreikarar.

Rehman estimerer at av representantar frå det globale sør som vanlegvis deltek på klimatoppmøte har berre ein tredel kome til Glasgow. Han peikar på Covid-19-restriksjonar, mangel på rimeleg husrom og manglande tilgang til toppmøtet.

Talsmannen peikar vidare på at sivilsamfunnet har vorte stengde ute frå forhandlingane, noko paraplyorganisasjonen Climate Action Network (CAN) òg vitnar om.

Klimaaktivist Alexandria Villaseñor understreker at når logistikken i klimatoppmøtet slår feil, så påverkar det òg forhandlingane som finn stad.

– Eit ekskluderande, rasistisk, funksjonsdiskriminerande (ableist), klassediskriminerande miljø påverkar direkte avgjerdsprosessen som føregår i det, skriv ho.


Foto: Privat