I same rettssal som krigsforbrytarar og massemordarar, kan oljedirektørar og politikarar komme til å måtte møte opp på tiltalebenken.
Edith Allern

Den internasjonale straffedomstolen i Haag har i dag mandat til å dømme dei mest alvorlege brotsverka menneske gjer mot menneske: folkemord, krigsbrotsverk, aggresjonskrig og brotsverk mot menneskeslekta.

I år har ei internasjonal gruppe ekspertjuristar levert forslag om eit femte brotsverk for mandatet til domstolen: miljømord. 

Samanliknbart alvor

Christina Voigt er professor ved Senter for forskning om internasjonale domstolers legitimitet og Institutt for offentlig rett hjå UiO. Foto: UiO

Noko av miljøøydelegginga som skjer verda rundt har ein alvorsgrad samanliknbar med internasjonale brotsverk, men det finst ikkje heimel under internasjonal rett for at det kan straffeforfølgast, seier professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og ekspert på miljørett, Christina Voigt.

Ho er nyvald leiar i Verdas naturvernunions verdskommisjon for miljørett og var del av den norske delegasjonen til forhandlingane om Parisavtalen. I fjor var Voigt ein av juristane som initiativet Stop Ecocide samla for å lage forslaget til definisjon av miljømord.

Eit miljømord vil seie ei miljøøydelegging av høgt alvor, med utbreidd eller langvarig skade, som er omsynslaus eller ulovleg, forklarar Voigt. Definisjonen er meint å vere generell og abstrakt for å kunne å romme mange ulike tilfelle. 

– Det kan, til dømes, vere klimagassutslepp, avskoging av ein viktig biotop eller forgifting av ein innsjø, seier Voigt. Ho understrekar at miljømord-definisjonen ikkje gir naturen rettar i seg sjølv, men at han etablerer eit individuelt straffeansvar for reine naturøydeleggingar.

Voigt forklarar at miljøøydelegging i samanheng med skade for menneske, ved til dømes krigsbrotsverk eller folkemord, allereie er ein del av strafferetten som gjeld militære handlingar. 

Men rein miljøøydelegging som ikkje nødvendigvis fører til nokon menneskeleg skade, er ikkje dekt, seier Voigt og peikar på at det kan innebere endå større øydeleggingar, og endå større verdiar som forsvinn. 

Vern av naturen i seg sjølv

Dei siste tiåra har geologar kalla starten på ein ny fase for verda: antropocen, der mennesket si påverking på jorda er så stor at vi kan snakke om ein ny tidsalder.

Mellom anna den norske filosofen Arne Johan Vetlesen har løfta fram korleis ideen om mennesket i sentrum har skapt denne tidsalderen «(…) og dermed grunnlaget for klima- og naturkrisen vi står midt oppi».

I eit intervju med forskingsmagasinet Apollon hevda Vetlesen at ideen om at naturen er der «for oss» gjennomsyrer samfunnet – utdanning, forvaltning, økonomi og juss.   

– Kvifor er det viktig å gje naturen eit vern uavhengig av mennesket?

At det kan vere ein rein økologisk verdi og ikkje krav om tilknyting til nokon menneskeleg verdi er ikkje berre viktig strafferettsleg, men òg fordi det kanskje kan føre til endring i tankegang, medvit og verdisett internasjonalt og nasjonalt blant enkeltmenneske, seier Voigt.  

– Korleis kan eit slikt paradigmeskifte ha betyding for moglegheita mennesket har til å omstille seg i møte med klimakrisa?

Eg trur det skjer paradigmeskifte på ulike kantar for tida, men eg trur jussen byrjar å spele ei veldig viktig rolle gjennom dei ulike søksmåla no på klimafronten, fortel Voigt. 

Klimademonstrasjon framføre Stortinget 1. oktober 2021. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Ho peikar på at det er domstolar som har anerkjent retten til natur, og viser til nye saker frå New Zealand, Columbia og India, der til dømes skogsområde, ei elv eller eit fjell har fått rettar i seg sjølve. I tillegg trekker ho fram ecocide og ein ny resolusjonen frå FNs menneskerettsråd om menneskeretten til eit reint, sunt og berekraftig miljø.  

Det er mange ulike rettslege moment, men dei peiker alle i same retning, ifølgje Voigt.

Eg trur det kan påverke både politikarar og avgjerdstakarar, men òg samfunnet generelt, at rettssystemet kjem på bana og fastslår at dette er store øydeleggingar og at naturen har ein verdi. 

Eit brotsverk utan namn

Den internasjonale straffedomstolen byggjer på arven frå rettsprosessane mot nazistiske leiarar i Nürnberg etter andre verdskrig. Folkemord var eit faktum, utan at det var eit etablert omgrep. Storbritannias dåverande statsminister Winston Churchill, hadde under krigen omtalt nazistane sine handlingar som «eit brotsverk utan namn».

Den jødiske juristen Raphael Lemkin utvikla omgrepet genocide eller folkemord, som har vore grunnleggjande mellom anna for Folkemordskonvensjonen og Den internasjonale straffedomstolen.  

 Anerkjenning av folkemord som internasjonalt brotsverk, har ikkje ført til at vi ikkje har nokon folkemord. Det skjer framleis, men terskelen er mykje høgare og medvita om at det er alvorlege brotsverk – dei verste brotsverka – har sokke inn etter at Den internasjonale straffedomstolen vart til, seier Voigt.

Ho meiner den same typen medvitsendring kan skje med miljømord som ny straffenorm. 

Den internasjonale straffedomsstolen i Haag. Foto: OSeveno – eige verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=50921577

På spørsmål om det å inkludere miljømord som internasjonale brotsverk kan utvatne omgrep som folkemord, svarar Voigt at det er ein kritikk ho er kjend med, men at det ikkje er noko ho kan sjå for seg. 

Genocide går ut på utryddinga av ei heil folkegruppe, så det har på ein måte ingenting å gjere med ecocide. Nokon har sett at det er litt likt namn og er redde for at det vert stilt på same nivå, men det er noko heilt annleis og eg kan ikkje tenkje meg at det kan svekke dei andre brotsverka, med mindre vi får statar som trekker seg ut av domstolen, men det har vi ikkje sett enn så lenge, legg ho til. 

Domstolen kan i utgangspunktet straffeforfølgje enkeltpersonar som kjem frå eit av dei 123 landa som er tilslutta traktaten domstolen byggjer på, Roma-vedtektene, eller om handlingane er gjort i eit av dei landa. Legitimiteten til domstolen har allereie vore utfordra av fleire afrikanske land som hevdar domstolen berre går etter dei og ikkje vestlege land. 

Voigt meiner det å inkludere miljømord i Roma-vedtektene kan gjere domstolen meir relevant og auke legitimiteten, ved at han får eit breiare saksfelt og at det kan føre til straffeforfølging av fleire vestlege leiarar. 

Ulike aktsemdskrav

Den tyske politiske filosofen Hannah Arendt formulerte omgrepet vondskapens banalitet, etter å ha følgt rettssaka mot SS-offiseren Adolf Eichmann i Jerusalem i 1961. 

Gjerningane til Eichmann var monstrøse, men Arendt konkluderte med at han likevel ikkje kunne kallast eit monster.  I hennar oppfatning var det vondskapens banalitet at han ikkje hadde sterke ideologiske oppfatningar eller at han var psykopat, men ein byråkrat utan evne til å tenkje eller forstå kva han hadde gjort.

Vondskapens banalitet karakteriserer ikkje handlingane som banale, men motiva for handlingane. Ifølgje Arendt kan dei mest grufulle gjerningar byggje på tankeløyse eller feil i evna til å tenkje.

For at nokon skal verte haldne ansvarlege for miljømord, vert det stilt krav om at dei må ha hatt det som intensjon? 

Det er ikkje noko intensjonskrav i definisjonen av miljømord, og det er viktig fordi lite miljøøydelegging vert gjort bevisst med mål om å øydelegge naturen. Det er annleis enn folkemord, der ein går inn for å øydelegge ei folkegruppe. Med miljø er det meir snakk om ein sideverknad av andre typar tiltak som ein aksepterer. 

Det vi har foreslått som krav til aktsemd, er at ein «hadde kunnskap eller burde hatt kunnskap» om miljøøydelegginga. Til dømes at ein burde ha sett seg inn i vitskapeleg grunnlag for kva som er konsekvensane av å tømme gift i ei elv. Når du gjer ei handling med risiko for miljøskade, så kan du ikkje berre orsake deg med at du ikkje visste dersom tilgjengeleg informasjon fanst. 

Domsavseiinga under saka mot nazisten Adolf Eichmann i Israel i 1961. Foto: Israeli GPO photographer, National Photo Collection of Israel, Photography dept. Goverment Press Office, Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

– Er det rettferdig å straffelegge til dømes ein individuell oljedirektør for miljømord, når slik miljøøydelegging ofte er samfunnsorganisert?

– Ofte er det private selskap som står for store miljøinngrep og øydelegging, og då gir det meining å gå etter direktøren som har ein type overordna ansvar. Men det er òg statsleiarar som står for systematisk øydelegging ved at dei ikkje vedtar riktige lover eller etterlever dei, seier Voigt og utdjupar:

– Det gjeld òg for andre brotsverk at ein kan stille til ansvar statsleiarar, som rett nok ikkje har skote eller drepe sjølv, men har tillate at folkegrupper vert drepne. Dette kan ein samanlikne med miljøøydelegging – at statsleiarar tillét aktivitetar som fører til miljøøydelegging.

Legg vekt på tidsspørsmålet

Anna Aamo (24) og Gine Alida Ellingsen (21) er høvesvis styreleiar og nestleiar i Juridisk klimaforeining ved Universitetet i Oslo. Den nyleg oppstarta foreininga driv kunnskapsbygging og bevisstgjering rundt klima- og miljørett, jobbar for at jusfakultetet skal verte meir berekraftig og driv rettspolitisk arbeid for miljøsaka. 

Dei meiner jussen har ei viktig pådrivarrolle i klimasaka.

Du kan sjå på jussen som at han bekreftar samfunnsoppfatninga, eller at han er eit verkemiddel for å endre samfunnsoppfatninga, seier Aamo. 

Anna Aamo og Gine Alida Ellingsen er styreleiar og nestleiar i Juridisk klimaforeining ved UiO. Foto: Privat

Aamo meiner det i seg sjølv vil vere positivt om verdssamfunnet kunne einast og etablere miljømord som ein klart negativ ting som bør straffast. Ellingsen seier det er eit steg i rett retning at ekspertjuristar har gått saman og laga ein definisjon av miljømord. 

Samstundes er dei opptekne av at endringar av rettssystemet tek tid, noko ein ikkje har mykje igjen av for å nå klimamåla. Dei skil mellom kva som er eigna til å motverke klimakrisa no, og idear om korleis eit rettferdig rettssystem for natur og miljø kan sjå ut på lengre sikt. 

– Vi tek utgangspunkt i kva verktøy vi har no og korleis vi kan få mest mogeleg påverknad no. Ein skal ikkje legge systemkritikk på is, men ein kan ha to tankar i hovudet samstundes: gjere det ein kan med dei verktøya vi har, og samstundes dytte på systemet for å vareta klima og miljø på ein god måte, seier Aamo.

– Om naturen skal få eit sjølvstendig vern er ei viktig etisk problemstilling, seier Ellingsen.

Ho meiner det kan vere problematisk at jussen er menneskesentert, og at dette kan vere ein del av grunnen til den situasjonen verda no er i. Ho held likefullt fast på at tida er knapp for å redde natur og miljø.  

– Det ville vere ein ny epoke i rettshistoria å bygge rettar og vern på naturens eigenverdi, og eg trur vi er ganske langt frå å få verdsleiinga med på det. Per no trur eg det er kontroversielt og vil ta så lang tid at menneskerettane er vegen å gå, seier ho og utdjupar:

– Vi må redde naturen for å redde oss sjølv, og det er kanskje menneskesentrert, men det er kanskje det einaste verktøyet vi kan bruke i dag som er sterkt nok. Menneskerettane er godt utvikla og effektive verktøy.

Utviklinga bør gi rom for håp

Christina Voigt presiserer at Stop Ecocide berre har lagt fram eit forslag om definisjon av miljømord som straffenorm under Den internasjonale straffedomstolen og at det avheng av politisk vilje om det går fort, tek mange år eller ikkje vert noko av i det heile.  

Om rettssystemet ikkje klarar å møte klimakrisa på ein tilstrekkeleg måte – som kanskje spesielt mange unge fryktar – kva gjer det med korleis unge vil oppfatte legitimiteten til rettssystemet? 

Når vitskapen er klar og politikarar handlar lite eller ikkje, så har du den tredje statsmakt – Retten – som er der for å kontrollere om den lovgivande og utøvande makta oppfører seg innanfor sine rammer. I augneblinken rettar vert brotne eller krenkte, er det ikkje politikk lenger, då er det juss. Om den tredje statsmakta ikkje stiller opp som siste instans og gir dei svara ein bør kunne forvente, så vert det eit legitimitetsspørsmål. 

I augneblinken rettar vert brotne eller krenkte, er det ikkje politikk lenger, då er det juss.

Christina Voigt meiner det skjer ei oppsiktsvekkande utvikling no for tida. Voigt fortel at mange domstolar – rett nok ikkje i Noreg – men i andre land, og dommarar personleg, føler at dei har ei oppgåve i å rydde opp.

Innanfor rettssystemet sine rammer, er det mogleg å kontrollere at Staten og selskap held seg innanfor lovane, fortset ho og legg til:

– Her ser vi ei spennande utvikling som bør gi rom for håp.   


Kollasj: Framtida.no. Illustrasjonar: Climate Illustrated
Oppdatert: måndag 22. november 2021 08.54
ANNONSE