Regjeringa delte ut 53 oljeutvinningsløyve på norsk sokkel

Olje- og energidepartementet har gitt 28 selskap tilbod om andelar i 53 utvinningsløyve på norsk sokkel i den siste tildelingsrunden. Greenpeace meiner det er vanvittig av regjeringa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Styresmaktene vurderte søknader frå til saman 31 selskap hausten 2021. Av dei 53 utvinningsløyva er 28 i Nordsjøen, 20 i Norskehavet og 5 i Barentshavet. 17 av utvinningsløyva er tilleggsareal i eksisterande utvinningsløyve.

– Vidare leiteaktivitet og nye funn er avgjerande når vi skal utvikle den norske petroleumsindustrien vidare til det beste for heile landet, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) i ei pressemelding.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) er ein årleg leiterunde i dei mest modne områda på norskesokkelen. Dei 28 oljeselskapa får tilbod om andelar i ein eller fleire av desse løyva. 15 selskap får tilbod om eitt eller fleire operatørskap.

Tru på at det er meir å finne

– Arealtildelinga i dag er eit viktig bidrag for å halde oppe leiteaktiviteten framover og for at vi kan gjere nye, lønnsame funn, seier Mjøs Persen.

TFO-konsesjonsrundane skjer årleg og innanfor eit førehandsdefinert område. Dei vart innførte i 2003.

– Det er gledeleg at selskapa framleis har stor tru på at det er meir å finne i område med kjend geologi og i nærleiken av eksisterande infrastruktur. Det er viktig å påvise desse ressursane, slik at ledig kapasitet i allereie etablerte prosessanlegg og røyrsystem kan utnyttast. Då kan sjølv små funn gi stor verdiskaping, seier direktør for lisensforvaltning Kalmar Ildstad i Oljedirektoratet i ei pressemelding.

Han legg til at tildelinga i år viser at det framleis er eit stort mangfald blant aktørane med ei god blanding av små og mellomstore selskap og dessutan store internasjonale aktørar.

Greenepeace: Vanvittig

– Støre-regjeringa viser sitt sanne ansikt ved å sette oljeindustrien sine krav om nye leitelisensar over behovet for ei rettferdig, grøn omstilling.

Leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym. Foto Greenpeace

Det uttalar Greenpeace-leiar Frode Pleym i ei pressemelding. Organisasjonen rasar mot Støre-regjeringa, og meiner det er vanvittig å dele ut lisensar for å leite etter olje midt i ei klimakrise.

– Dei nye lisensane er eit klart brot på klimaløftet statsminister og bestefar Støre gav til barnebarna i valkampen. I staden for å bidra til å gjere ein forskjell i møtet med klimakrisa, fortset Støre med business as usual, konstaterer Pleym.

Greenpeace er spesielt uroa for den nordlegaste lisensen, som ligg tett inntil «iskantsona», og som blir skildra som eit spesielt verdifullt og sårbart område.


Illustrasjonsfoto frå ei av markeringane til støtte for Klimasøksmålet mot staten. Foto: Terje Pedersen / NTB