Ny rapport: fleire katastrofebrannar i framtida

Sjølv om vi klarar å redusere den globale oppvarminga, vil det bli 30 til 50 prosent fleire katastrofebrannar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Australia 2020: Eit branninferno har råka landet «down under» sidan september året før. Meir enn ein milliard dyr og minst 33 menneske har mista livet som følgje av skogbrannane.

California 2021: Brannen Dixie er den største som er registrert i delstaten. Eit område tilsvarande New York City står i flammar.

Slike katastrofebrannar må vi belage oss på at det blir fleire av framover. Det konkluderer ein ny rapport frå FNs miljøfond (Unep) med.

Det var NRK som først omtalte saka i Noreg.

Oftare og nye stadar

– Vi ser store skogbrannar på stadar og årstider der vi ikkje hadde brannar før. Det held meg vaken om natta, seier ein av forfattarane av rapporten, Peter Moore, ifølgje NRK.

Til dømes brann eit område på storleik med Portugal i Sibir i fjor, eit område som normalt ikkje er særleg utsett for brann. I den nye rapporten kjem det fram at det er ein høgare risiko for at Arktis og andre område som tidlegare ikkje har vore råka av skogbrannar, blir det.

Rapporten Spreading like Wildfire: The Rising Threat of Extraordinary Landscape Fires slår fast at sjølv om vi klarar å avgrense klimautsleppa, vil det bli fleire katastrofale brannar.

Dersom vi når togradersmålet, vil talet på brannar likevel auke med mellom 31 og 52 prosent i år 2100.

Innan 2030 vil katastrofale brannar auke med opptil 14 prosent.

Årsakene til auken er klimaendringar, at mange har busett seg på brannfarlege stadar og at det blir meir brennbart materiale i skogane.

Slukking av brann i California. Foto: Ben Kuo / Unsplash

Må førebyggje meir

Rapportforfattarane meiner ein må bruke meir pengar på å førebyggje brannar. Dei peikar på at styresmaktene i dag ofte brukar pengar på feil stad.

I dag blir typisk over halvparten av pengane brukt til direkte reaksjonar på skogbrannar, medan planlegging får mindre enn éin prosent av potten. Forskarane tar til orde for ein modell der to tredelar av utgiftene går til planlegging, førebygging og beredskap, og ein tredel til respons.

– Dei naudetatane og brannmennene i frontlinja som risikerer livet for å bekjempe skogbrannar, må bli støtta, seier administrerande direktør i Unep, Inger Andersen i ei pressemelding.

Ho peikar på at vi må minimere risikoen for ekstreme skogbrannar ved å vere betre førebudde, gjennom å investere meir i brannrisikoreduksjon, samarbeide med lokalsamfunn og styrkje den globale forpliktinga til å bekjempe klimaendringar.


Illustrasjonsfoto: Ari He/Unsplash

 

Fakta

Rapporten Spreading like Wildfire: The Rising Threat of Extraordinary Fires er utarbeidd av UNEP og GRID-Arendal.

«Skogbrann» er i rapporten definert som «ein uvanleg eller ekstraordinær frittbrennande vegetasjonsbrann som kan startast med vilje, ved eit uhell eller på naturlege måtar, som negativt påverkar sosiale, økonomiske eller miljømessige verdiar».