Homoterapi og no homo: «Kjærleik er for alle, eller?»

Signe Bergli (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget kom på 2. plass i  skrivekonkurransen til Framtida.no, Den norske Helsingforskomité og Magasinett om menneskerettar og LHBT+. 

For meg har kjærleik mellom same kjønn alltid vore heilt normalt. Eg kjem frå ei lita bygd med berre 1400 innbyggjarar. Gudmora mi er lesbisk, barndomsvenninna mi har to mødrer, og fleire andre av vennane til familien min er homofile.

Gjennom heile min barndom, hadde eg aldri stilt noko særleg spørsmål ved det, men det var heilt til eg blei eldre og fekk sjå verkelegheita.

For korleis har dei skeive det i dag? Blir dei framleis diskriminert fordi dei elskar «feil» kjønn eller fordi dei er «feil» kjønn, eller klarar vi endeleg å sjå at skeive er menneske som alle oss andre?

Det fordømde skapet

Det er kanskje ikkje så enkelt å forstå kva LHBTQI+ er for noko, eller kva det står for. LHBTQI+ er ei samleomgrep for det skeive miljøet, og står for: lesbisk, homofil, bifil, trans, queer (det engelske ordet for skeiv), og intersex eller interkjønn. Plussteiknet er for å vise at det finnes fleire måtar å identifisere seg på, som for eksempel panfil og aseksuell.

Men uansett kva slags ord og uttrykk ein brukar, handlar det om at ein skal få elske kven ein vil, uavhengig av kjønn og identitet.   

I følgje SSB sine undersøkingar, viser det seg at 7 prosent av befolkninga mellom 18 til 79 år er skeive. Men prosenten er større om ein tar med dei som er under 18 år, fordi mange unge kjem ut som skeiv no til dags.

Med redsel for hat, mobbing, trakassering og at ingen skal akseptere dei, kjemper faktisk mange unge mot det å vere skeiv og mange tør ikkje komme ut av det fordømte skapet.

For til å med her, i vakre og lykkelege Noreg, har vi vanskeleg for å akseptere dei skeive. Det står i bibelen at det er en synd mot Gud, det er ekkelt, og det høyrer ikkje heime her i Noreg.

Falsk vitskap i 2021

Morten Hegseth, kjend frå bl.a. VGTV,  laga i 2019 ein dokumentar om «Homoterapi». Homoterapi, eller konverteringsterapi som det også heiter, er ei falsk vitskapleg behandling som skal endre kjønnsidentiteten eller den seksuelle orienteringa hos ein LHBTQI+ person. Rettare sagt, gjere ein skeiv person heterofil.

Morten Hegseth sette homoterapi på dagsorden i serien «Homoterapi», der han mellom anna konfronterte statsminister Erna Solberg om saka. Skjermdump: VGTV

Sjølv Noreg, som var det første landet i verda til å få ein eigen lov mot diskriminering av homofile, har ikkje gitt forbod mot konverteringsterapi.

I 2019 ble forslaget om forbod mot konverteringsterapi, nedstemt av Stortinget. Argumenta som vert brukte for å støtte opp saka om konverteringterapi, er at kvar av oss skal få bestemme sjølv og at eit forbod vil vere ei krenking på fleire trussamfunn og retten til å ta eigne val.

For slike falske vitskaplege behandlingar skjer også i Noreg den dag i dag, enten gjennom religiøse forsamlingar eller i det skjulte.

«Til Helhet» er eit tverrkyrkjeleg kontaktforum for seksualitet og kristen tru, som tilbyr samtaler for å snakke med dei som har «problem» med seksuell tiltrekking av same kjønn. Enten kan du ta ein samtale aleine med nokon av folka der, eller så tilbyr dei fellesskap-samtalar for menn og for kvinner. 

«No homo»

«Homo» er framleis det mest brukte skjellsordet på norske skular. Står ein for tett inntil andre, er ein homo. Snakkar ein om det same kjønn, er ein homo.

Dette skjellsordet blir ofte bruk mellom gutane. Vi har dratt saka så langt i skulen at ein seier «no homo» for kvar ting ein gjer, berre for å påpeike at ein aldeles ikkje er skeiv.

Dette gir fullstendig feil framstilling av det å vere skeiv, og er med på å påverke ungdommar sitt syn på kjærleik. For dei fleste av oss har vel vakse opp med den såkalla heteronorma, som seier at gut skal like jente og omvendt. 

Rettane dine skal ikkje vere avhengige av kven du likar

Men kva må vi gjera for at vi skal bli eit samfunn utan hat og diskriminering?

Kva med å skuve fram forbodet mot konverteringsterapi, i alle fall det som kan påverke oss mest?

Kva med å gi betre læring om det i skulen, slik at alle kommentarar får ein konsekvens? Snakk om det helt ned i førskulen også, slik at vi alle lærer at det å vere skeiv, også er normalt og i alle fall inga skam.

Kva med regler og lovar regjeringa kan sette, som vi alle må forhalda seg til? Det finst mykje vi kan gjera, men vi må berre ta tak.

Eg vil ikkje la mine barn vekse opp i eit samfunn der personen dei likar skal bestemme deira status og rettar. Om eg hadde gått inn i skapet no, hadde eg aldri gått ut igjen. 


Les også saka: Xheni vert truga på livet fordi ho vil at lesbiske skal verte anerkjende som mødrer

Xheni Karaj kom ut som lesbisk på nasjonal TV, fordi ho ikkje orka vere taus lenger. Foto: Privat