Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.10.2022 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, 11. oktober, er FNs internasjonale jentedag. Dagen skal retta søkelys mot utfordringane jenter over heile verda møter.

Utfordringar som hindrar dei i å få oppfylt sine grunnleggande rettar, som til dømes vern, skulegong og høve til å bryta ut av fattigdom.

I samband med dette har me funne fram nokre jenter som har jobba for nettopp dette.

Møt desse 9 jentene som forandra verda:

Anna Elizabeth Dickinson (13) – Philadelphia, USA

I februar 1856, fekk ho eit innlegg publisert i avisa The Liberator. Innlegget handla om ein lærar som var for avviklinga av slaveriet, og all hetsen han hadde motteke i Kentucky. Enno var ikkje Anna Dickinson fylt 14 år. 

Ho vart etterkvart kjend for sine taleevner, og ho var ein av dei første kvinnene som tok scena for å tala og diskutera samfunnsaktuelle saker. Som kvekar, var ho i eit av få miljø som oppmoda kvinner til dette. 

Ho tala om avviklinga av slaveriet, kvinnerettar, afroamerikanske sine rettar, betre trening for arbeidarar, betre behandling av folk i fengsel, hjelp til dei fattige og utdanning for alle barn. 

Taleevnene ga ho mange lyttarar. Det første store foredraget ho held, var ein to timar lang tale om boka The Rights and Wrongs of Women i 1861. Over 800 kjøpte bilettar. Seinare kom over 5000 for å høyra ho tala på Cooper-instituttet i New York. 

Etter kvart vart ho også med i det Republikanske partiet og tala for dei.

I 1964, var ho 22 år gamal og vart den første kvinna til å tala for kongressen i USA. Ho fekk ståande applaus, og i salen sat mellom anna president Abraham Lincoln. 

Margaret E. Knight (12) – Maine, USA

Som 12-åring slutta Margaret Knight på skulen, for å tene pengar for familien på ein tekstilfabrikk. Ein dag såg ho ein del frå ein motorisert tekstilvev fly rett i ein av arbeidarane, som vart hardt skada.

For å unngå at dette skulle skje med fleire, fann ho opp ein tryggleiksmekanisme, som automatisk skrudde av straumen på maskina om nokon av delane var lause eller ikkje fungerte. Oppfinninga spreidde seg til tekstilfabrikkar over heile landet og vart ein standard på vevstolar. 

Illustrasjon: Det var vanleg med barn i arbeid på 1800- og tidleg 1900-talet. Margaret E. Knight si første ordentlege oppfinning, kom til fordi ho ville vrna om andre jenter som dette. (Library of Congress)

Seinare fann ho også opp ein papirpose-maskin, som masseproduserte papirposane me framleis brukar i dag. Før dette brukte ein små treesker til å bera tinga sine.

Ein mann prøvde å ta patent på idéen. Gjennom skisser og planar kunne ho i retten bevisa at det var hennar oppfinning. Ho skal ha søkt om patent på mellom 30 og 80 oppfinningar seinare i livet. 

«I’m only sorry I couldn’t have had as good a chance as a boy, and have been put to my trade regularly.»

Sylvia Mendez (8) – California, USA

Då Sylvia Mendez vaks opp i California, USA, var dei fleste skulane segregerte. Latino-amerikanarar fekk ikkje gå på skulane som var utelukkande for kvite. Latinoar vart difor sendt på såkalla «meksikanske skular». I byen til Mendez var den «kvite skulen» langt finare og hadde mykje betre lærevilkår. 

Åtte år gamal var ho med tanta, brørne og syskenbarna for å skriva seg inn på den kvite skulen. Syskenbarna med lysare hud, fekk melda seg inn. Sylvia og brørne som var mørkare i huden og hadde eit spansk etternamn, fekk ikkje lov.

Foreldra hennar gjekk dimed til sak mot skulen, i Mendez v. Westminister. I rettssaka meinte skulen at det var språkproblem som var årsaka til at dei nekta barna å gå der. Då barna skulle vitna, fall dette argumentet i fisk, då det vart tydeleg at barna snakka engelsk og at latinamerikanske studentar kunne læra like godt som kvite barn. 

I 1946 vann familien rettssaka mot skulen. Mendez og brørne vart blant dei første latino-barna i USA til å gå på ein kvit skule, og søksmålet hjalp for vidare rettssaker i Borgarrettsrørsla seinare og kampen mot segregering i skulen. Rettssaka førte til at alle offentlege segregerte skular og område i California vart oppheva.

Dette var sju år før den meir kjende Brown v. Board of Education, som formelt oppheva raseskillet i amerikansk skule.

Claudette Colvin (15) – Alabama, USA

15 år gamal vart Claudette Colvin arrestert for å nekte å reisa seg for ei kvit dame på ein overfylt, segregert buss (delt i «svarte» og «kvite» avdelingar) i Alabama, USA. Bussjåføren ba ho om å gi setet sitt bort, sjølv om det var ledige sete ved sida av henne.

Colvin var også éin av fem saksøkarar i saka Browder v. Gayle året etter. Dei ville setja oppheva buss-segregeringa i byen. Dommen slo fast at buss-segregering var i strid med grunnlova.

Høyrest historia kjend ut? Dei fleste trur Rosa Parks var den første som gjorde dette, og med det starta borgarrettsrørsla på 50-talet. Men ho gjorde dette ni månadar etter Colvin.

I mange år var ho heilt ukjend og leiarane i rørsla ville ikkje gjera ho eller handlinga kjend. Ho var tenåring, og etterkvart gravid med barnet til ein gift mann. Ho vart skildra som «fyrrig», «munnrapp» og «emosjonell». Til samanlikning vart 42 år gamle Rosa Parks sett på som roleg, veloppdragen og møysommeleg. Leiarane i rørsla meinte difor at Parks var betre eigna som symbol for boikotten. 

Sju månadar seinare, to månadar før Parks, vart også 18 år gamle Mary Louise Smith arrestert for å ikkje ha gitt frå seg bussetet. Ho vart også rekna som eit upassande symbol for rørsla, fordi det gjekk rykter om at far hennar hadde alkoholproblem.

«Unge folk trur Rosa Parks berre sette seg ned på ein buss og enda segregeringa, men det var ikkje slik i det heile tatt», sa Colvin til the New York Times då boka om henne kom ut i 2009. 

Ruby Bridges (6) – Mississippi, USA

Det same året Ruby Bridges vart fødd, bestemte høgsterett at rasesegregering av barn i den offentlege skulen, ikkje fulgte grunnlova. Segregerte skular vart dimed oppheva.

Då Ruby gjekk i barnehagen fekk barna vanskelege testar for å avgjere om dei skulle få gå på ein skule for kvite. Tanken var at dersom alle afroamerikanske barn strauk på prøven, kunne kanskje skulane i New Orleans halda fram med segregerte skular. 

I 1960 fekk foreldra vite at Ruby var ein av berre seks aforamerikanske som hadde stått på prøven, og skulle vera den einaste afroamerikanske eleven til å gå på William Frantz-skulen, og den første til å gå på ein elles heilt kvit skule i heile sørdelen av USA.

Foto frå desember første året på skulen. Foto: AP Photo/Colorisering: QuickShifte87/Reddit

Førsteklassingen vart møtt med protestar og demonstrasjonar, og måtte bli fulgt til den kvite skulen av politiet. 

Foreldra til dei kvite elevane haldt barna sine heime. Ingen av klassekameratane hennar møtte opp opp resten av året, og Ruby var den einaste i eleven i klasserommet til lærar Barbara Henry eit heilt år. 

På grunn av opptøyar, truslar og bråk rundt at ho var på skulen, måtte ho halda seg i klasserommet med læraren heile dagen. Ho fekk ikkje gå ut i friminutta og skulle ho på do, måtte politiet følgja ho. 

Ruby vart eit ikon og inspirasjon under Borgarrettsrørsla

Audrey Faye Hendricks (9) – Alabama, USA

I mai i 1963 skjedde Birmingham Children’s Crusade i Alabama, USA. Dette var ein fredeleg demonstrasjon utanfor rådhuset i Birmingham, med mål om å få slutt på rasesegregeringa.

Demonstrasjonane var barnevarianten av demonstrasjonar Dr. Martin Luther King allereie hadde arrangert fleire gonger, i same by. Men dei vaksne hadde mykje å tapa på å bli sett i forvaring, så ungande stilte opp.

Fleire tusen skuleelevar møtte opp, skulka skulen og marsjerte for sine borgarrettar. Dei ville ha vekk segregeringslovene i byen.

9 år gamle Audrey Faye Hendricks var ein av dei første som meldte seg til å ofra nokre dagar i fovaring for saka. Også ho vart arrestert under demonstrasjonane og sat omlag ei veke i forvaring for aktivismen.

Politimenn leier svarte elevar til forvaring/internering, etter å ha arrestert dei for å demonstrere utan løyve. Dei demonstrerte mot rasistisk diskriminering og rasedeling av skular. Birmingham, 4. mai, 1963. Foto: AP Photo/Bill Hudson

Politiet prøvde først å stoppa barna med brannslukkingsapparat og politihundar som angreip barna. Barna vart sidan arresterte fordi dei mangla løyve til å demonstrera.

Etter omlag ei veke var interneringsanlegga for barn fylt heilt opp og politiet måtte la alle dei kring 500 unge aktivistane gå. Audrey var den yngste me veit om som vart arrestert under protestane.

Saka fekk stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Berre nokre dagar seinare gjekk bystyret med på å desegregera lokale butikkar.

Malala Yousafzai (11) – Pakistan

I 2009 byrja Malala å blogga om korleis livet var under Taliban, for BBC Urdu.

Den militære, ekstremist-gruppa Taliban hadde teke over byen hennar. Dei innført strenge fridomsrøvande reglar for kvinner, la ned jenteskular, tvinga folk til religiøs ekstremisme og innførte halshogging av dei som var imot styresettet deira.

Malala var berre elleve år, men byrja tala styresmaktene imot:

– Eg venta ikkje på nokon andre. Eg hadde to alternativ: det første var å la vera å heva stemma og venta på å bli drepen. Det andre var å heva stemma og så bli drepen. Eg valde det andre, sa ho i eit intervju til Dagbladet, nokre år seinare.

Under namnet Gul Makai kunne ho skriva anonymt. Sidan det var så farleg å uttala seg negativt om Taliban, var ho ein av veldig få som gjorde dette.

Bloggen ga Malala mykje merksemd, samstundes som ho også mottok drapstruslar på grunn av den.

I 2012 sat den då 14 år gamle Malala i bussen på veg heim frå skulen, då ein mann kom inn. Han spurde kven som var Malala og gjekk opp til ho før han skaut ho i hovudet. To andre vart også trefte. Taliban sa at dei stod bak, og lova at ho ikkje var trygg dersom ho overlevde.

Pakistanske barn ber for Malala og at ho skal overleva skotet. 12. oktober 2012. På skiltet står det: Malala Yousufzai. Foto: AP Photo/Shakil Adil

Ho overlevde og heldt fram med arbeidet for utdanning for jenter. Ho ga ut biografien I Am Malala: The Girl Who Stood Up for Education and Was Shot by the Taliban, og i 2013 vart ho kåra TIME magazine ho til ein av personane i verda med størst påverknadsmakt.

I oktober 2014 vann ho Nobels fredspris som den yngste nokon sinne, 17 år gamal. Barnerettsforskjempar Kailash Satyarthi vann også prisen saman med ho. 

 

Bana Alabed (7) – Syria

Då krigen i Syria braut ut, byrja 7 år gamle Bana Alabed å senda ut Twitter-meldingar frå byen Aleppo. Folk over heile verda las meldingane og såg videoane ho la ut, som viste korleis situasjonen var i den beleira byen.

Ho viste flyangrep, øydeleggingane, svolten, folk på flukt, at ho og familien var under stadig fare for å døy og korleis ho lengta til ein barndom med fred.

Alabed brukte emneknaggar som #StandWithAleppo, #HolocaustAleppo, #MassacreInAleppo, #StopAleppoMassacre og sende Twitter-meldingar retta mot President Putin i Russland, president Obama i USA og hennar eigen president i Syria, Bashar Assad.

Ho held stadig fram med dette arbeidet. I 2017 sendte ho meldingar retta mot Trump, då han tok over som president.

«If you promise me you will do something for the children of Syria, I am already your new friend,» skreiv ho mellom anna.

Før krigen var mor til Bana engelsklærar og ho hjelper dottera med Twitter-meldingane. Bana vil også bli lærar, men på grunn av krigen hadde ho ei stund ingen skule å gå til.

Amaryianna «Mari» Copeny (8) – Michigan, USA

I 2016 skreiv Mari Copeny eit engasjert brev til den dåverande presidenten i USA, Barack Obama. Ho bad han koma å møte henne og andre frå byen, då dei skulle besøka Washington D.C. Dei kom for å høyra på Kongressen som skulle diskutera vasskrisa i Flint.

Vasskrisa i Flint starta i 2014. Drikkevatnet i den amerikanske byen hadde vorte flytta fleire gonger og på grunn av slett arbeid, lak det bly frå vassrøyr og inn i drikkevatnet til innbyggarane. Over 100.000 menneske vart dimed utsett for høgt blynivå i drikkevatnet, noko som er svært helsefarleg.

Obama svara Mari at han ville koma til heimbyen hennar, læra meir om krisa og sjå kva som kunne gjerast. Besøket frå Obama resulterte i at staten erklærte krise og ga nasjonal merksemd til problemet i byen. Obama løyvde 100 millionar dollar for å fiksa vasskrisa.

Sidan då har fleire tiltak vore sett i gong, men skadane vil ikkje vera løyste før tidlegast i 2020. Saman med fleire andre organisasjonar, har ho starta pengeinnsamlingar for å skaffa flaskevatn til innbyggarane.

Under kallenamnet «Little Miss Flint» (Vesle frøken Flint), har Mari blitt ei viktig stemme for å betra kåra i lokalsamfunnet hennar.

Seinare har ho hjelpt elevar i heimbyen med nytt skuleutstyr. Ho er også den yngste ambassadøren for Women’s march, og ungdomsambassadør for Equality for Her. Ho har tala framfor det kvite hus og under vitskapsmarsjen i Washington D.C. Ho har også tala i FNs sin konferanse Girl Up Leadership, og er ei inspirasjon for jenter verda over.

«I’m a Flint kid that wants to help all the other Flint kids.»

Greta Thunberg under Klimatoppmøtet til FN 2019. Foto: FN

Kjelder: Britannica, Wikipedia, Timeline, New York Times, Biography.com, Huffpost, BBC, New Stateman, Dagbladet, Huffpost, Amysmartgirls.com, Twitter.