Leiar i Skeiv Ungdom: – Framleis eit stigma knytt til det å vere skeiv

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Livskvaliteten til skeive er dårlegare enn til den generelle befolkninga

– Vi har eigentleg visst dette lenge, men det er bra at vi no har tal som viser det, seier leiar i Skeiv Ungdom, Odd Thomassen (25) frå Søgne.

Ei nasjonal undersøking gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB) ser nærmare på forskjellane i livskvalitet mellom befolkninga i alt og lesbiske, homofile, bifile og personar som er seksuelt tiltrekt av alle kjønn (LHB+). Undersøkinga omfattar ikkje transpersonar.

Resultatet syner at skeive kjem dårleg ut på alle indikatorane på god livskvalitet.

Leiar i Skeiv Ungdom, Odd Thomasssen trur minoritetsstress kan vere ei av årsakene til at mange skeive har lågare livskvalitet enn resten av befolkninga. Illustrasjonsfoto:Colourbox.com

Trur minioritetsstress kan vere ei av årsakene

Ifølgje SSB oppgir skeive i større grad at dei er mindre nøgd med livet samanlikna med befolkninga generelt, særleg når det gjeld eigen økonomi og psykiske helse.

I aldersgruppa 18-24 år er over halvparten av skeive lite tilfreds med si psykiske helse. Tilsvarande for ikkje-skeive er 1 av 3.

Leiar i Skeiv Ungdom, Odd Thomassen, trur minoritetsstress kan vere ei av årsakene.

Minioritetsstress er belastninga ein kan bli utsett for som minoritet. Det kan handle om å oppleve negative reaksjonar, eller frykte at dei oppstår, men også skam og vonde kjensler knytt til korleis ein ser på sin eigen identitet.

– Det er framleis mykje fordommar mot skeive og mange opplever mykje hets og mobbing, seier Skeiv Ungdom-leiaren.

Ifølgje ein rapport frå Dembra (Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger) er «homo» eit av dei vanlegaste skjellsorda blant ungdom.

– Ting har blitt betre, men det er framleis eit stigma knytt til det å vere skeiv, seier Thomassen.

Figuren viser at skeive i større grad enn befolkninga generelt oppgir å vere mindre tilfredse med livet:

Illustrasjon: SSB

«Skeiv på bygda»

Over éin av fire av skeive (26 prosent) oppgir i SSB-undersøkinga at dei er mykje plaga med einsemd. Det er over dobbelt så mange som i befolkninga generelt.

Thomassen peikar på at det kan vere vanskeleg å bu i eit område der det ikkje er så mange andre skeive.

– Mange flyttar til storbyane for å bli ein del av eit større miljø. Eg vil ikkje seie at det treng å vere betre i byen, for mange har det jo kjempebra på bygda, men i dei store byane har du jo dette nettverket som ein kanskje ikkje finn på bygda, seier Thomassen.

Utstøtte bifile

Ifølgje undersøkinga er det særleg bifile som er mykje plaga av einsemd (32 prosent), deretter lesbiske og homofile og personar med anna seksuell orientering.

Thomassen seier at det kan oppstå diskriminering og utestenging også innanfor dei ulike skeive miljøa.

– Det finst homofile og lesbiske som meiner at gruppa med bifile ikkje eksisterer. Når ein føler seg utstøtt frå miljø som representerer ei utstøtt gruppe, så kan ein føle seg endå meir utanfor. Dei skeive miljøa er ikkje perfekte, seier han.

Johanna Breivang (24) har tidlegare skrive om at ho som bifil har vorte beden «velje side» av andre skeive og om korleis ho vert møtt av storsamfunnet:

– Eg har blitt kalla for pervers og ekkel, seksualiteten min blir ofte sett på som anten syndefull eller unaturleg, skreiv Breivang i eit innlegg hjå Framtida.no.

Dårlegare økonomi

Deltakarane i undersøkinga blei spurde om økonomisk romslegheit, moglegheit til å klare ei uventa utgift, materielle manglar, og om dei har opplevd alvorlege økonomiske problem.

Heile 48 prosent av skeive svarte generelt at dei er lite nøgde med den økonomiske situasjonen sin, samanlikna med 32 prosent i heile befolkninga.

SSB viser til at det særleg er yngre folk som definerer seg som skeive. Generelt er yngre folk mindre nøgde med økonomien enn eldre, kanskje fordi dei framleis er i utdanning eller enno ikkje har etablert seg i arbeidslivet, skriv dei i ei pressemelding om tala.

Ei anna forklaring kan vere at arbeidsløyse og uføre er meir utbreidd blant skeive. Leiaren i Skeiv Ungdom deler dette perspektivet.

– Viss du slit psykisk så har du ofte mindre pengar å rutte med, seier Thomassen.

Han peikar vidare på at mange skeive også opplever å bli diskriminert av arbeidsgivar.

Viktig med førebyggjande arbeid

Likestillings- og diskrimineringsombodet fortel at dei kvart år mottar om lag 22 førespurnader med spørsmål knytte til seksuell orientering i kombinasjon med arbeidslivet. Fleire av desse gjeld spørsmål om trakassering på jobb.

Hanne Bjurstrøm frå likestillings- og diskrimineringsombodet. Foto: Likestillings-og diskrimineringsombodet/Flickr/CC BY-NC 2.0

– At vi ikkje får mange saker på dette området, treng ikkje bety at diskriminering ikkje skjer, seier Hanne Bjurstrøm.

Ei levekårsundersøking som blir lansert i løpet av hausten vil gi meir kunnskap om korleis situasjonen for LHB-personar i arbeidslivet er i dag, fortel ho.

Bjurstrøm seier at tidligare forskning tyder på at det ikkje er diskriminering i form av forskjellsbehandling som er den største utfordringa i arbeidslivet, men at nokon framleis har negative haldningar og kjem med kommentarar som kan opplevast som trakasserande.

– Erfaringa vår er at mykje er gjort viss arbeidsgivar tar det førebyggande arbeidet på alvor, seier Bjurstrøm.


Les intervjuet med albanske Xheni: – På grunn av folk som deg, lyt folk som meg gøyme seg

Xheni Karaj kom ut som lesbisk på nasjonal TV, fordi ho ikkje orka vere taus lenger. Foto: Privat