USA: 2021 er det dødelegaste året registrert for transpersonar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.12.2021 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framleis gjenstår halvannan månad av 2021, men allereie er året det dødelegaste registrert for transpersonar og ikkje-binære i USA.

Til no har minst 45 transpersonar eller ikkje-binære vorte drepne.

Det er det høgaste talet sidan organisasjonen Human Rights Campaign først byrja å registrere dødsfall i 2013.

Det melder britiske Pink News, som først omtalte saka.

– Ein nasjonal epidemi

– Kvar av desse 45 namna representerer ein heil person og eit rikt liv som er rivne frå oss av meiningslaus vald, driven av bigotteri og transfobi og egga opp av folk som hatar og fryktar transpersonar og kor rik deira oppleving er.

Det seier Joni Madison, mellombels president i HRC, i ei pressemelding.

Den triste rekorden vart stadfesta då amerikanske Marquiisha Lawrence vart funnen drepen i byrjinga av november. Nokre dagar seinare vart nok ei transkvinne, Jenny De Leon, stadfesta drepen.

– Dette er ein nasjonal epidemi – og svarte og latinamerikanske transkvinner held fram med å verte uforholdsmessig råka av desse dødelege valdshandlingane, melde Equality Florida, som kjempar for skeive rettar i Florida, på Facebook.

Rekordmange nye antitrans-lover

Human Rights Campaign peikar på at transpersonar sine rettar er under press i USA, med nye lover som snevrar inn tilgangen til helsevesenet og mogelegheita til å leve synlege liv.

Organisasjonen har halde auge med lovverket dei siste 15 åra, og aldri før har så mange forslag som er anti-LHBTQ vorte forsøkt innført. Allereie i mai var over 250 forslag introduserte, og 17 vedtekne.

Innan midten av april 2021 var over 100 lovforslag som er anti-trans vorte lagt fram i 33 ulike statar. Mange av desse er på full fart inn lovverket, ifølgje CNN.

Flesteparten av lovforslaga påverkar transungdom.

  • 31 statar har introdusert lovforslag som hindrar transungdom frå å delta i idrettar som samsvarar med kjønnidentiteten deira.
  • 20 statar har introdusert lovforslag som hindrar tilgangen til kjønnsstadfestande behandling for mindreårige.

I tillegg har fleire statar freista innføre føringar på korleis og kor vidt skular kan undervise om kjønnsmangfald og skeive rettar.

Mørketal

Ifølgje Human Rights Campaign har ti statar vedteke lover som går på kostnad av transpersonar, samstundes som organisasjonen registrerer ein auke i stigmatiserande retorikk.

– Umenneskeleggjerande retorikk har ekte konsekvensar for transmiljøet, spesielt for ikkje-kvite transkvinner og særleg for svarte transkvinner, seier HRC-leiar Joni Madison i pressemeldinga.

Ifølgje forskingsprosjektet Trans Murder Monitoring, som kartlegg drap på transpersonar og ikkje-binære, er USA eit av landa der flest transpersonar vert drepne kvart år. Berre i Brasil og Mexico er talet høgare.

Samstundes åtvarar fleire organisasjonar om at drapstalet kan vere endå høgare, då transpersonar kan verte feilkjønna etter dei døyr og såleis ikkje verte registrerte.


Les intervjuet med Natalia som jobbar for skeive rettar i Russland: – Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar, fortel Natalia

Russiske Natalia Soloviova arbeider for å betre kåra til LHBTI-personar i heimlandet. Foto: Privat