Undersøking: Éin av tre transpersonar har opplevd seksuelle overgrep

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Levekårsundersøkinga med namn Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår ser på levekåra til skeive i Noreg. Undersøkinga viser mellom anna at transpersonar skårar lågare enn andre når det gjeld arbeidsevne og psykisk helse, skriv NRK.

I undersøkinga oppgav meir enn kvar tredje transperson at dei har vorte tvinga til seksuelle handlingar. Samtidig oppgav over 30 prosent at dei hadde prøvd å ta livet sitt.

Vankunne og fordommar

Sentralstyremedlem Christine Marie Jentoft i Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) meiner tala er ekstremt skremmande, samtidig er ho ikkje sjokkert.

– Dette nivået av intoleranse og hat oppstår ikkje i eit vakuum. Det kjem som eit resultat av haldningar som får byggje seg opp basert på vankunne og fordommar, seier ho til NRK.

Ho meiner styresmaktene må ta grep og sørgje for folkeopplysning om transpersonar for både unge og vaksne.


Les også meiningsinnlegget frå Karoline Skarstein: «Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser»

Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik