Fjorten EU-land fordømmer Ungarn sin nye «homo-lov»
Fjorten EU-land fordømmer Ungarn sin nye «homo-lov» som forbyr all positiv omtale av homofili og kjønnsmangfald.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag 15. juni vedtok Ungarn ei ny lov som forbyr «promotering av homofili».
Lova inneber at all undervisning og offentleg omtale av LHBT til personar under 18 år blir forbode. Statsminister Viktor Orbán sitt nasjonalkonservative parti Fidesz argumenterer med at lova skal «beskytte born mot pedofili».
– Ein mørk dag
I praksis vil lova betyr at også TV-seriar som Friends og Harry Potter-bøkene kan bli forbode for mindreårige, fordi homoseksualitet er nemnd. Det kan også reklamar som Coca Cola som viser likekjønna par bli.
Ei liknande lov finst allereie i Russland, der det sidan 2013 har vore forbode med «promotering av ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar» til mindreårige. Amnesty er blant menneskerettsorganisasjonane som har gått hardt ut mot at no også Ungarn strammar inn. Dei kallar innføringa av lova ein mørk dag for Ungarn og for LHBT-rettar.
– Som den berykta russiske «propagandalova» vil den nye lova halde fram med å stigmatiserer LHBT-personar og deira allierte. Den vil utsetje folk som allereie står overfor eit fiendtleg miljø for endå større diskriminering, skriv menneskerettsorganisasjonen på sine sider.
- Les også om russiske Valentina som vann Stoltenbergprisen for sitt arbeid med Barents Pride, men samstundes fekk drapstrugslar i heimlandet: – Situasjonen har vorte verre, og det vil verte endå verre.
Fjorten EU-land fordømmer
Det har kome sterke reaksjonar både i og utanfor Ungarn etter at lova vart vedteke. Tusenvis har teke til gatene for å demonstrere, og tysdag fordømte 14 av 27 EU-land den nye lova.
Det var i EU-rådet den nye lova vart diskutert tysdag ettermiddag. Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Irland, Litauen, Spania, Sverige, Italia, Luxembourg, Nederland og Latvia stilte seg då bak uttalinga Belgia tok initiativ til.
– Me uttrykker alvorleg bekymring over det unganske parlamentet sitt vedtak om lovendringar som diskriminerer LHBTIQ-personar, og krenkar retten til ytringsfridom under påskotet av å beskytte born, står det skrive i uttalinga.
Dei 14 medlemslanda ber EU-kommisjonen om å framover gjere alt dei kan for å sikre full respekt for EU-lovgjevinga og menneskerettane.
– Me står for å beskytte rettane til alle EU-borgarar, avsluttar dei.
Les meir om menneskerettsutviklinga og LHBTI-kampen i Europa i artikkelserien Over regnbogen!
- I artikkelserien kan du blant anna lese om Dajana (34) som arrangerte den første Pride-paraden i heimlandet: – Eg står på rett side av historia