Storbritannia prøver ut firedagars arbeidsveke
Over 30 bedrifter har så langt sagt ja til å vere med i prøveprosjektet og forskarar skal følgje med på resultata.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Koronakrisa har endra korleis folk tenker om arbeidsplass og arbeidsliv. No har redusert arbeidstid, til same løn, igjen fått vind under vengene.
Denne veka har prøveprosjektet 4 Day Week starta opp i Storbritannia, der tilsette skal jobba 80 prosent, med 100 prosent løn.
Saka har vore omtalt av fleire britiske medium.
Tanken er at det skal føre til minst like god produktivitet som den klassiske modellen med fem dagars arbeidsveke, og dimed vere vinn-vinn for både tilsette og arbeidsgivarar.
Skal forske på klimaeffekten
Den New Zealand-baserte organisasjonen 4 Day Week Global, meiner at redusert arbeidstid vil føra til auka produktivitet for bedriftene, betre mental helse hos dei tilsette, gjera familiar og samfunn sterkare, betre likestilling og vere eit ledd for å oppnå eit meir bærekraftig arbeidsliv.
I mai kom ein rapport bestilt frå organisasjonen, frå Platform London som også viste at kortare arbeidsdagar kan kutte i karbonavtrykket til Storbritannia.
Det er 4 Day Week Global som står bak prøveprosjektet som no startar opp, saman med tenketanten Autonomy.
I tillegg er forskarar ved Cambridge University, Boston College og Oxford University med og skal sjå på korleis dette påvirkar produktiviteten, trivsel og velvære for dei tilsette, klima- og miljøeffekten og likestilling.
Canon er med
31. mars er fristen for å melde seg på pilotprogrammet, der organisasjonen 4 Day Week tilbyr opplæring og støtte. I mai skal forskarane samle inn grunnverdiar slik at dei har noko å samanlikne med når prosjektet er i gong.
Sjølve prøveprosjektet skal vare i seks månadar, frå juni til desember 2022, skriv organisasjonen på sine sider. Allereie har over tretti bedrifter meldt seg på ifølgje Nationalworld.com, mellom anna det store teknologifirmaet Canon.
Fleire land testar ut firedagarsveke
4 Day Week Global har også liknande prøveprosjekt i Irland, USA, Canada, Australia og New Zealand.
I tillegg har fleire bedrifter over heile verda innført liknande prøveprosjekt, og nokre har gjort det permanent etter at prøveperioden var over.
På Island fann dei ut at folk vart meir produktive og lukkelegare med etter prøveprosjektet i 2015-2019. I Japan har regjeringa råda bedrifter til å tilby firedagarsveke, det same har statsminister på New Zealand, Jacinda Ardern.
I Spania har dei no innført eit prøveprosjekt med firedagarsveka og i Scotland har regjeringa lova at dei vil prøve ut firedagarsveke og skal bruke 10 millionar pund (om lag 120 millionar norske kroner). Dette etter at ei undersøking viste at 80 prosent av befolkinga var svært positive til dette.
Då Microsoft prøvde ut firedagars veke utan mindre løn i Japan, gjekk produktiviteten opp med 40 prosent. I Los Angeles har selskapet Bolt permanent gått over til firedagarsveke etter ein prøveperiode på ein månad.
- Les også: I klårtekst: Kva er borgarløn?