Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå for deg ei verd der ingen jobbar, alle har tid til å vera med familien, å hjelpe kvarandre, studera og vera kreative. Jobbane som må gjerast tek robotane seg av.

Slik meiner mange at livet ville vore om ein innførte garantert grunninntekt: også kalla borgarløn, eller samfunnsløn.

På den andre sida er det også mange som meiner ei slik verd ville ført til latskap, mangel på arbeidsplassar, lite fagforeiningsmakt og generelt ville vore altfor dyrt for staten.

For å hjelpe deg å finne ut kva du meiner om borgarløn, tek me ein gjennomgang.

Borgarløn: Kva er det eigentleg?

Ifølgje Store norske leksikon kan det forklarast så enkelt:

«Borgerlønn er en garantert inntekt til alle medlemmer av et politisk fellesskap, for eksempel alle borgere i et land.»

Den internasjonale borgerlønnsorganisasjonen BIEN definerer borgarløn som ei fast månadleg utbetaling til alle borgarar. Argumentet er at alle skal vera garantert eit økonomisk minimum – og at dette er ein slags menneskerett.

Borgarløn vil dimed i praksis bety at alle personar i eit land får ei fast grunnutbetaling jamleg, uavhengig av om dei jobbar eller ikkje og uavhengig av anna inntekt og formue.

Slik ho blir diskutert i dag, er det staten som skal betala ut pengane, og summen må vera nok til å kunna leva av. BIEN har rekna ut at det vil vera nærare 20.000 kroner i månaden i Noreg.

? Kor kom idéen frå?

1516: Allereie i 1516 vart tanken om ei samfunnsløn lansert i boka Utopia av Thomas Moore. I boka hans blir tanken lansert som eit verkemiddel for å stanse folk frå å stele mat.

Thomas Paine

1796: Sjølve borgarløn-idéen kom den engelske forfattaren Thomas Paine med i 1796. Han skreiv eit essay om ei universell, grunninntekt utan vilkår i teksten «Agrarian Justice». Argumentet hans var at jorda er felleseige, og difor bør alle medlem av samfunnet motta ein grunnsum som kompensasjon for det som er blitt teke frå dei gjennom den private eigedomsretten. 

1900-talet: Utover 1900-talet vart idéen om borgarløn teken opp igjen fleire gongar, som regel som ein alternativ velferdspolitikk for å sikra fordeling av godene.

Under korona-pandemien har diskusjonen igjen fått luft under vengene, med stor arbeidsløyse og behov for inntekt.

? Kven har prøvd det?

England er eitt av landa som no snusar på borgarløna. Der har stemmer i det britiske arbeidarpartiet signalisert at dei er positive til å prøve ut «basic income», dersom dei kjem til makta.

Fleire land har òg tidlegare sett i gong ulike prosjekt for å finne ut om borgarløn er vegen å gå, for å møte utfordringane i arbeidslivet og løyse byråkratiseringa av velferdssystemet.

Særleg to store forsøk er gjort, i Finland og Canada.

?? Finland: Høgare skatt, men betre helse

I Finland støtta sju av ti innbyggarar ei borgarløn på rundt 1000 euro i månaden. I januar 2017 fekk 2000 arbeidsledige finnar 560 euro skattefritt i månaden, utan forpliktingar.

Prosjektet vart stoppa og varte berre i to år. Resultata viste at dei som mottok borgarløn i like stor eller liten grad som andre arbeidsledige greidde å skaffa seg jobb. Sjølv om borgarløna ikkje bidrog til auka sysselsetting, betra den helsa til dei som fekk borgarløn, og auka trua deira på framtida og eiga evne til å påverka samfunnsproblem.

– Dei hadde mindre stressymptom, færre helseproblem og mindre vanskeleg for å konsentrera seg, enn kontrollgruppa seier forskingsleiar Minna Ylikanno ved Finlands velferdsmyndigheit Kela i ei pressemelding.

Ein rapport frå OECD viste at skattane i Finland måtte aukast med 30 prosent for å finansiere allmenn borgarløn. Dei har også tidligare kritisert prosjektet, fordi dei meiner summen på 560 euro ikkje er økonomisk levedyktig og kan føra langt fleire personar inn i fattigdom.

?? Canada:

I Canada prøvde dei borgarløn-prosjektet Mincome på 70-talet. Også der viste resultata at det vart færre sjukehusbesøk, færre arbeidsrelaterte ulukker, mindre vald i heimen, færre bilulukker, færre psykiatriske innleggingar, unge tok utdanning heller enn dårleg betalte jobbar og kvinner med små barn jobba mindre.

? Kva er argumenta for borgarløn?

Ulike forskingsrapportar konkluderer med at alt frå ein tredjedel til halvparten av dagens menneskejobbar kan erstattast i løpet av 20 år.

Argumenta for borgarløn. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Dei tre hovudargumenta for borgarløn plar vera at det vil utjamne økonomiske forskjellar og sosial dumping, vera ei hjelp i møte med større automatisering i arbeidslivet og at det vil føre til mindre byråkrati og frigjere ressursar i dei offentlege instansane.

I tillegg til desse tre hovudargumenta, er det ei rekke andre argument folk har brukt for å bygga opp om idéen om borgarløn:

  • Kvinner vil få betalt for alt gratisarbeidet dei gjer og dette kunne gitt kvinner eit økonomisk sjølvstende rundt om i verda
  • Mindre stigmatiserande velferdsordning enn behovsprøvd
  • Auka kreativitet og arbeidsvilje
  • Fleire vil ta utdanning (har råd til å droppe lågare betalte jobbar)
  • Fleire vil delta i frivillig arbeid
  • Betre helse
  • Tidsklemma vert redusert
  • Bra for klima om det fører til mindre forbruk
  • Næringslivet vert styrka om fleire har råd til å handla
  • Særleg bra i fattige land: truleg større effektar og lågare kostnadar

? Kva er argumenta mot borgarløn?

Hovudargumentet mot borgarløn er: kostnaden.

Nivået på ytinga må vere så høg at folk kan leva av borgarløna. Det blir kostbart. 

Dersom ei universell borgarløn skulle kome i tillegg til velferdsordningar, vil det vere særleg kostnadsfullt i land som Noreg som har godt utbygde velferdsordningar frå før. 

Om alle vaksne nordmenn skal få 200.000 kroner frå staten, vil det koste omlag 800 milliardar kroner i året. I 2019 betalte NAV ut 447 milliardar kroner til personar busett i Noreg og alderspensjon utgjer halvparten av summen. 800 milliardar er dimed omlag dobbelt så mykje som dei årlege ytingane frå folketrygda.

NAV sitt driftsbudsjett er på rundt 12 milliardar kroner i året, og byråkratiet ein sparar er dimed lite samanlikna med 800 milliardar.

Ein fryktar òg at arbeidsdeltakinga blir lågare om ein får løn utan å jobbe, noko som vil gå ut over verdiskapinga i samfunnet.

Argumenta mot borgarløn. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

For å sikra ein høg nok grunnsum til alle, blir kostnadane til staten høge. Mange meiner at skattenivået frå dei som jobbar og næringslivet då må opp. 

Andre argument mot borgarløn kan vere:

  • Mindre konkurransedyktig næringsliv dersom skattane aukar
  • Mindre treffsikkert til å utjamne forskjellar og kan gå på kostnad av andre velferdsytingar
  • Arbeidsløyse og automatisering er ikkje eit stort problem, me manglar arbeidskraft per i dag.
  • Strir mot arbeidslinja og vil gjere det mindre motiverande å jobbe
  • Kan svekke fellesskapskjensla og tilhøyrsla til samfunnet
  • Kan kome til å utfordre fagrørsla når fleire har meir fleksible arbeidsvilkår
  • Vil vere vanskeleg å tilby alle som kjem til Noreg og gjere migrasjon vanskeleg
  • Kan bli større økonomiske skilnadar mellom dei som jobbar og dei som berre får borgarløn
  • Kan føre til mindre likestilling dersom det gjer at kvinner har mindre insentiv til å kome inn i arbeidslivet
  • Folk vil jobbe

?? Kva meiner dei norske partia?

I Bergen har byrådet vore ope for å vera med på eit prøveprosjekt i Noreg, om det skulle bli aktuelt. Byrådet består av Arbeidarpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Dei legg som grunnlag at borgarløna skal gi ei inntekt som er stor nok til å leve av. 

Dei nasjonale politiske partia deler seg i to: anten for å prøve ut ei slags borgarløn/grunninntekt, eller for å styrka velferdsgoda.

Elles har Piratpartiet og Demokratene i Norge programfesta borgarløn eller tilsvarande.

?Borgarløn i dag

Under koronakrisa har mange land opplevd brå, stor arbeidsløyse. Fleire har møtt dette med å innføra delvise borgarløn-ordningar:

Canada innførte eit system der dei som ikkje kvalifiserer til dagpengar, fekk 2000 dollar i månaden. I USA fekk alle som tener under 75 000 dollar i året (90 prosent av dei) fekk ei eingongsutbetaling på 1200 dollar. I Australia fekk seks millionar av dei 13 millionar arbeidande i landet, 3000 dollar i månaden, for å forsøke å halda økonomien i gang.

BIEN Noreg føreslo også at alle norske borgarar mellom 18-67 år skulle få utbetalt 19.000 kroner i månaden under koronakrisa.

I dag er eit av dei sterkaste argumenta for borgarløn spådommane om ei framtid med veksande ulikskap, rikdom for få, og arbeidsplassar som forsvinn til teknologi og robotar.

Mange meiner borgarløn er løysinga i ein situasjon der arbeidslivet vert automatisert og velferdsstaten er under press, men det er likevel ingen som har innført borgarløn i praksis.

Er du for eller mot borgarløn?

Er du for eller mot borgarløn?

For borgarløn18
Mot borgarløn1
Veit ikkje3
Svar totalt: 22

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen