Statsbudsjettet 2026:

Regjeringa blir kritisert for låg klimafinansiering – tala er først klare i 2027

Noreg får kritikk for å vere langt frå målsettinga om auka klimafinansiering til verdas fattige land. UD svarar at dei brukar meir enn kritikarane hevdar, men har ikkje eit samla tal.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Arbeidarpartiets forslag til statsbudsjett for 2026 sviktar totalt på klima, er dommen frå Spire.

Miljø- og utviklingsorganisasjonen meiner regjeringa har løyvd altfor lite pengar til klimafinansiering i budsjettforslaget. Klimafinansiering er løyvingar til tiltak som fremjar utsleppskutt eller klimatilpassing i utviklingsland.

– Regjeringas forslag på 1,5 milliardar kroner til klimafinansiering dekker berre ein brøkdel av det reelle globale behovet på 1000 milliardar dollar årleg. Noregs rettferdige andel er på minst 67 milliardar kroner årleg, skreiv Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord i ei pressemelding då statsbudsjettet vart lagt fram onsdag.

Spire reagerer på at dette er 300 millionar mindre enn det som var løyvd i same post i fjor. 

Blir krevjande å nå tredoblingsmålet

I budsjettet til Utanriksdepartementet (UD), som har ansvar for bistand, er det sett av i overkant av 1,5 milliardar kroner under posten «miljø og klima». Departementet understrekar i budsjettet at det bidreg til regjeringas mål for klimafinansiering, men at det òg er fleire andre postar på bistandsbudsjettet som bidrar til det totale anslaget for norsk klimafinansiering, inkludert klima- og skoginitiativet som Klima- og miljødepartementet har ansvar for.

Noregs klimafinansiering i 2024 var på 18,7 milliardar kroner, ifølgje Utanriksdepartementet.

Framtida.no har stilt spørsmål til regjeringa om kva det totale budsjettet for klimafinansiering i statsbudsjettet er. Sjå kva dei svarar seinare i saka.

Under FNs klimatoppmøte i 2024 i Baku, blei partane einige om eit nytt globalt klimafinansieringsmål til utviklingsland på minst 300 milliardar dollar årleg innan 2035. Det er ei tredobling frå det førre målet.

«Klimatilpassing er framleis ein prioritet for regjeringa, men det vil bli krevjande å nå tredoblingsmålet i 2026», skriv Utanriksdepartementet i budsjettet.

Erfjord i Spire er sjokkert over at regjeringa opnar for å ikkje nå tredoblingsmålet.

– Noreg er lysår unna det vi faktisk skuldar i statleg klimafinansiering. Vi har bidratt til å skape klimakrisa, og held fram å profittere på å pumpe opp olje og gass. Dagens budsjettforslag er nok eit svik av det globale sør.

Vatnar ut bistanden

Også Changemaker meiner regjeringa har sett av altfor lite pengar til klimafinansiering. Organisasjonen har lagt saman ulike postar i statsbudsjettet frå Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet, og kome fram til at regjeringa set av 8,29 milliardar kroner til klimafinansiering.

– Klimakrisa er både eit sikkerheitsproblem og ein trussel som forsterkar fattigdom. Difor burde Noreg auka klimafinansieringa si, meiner Ragnhild Bergli, leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Den låge summen sett av til klimafinansiering i årets budsjett viser at regjeringa verken har vilje til å ta klimakrisa eller sikkerheitstrusselen som ligg i den på alvor, uttalar leiar i Changemaker Ragnhild Bergli i ei pressemelding.

Ungdomsorganisasjonen reagerer på at Noreg hentar midlar til klimafinansiering frå bistandsbudsjettet.

– Det vatnar ut heile bistanden, og går på kostnad av dei aller fattigaste og mest sårbare i verda. Klimafinansiering og bistand burde ikkje setjast opp mot kvarandre, dei prioriteringane bør bli tatt andre stader, meiner Bergli.

No forventar Changemaker at støttepartia MDG, SV og Raudt tar eit oppgjer med det organisasjonen meiner er ei manglande satsing på klima i budsjettet.

Bør kome på toppen av anna bistand

Organisasjonane får støtte frå leiar i Grøn Ungdom Tobias Stokkeland. Regjeringa har eit mål om at éin prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) skal gå til bistand. Stokkeland meiner at klimafinansiering skal kome på toppen av éin prosent bistand, ikkje vere ein del av det.

Tobias Stokkeland er leiar i Grøn Ungdom. Foto: Einar Nygaard

– Eg synest det er heilt openbert at vi i Noreg, som er eit av verdas rikaste land med verdas største pensjonsfond, som vi har tent ved å kjøpe aksjar for oljepengar og basically tent på olje og gassutslepp, skal bruke mykje meir på å kutte utslepp.

Stokkeland understrekar at Noreg har eit moralsk ansvar for å kutte utslepp i resten av verda.

– Då meiner eg at det må gå på toppen av det ansvaret vi har for å hjelpe folk ut av fattigdom, seier han til Framtida.no.

Utviklingsministeren: – Først klart i 2027

Men kor mykje planlegg regjeringa eigentleg å bruke på klimafinansiering? Framtida.no har spurt Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet om kva den totale summen er, og lagt fram kritikken om at klimafinansiering går på bistandsbudsjettet.

Utanriksdepartementet svarar på spørsmåla.

– Den endelege summen for klimafinansiering for 2026 blir rekna etterskotsvis og vil ikkje vere klar før i 2027, uttalar utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap) i ein e-post via kommunikasjonseininga.

Han understrekar at Noreg støttar klimatiltak under ei rekke postar på statsbudsjettet, mellom anna gjennom kjernebidrag til utviklingsbankane.

– Noreg forheld seg til dei internasjonale reglane for kva som er offisiell bistand (ODA) og klimafinansiering som kan teljast som ODA er difor ein del av bistandsbudsjettet.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust. Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

Ifølgje statsråden har Noreg tre år på rad nådd målet om å doble norsk klimafinansiering frå 7 milliardar kroner i 2020 til 14 milliardar kroner innan utgangen av 2026.

Aukrust peikar på tilskot til ulike organisasjonar, matsikkerheit og bevaring av regnskog som viktige bidrag til klimatilpassingstiltak som får støtte.

– Eg har stor forståing for at det ikkje er lett å lese ut av statsbudsjettet kor mykje som er budsjettert på eit tema. Eg kan likevel stadfeste at regjeringas forslag til klimabistand for 2026 er langt over 1,5 milliardar kroner.

UD oppgir ingen sum på Framtidas spørsmål om kva den totale klimafinansieringa det er budsjettert med er.

Saknar tydelegare oversikt

Spire svarar til Framtida.no at dei burde presisert at den totale klimafinansieringa er sett saman av fleire postar, og har retta dette i pressemeldinga si.

Dei saknar likevel ei tydelegare total oversikt og fordeling mellom kva som går til klimatilpassing, tap og skade og utsleppskutt.

– Samstundes er det viktigaste fokuset for oss at Noreg ikkje innfrir vår rettferdige andel på minst 67 milliardar kroner i klimafinansiering årleg, og vi håpar at årets sum blir langt høgare enn fjorårets total på 18,7 milliardar kroner. Vi er også kritiske til at denne summen inkluderer både offentlege midlar og mobilisert privat kapital, og meiner klimafinansieringa må vere offentleg og gåvebasert.