«Brått vart vi også inkluderte og kunne gi tilbake til samfunnet, sjølv om vi var heime.»

Kvinne, 23
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då korona kom, førte det med seg at fleire og fleire måtte på heimekontor og at meir og meir blei digitalt og møte vart gjennomførte digitalt på grunn av smittevernomsyn.

Dette opna mange dører for oss som er uføre eller av andre grunnar slit med å jobbe eller bidra til samfunnet på måtar vi ikkje kan gjere heimefrå.

Brått kunne ein takke ja til moglegheiter ein før hadde måtta takke nei til, fordi ein ikkje fysisk kunne stille.

Brått vart vi også inkluderte og kunne gi tilbake til samfunnet, sjølv om vi var heime.

Brått vart vi også inkludert og kunne gi tilbake til samfunnet, sjølv om vi var heime.

Ein ting som verkeleg uroar meg, er om dette også forsvinn no som samfunnet opnar igjen.

At eg mistar moglegheita mi til å bidra til samfunnet gjennom å dele min kunnskap digitalt til andre.

Som ufør har eg lenge skamma meg og følt meg som ein byrde for samfunnet. Eg veit det er noko ein ikkje skal skamme seg over, men når ein les kommentarfelt og høyrer haldningane folk har til oss «nav-arar» sjølv om ein har gode grunnar, klarer ein ikkje anna enn å skamme seg når ein føler ein ikkje får bidrege til samfunnet slik ein vil.

Endeleg føler eg meg som ein ressurs, og at eg har ei meining. Eg har noko å svare når folk spør meg kva eg driv med, sjølv om mykje er frivillig arbeid digitalt.

Eg er redd for at det går tilbake til total isolasjon og skam dersom vi mistar moglegheitene korona har skapt for oss, med det digitale og med heimekontor.

Det er så mange som kanskje ikkje klarar ha ein fast jobb, men som innimellom kan klare å bidra på ulike måtar digitalt, som no er redde for å bli gløymde og miste sine moglegheiter.

Eg håpar at arbeidsgivarar og andre held fram med å tilby digitale løysingar, det er ikkje alle som er like glade for at ein endeleg kan reise og møtast igjen.

Innlegget er publisert anonymt av omsyn til forfattaren. Framtida.no kjenner identiteten til forfattaren.


Sundag 10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Les også lesarinnlegget frå Aida Tesfai, assisterande generalsekretær i Mental helse ungdom:

«Kjem vi til å halde fram å dele når ting er vanskeleg, eller er alt det der forbi?»

Fotokollasj: Canaran/GettyImages, innfelt: Aida Tesfai, assisterande generalsekretær i Mental helse ungdom. Fotograf: Leon Emil Dyb