Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei fleste blir veldig sett ut etter å ha jobba med oss. Folk har lenge trudd at dei er inkluderande, og når dei høyrer ting bli forklart frå fleirkulturelle sitt perspektiv, så blir dei heilt sjokkerte.

Kimiya Sajjadi (23) fortel at ho seinast dagen før hadde ein samtale med ein leiar som fekk ein skikkeleg vekkar. Sajjadi er initiativtakar og dagleg leiar av Big Enough Global, som jobbar inn mot det private og offentlege arbeidslivet for å rekruttere og behalde fleirkulturelle arbeidstakarar.

– Etter å ha snakka med oss skjønnar dei at dei må jobbe meir med det, det skjer ikkje av seg sjølv.

Føler seg utanfor

Big Enough Global-leiaren snakkar med Framtida.no på videosamtale saman med marknadsføringsansvarleg Masa Paunov (20). Dei har begge minoritetsbakgrunn, og har sjølv opplevd å føle seg annleis og utanfor i arbeidslivet.

– Eg kom til Noreg for fem år sidan, og har kjent på alt frå å vere usikker på språket til å føle at ein ikkje passar inn i mange situasjonar. Det er ei utfordring, men det er òg fint å sjå ting frå fleire perspektiv. Ein må bruke det som ein styrke både sosialt og i arbeidet, seier Paunov.

– Eg legg veldig merke til at når folk ikkje ser ut som meg, så føler eg meg automatisk ikkje velkommen, legg Sajjadi til, og fortel at ho kom til Noreg frå Iran som 3-åring.

Kimiya Sajjadi studerer jus ved UiO og Masa Paunov studerer elektronisk systemdesign og innovasjon ved NTNU.

Big Enough Global starta i 2018 eit prosjekt for å gje flyktningar på Lesvos moglegheit til å ta internasjonalt godkjente engelsksertifikat. Etter kvart oppdaga dei at det var behov for ei bru mellom fleirkulturelle unge og arbeidsmarknaden. No driv dei med konsultering inn mot arbeidslivet.

– Vi fekk tilbakemeldingar om at verksemder ønska fleirkulturelt mangfald, men at dei syntest det var utfordrande å få nok søkarar. Då blei vi veldig frustrerte, fordi vi skjønte at næringslivet ønska meir mangfald, men ikkje skjønte korleis dei skulle appellere til søkarar, fortel Sajjadi.

Kimiya Sajjadi, Masa Paunov, William Semb og Sevgi Usein utgjer Big Enough Global-teamet. Foto: Big Enough Global

Dårlegare representerte

I dag er 65,4 prosent av innvandrarar i arbeid, mot 78,1 prosent i befolkninga eksludert innvandrarar. I heile befolkninga var 75,5 prosent sysselsette i 2020, viser dei siste tala frå SSB. Nedgangen i delen sysselsette det siste året var òg noko større blant innvandrarar enn resten av befolkninga.

E24 og Equality Check har laga eit mangfaldsbarometer som tek for seg mangfald og likestilling i norske verksemder. Det syner mellom anna at:

  • To av fem kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn seier dei har opplevd ubevisst diskriminering.
  • 47 prosent av LHBTIQ svarar at dei opplever at kvalifikasjonane deira blir stilt spørsmål ved på grunn av den dei er.
  • Etniske minoritetar har 50 prosent høgare sannsyn for å svare at dei har opplevd upassande vitsing om gruppa dei høyrer til.

Alt i alt skårar arbeidslivet 3,9 av 5 på mangfaldsbarometeret. Totalskåren er basert på sjølvrapportering av over 10 000 tilsette i 396 norske verksemder.

Ei fersk undersøking frå Equality Check i samarbeid med Mak syner òg at 30 prosent av minoritetskvinnene er ueinige i at arbeidsplassen gir like moglegheiter, mot 23 prosent for majoritetskvinner. For menn er tala 22 prosent blant minoritetar mot 14 prosent blant majoritetsmenn.

– Målet vårt er å bidra til at fleirkulturelle blir representert i dei delane av næringslivet der det er mangel på representasjon, seier Sajjadi i Big Enough Global, og understrekar at fleirkulturelle er ei mangfaldig gruppe.

– Ingenting av det vi meiner og seier eller tiltaka våre gjeld for alle. Nokre kjenner seg att i noko, andre i noko anna. Målet med å setje inn tiltak er å inkludere fleire og fleire.

Ho er ikkje nøgd med situasjonen verken når det kjem til representasjon, trivsel eller moglegheiter etter ein startar i ein jobb.

– Grunnen til det er at ein ikkje har jobba for det i det heile tatt, slår ho fast.

Podkast-satsing

Big Enough Global si siste satsing er ein podkast som rettar seg både mot arbeidslivet og mot unge.

I podkasten har dei med ulike gjestar med ulik mangfaldsbakgrunn som fortel om sine opplevingar med arbeidslivet, noko dei vonar vil inspirere unge til å følgje draumane sine.

– Det er veldig ofte når ein ikkje ser andre som ser ut som ein i arbeidslivet at ein tenkjer at då er ikkje den bransjen noko for meg. Men viss ein løftar fram rollemodellane og viser fram at det er mogleg, kan ein inspirere fleire til å ta nokre val i sin karriere, og ikkje trekke seg tilbake, forklarar Masa Paunov.

Paunov og Sajjadi har i arbeidet sitt fått høyre historier om alt frå at minoritetar føler at verksemder ikkje tiltrekkjer seg dei, til meir direkte diskriminering.

Nokre føler dei ikkje kan vere seg sjølv på jobb, nokre hamnar utanfor på grunn av festkultur med mykje alkohol, ei har fått beskjed om at ho hadde fått fleire kundar utan hijab og folk har blitt spurde om kva forhold dei har til sharia på jobbintervju.

Blant gjestane som blir intervjua i podkasten finn vi mellom anna Karoline Henriksen som jobbar som IAM-teknikar i Politiets IKT-tenester. Henriksen er minoritet på fleire måtar, som samisk, skeiv og kvinne i tech.

– Ho fortalte mellom anna at viss ein ikkje ser på sin bakgrunn som ein styrke, viss ein ikkje er stolt over sin bakgrunn, så kan ikkje andre sjå verdien i det heller, seier Masa Paunov.

– Og så fortel ho at det å løfte fram andre kulturar, om det er å markere samane sin nasjonaldag eller legge til rette for at folk med andre kulturar kan dele av sin bakgrunn, er altfor lite fokus på, og noko som betydde veldig mykje for ho, legg Kimiya Sajjadi til.

Inkludering

– Då kjem ein til det som er vår hovudbodskap – det held ikkje å vere ikkje-diskriminerande, ein må vere inkluderande. Og det trur eg det er altfor lite fokus på.

Sajjadi meiner vi snakkar mykje om diskriminering, men gløymer slike ting som å feire andre folk sine høgtider.

– Du kan ikkje vite at ein bør merke maten med svinekjøt viss du aldri har møtt ein muslim før, du kan ikkje vite at det er viktig for samar at ein markerer deira nasjonaldag. Difor er det heilt nødvendig å ha ein aktør som oss.

Kimiya og Masa rår unge minoritetar til å ha trua på seg sjølv og lære om korleis bakgrunnen deira er ein styrke.

– Og å konkret vise korleis du kan bringe noko ekstra til selskapet når du skal søke jobb. Viss du er bevisst på det kan du lettare bruke den kompetansen.

Elles minner dei unge minoritetar om å vere bevisst sine eigne fordommar, for dei kan òg vere store hinder.

«Korleis kan vi jobbe med dette her?»

Big Enough Global-leiaren opplever at det har vore ei positiv utvikling i arbeidslivet, og at ein dei siste åra har gått frå å ikkje snakke om inkludering, til å anerkjenne at det er viktig, til å no vere der at ein spør «korleis kan vi jobbe med dette her?».

Ho understrekar at arbeidslivet har mykje å vinne på å inkludere menneske med minoritetsbakgrunn.

– Det første er det med økonomisk vekst. Ein annan ting er at verda blir globalisert, og viss du ikkje har fleirkulturell kompetanse i selskapet ditt, så vil du ha eit handikap. Og så vil eg seie at det har veldig mykje å seie for å få kundar og tiltrekke seg talent.

– Ein vil gå til ein arbeidsplass der ein kjenner seg att. Då stiller ein veldig dårleg om det berre er etnisk norske der, held ho fram. 


Illustrasjonsfoto: Arthur Edelmans / Unsplash