Tre unge jenter deler sine tankar og erfaringar om rasisme på arbeidsplassen.

Kvelden 28. juli blei politiet tilkalla til eit bingolokale i Fredrikstad. 18 år gamle Sumeya var på jobb. Ein gjest trua med å banke ho opp og kalla ho for «sotrør».

I kommentarfeltet på facebook-sida til Fredrikstad Blad får Sumeya mange støtteerklæringar.

Framtida.no har hatt kontakt med tre unge kvinner frå ulike stader i landet som fortel om opplevingane sine knytt til rasisme på jobb.

To av dei ønskjer å vere anonyme. Framtida.no er kjend med identiteten deira.

Her fortel dei sine historier:

Kundane trudde ikkje på at Maria var norsk

Maria (21) jobba på ein serveringsstad på ein flyplass i Noreg. Der tok det lang tid før ho begynte å trivast.

– Det starta med at nokon ikkje ville handle hjå meg, forklarar ho.

Etter tre liknande hendingar valde Maria å spørje rett ut om ho hadde gjort noko gale. Då mumla kunden noko om at ho hadde kontantar, og at Maria ikkje var så flink i norsk.

21-åringen er adoptert frå eit land i Asia, og har budd i Noreg sidan ho var eitt år. Dette sette fleire kundar spørsmålsteikn ved:

– Eg kunne få kommentarar på at eg var pen, før dei så følgde opp med «kor er du eigentleg frå, norsken din er veldig bra». Då eg sa at eg har budd i Noreg sidan eg var eitt år, trudde dei meg ikkje, og bad meg dra tilbake til dit eg kom fra, fortel Maria.

Kommentarane minte ho på at ho ikkje såg ut som alle andre.

Etter ei stund blei ho lei, og var ferdig med å vere stille og godta orda. Ho begynte å seie imot, og å vere ironisk: «Takk, eg flytta hit for to år sidan». Då kunne kundane bli endå surare.

Måtte bli følgd av ein vektar

Men sjølv om Maria av og til forsøkte å ikkje ta seg nær av det som blei sagt, har det hendt at ho har vore redd for at ord skal bli til handling.

På flyplassen var det særleg ille i helgene og då folk hadde drukke alkohol før dei skulle reise. Ein gong var det så ille at Maria måtte tilkalle ein vektar då ho skulle gå til bilen sin etter skiftet.

– Det var ein full mann på flyplassen som ikkje fekk lov til å kjøpe meir alkohol. Han var særleg sint på meg og kollegaen min som heller ikkje er kvit. Han spurde kva vi gjorde i Noreg og skreik at vi tok jobbane frå nordmennene.

Mannen blei til slutt kasta ut, men sat ute på ein benk då Maria skulle gå til bilen. Han sa at det var ho som fekk han kasta ut. Ho blei redd og spurde om ein vektar kunne følgje ho resten av vegen, noko han gjorde.

Maria fortel også om ein gong då ein mann fysisk løfta ho opp. Dette var då ho var frivillig på ein festival med ei venninne. Dei skulle passe på eit gjerde.

– Det gjekk heilt greitt i starten, men så blei folk fullare og frekke. Ein løfta meg opp i lufta og dytta meg bort, fordi han sa han ikkje ville snakke med to «svartingar» som ikkje kunne norsk.

Det gjekk heilt greitt i starten, men så blei folk fullare og frekke.

Sette opp skilt

Maria fortel at ho både hadde gode kollegaar og ein god arbeidsgjevar som forsøkte å gjere det dei kunne for at ho skulle ha det bra på jobb på flyplassen. Dei sette opp skilt med nulltoleranse for rasisme, sørgde for å følgje litt ekstra med på kundane, og ringde mellom butikkane om det var ein spesiell kunde med rasistisk oppførsel som ein kunne vere litt obs på.

Men likevel kom det fleire kommentarar.

– Sjefen hadde veldig lyst til å hjelpe, men verken eg eller ho visste kva meir vi kunne gjere, seier Maria.

Under koronaen blei ho og fleire kollegaar permitterte, og Maria har seinare også jobba i barnehage og på ein annan serveringsstad (ikkje på flyplassen). Også der opplevde ho fordomar, òg frå sjefen.

– På serveringsstaden var det veldig lett for sjefen å skulde på meg om noko var gale, og eg høyrde at han kunne seie til kundar at eg ikkje forstod alt fordi norsken min var litt halvvegs. 

I barnehagen er det særleg ein episode som har brunne seg fast.

– Det var ein gut som var oppdregen til å tru at kleda mine skulle lukte og at eg skulle ha ein rar lyd då eg snakka. Dette fortalde han meg. Eg sa ifrå til leiinga, som snakka med foreldra, men eg trur ikkje dei skjønte alvoret. Eg slutta i den barnehagen, fortel Maria.

Ho trur redselen for rasisme alltid vil ligge i bakhovudet hennar.

  • Minotenk deler sine beste tips til korleis snakke om, motverke og møte rasisme her.

Sjefen til «Amira» prøvde å lure ho til å ete svin

Framtida.no har også snakka med «Amira» som bur på ein litt mindre plass i Noreg. Då ho var 14 år, fekk ho sin fyrste jobb på ein kafé.

– I starten verka det hyggeleg. Eg følte sjefen elska meg, fortel ho til Framtida.no på telefon.

«Amira» er i dag 19 år. Ho er fødd i Noreg, og er muslim.

Religionen hennar viste seg etter kvart å vere noko sjefen hennar mislikte.

– Ho kom iblant med småkommentarar mot islam, som til dømes «viss eg gjer dette her, drep Allah meg». Ho prøvde også å lure meg til å ete svin, og sa at eg ikkje kunne vere kjærast med ein arabar, at eg heller burde prate med ein som var norsk, fortel ho.

Det var også andre innom kafeen som var i slekt med sjefen. Ein ung mann kom ofte rundt stengetid og kunne til dømes seie at «Amira» eigentleg ikkje var norsk, og at ho berre kunne dra heim til der ho kom ifrå.

Ho fortel også at kundar kunne bli meir sur på ho sjølv om ho gjorde den same feilen som ein annan servitør.

– Ein føler seg jo drit når ein får kommentarar så ofte. Eg var så ung, og eg trur mange med utanlandsk bakgrunn ofte er usikre og føler seg annleis, og at ein ikkje passar inn. Dei kjenslene blir bekrefta av slike kommentarar, seier ho.

Ein føler seg jo drit når ein får kommentarar så ofte.

Saknar politikarar som bryr seg

Når «Amira» ser tilbake, forstår ho ikkje kvifor ho valde å bli på kafeen så lenge. Det skulle ta fire år før ho fann seg ein annan jobb.

– No føler eg at eg jobbar på ein skikkeleg plass, fortel ho.

Snart skal ho til hovudstaden for å studere.

«Amira» trur at rasisme avheng av kor i landet ein er, og at serviceyrke er meir utsette for det enn andre yrke. Ho meiner ein kanskje kan redusere rasisme på arbeidsplasser ved å oppfordre fleire til å halde seg på eit meir profesjonelt nivå.

Elles skulle «Amira» ønskje at politikarane brydde seg om «Black lives matter» i meir enn berre to veker i fjor.

– Politikarane gjer ikkje noko med rasisme. Dei seier at dei støttar BLM, men grip ikkje inn.

– Verre for dei som ikkje er integrert

Therese Neema Olsen (23) er einig med «Amira» i at fleire politikarar fråskriv seg ansvar.

– At USA er forferdeleg betyr ikkje at det er supert her. Det er ekstremt i USA, men det er framleis ting som skjer i Noreg. Det er Sumeya og andre døme på. Berre fordi vi ikkje drep kvarandre betyr ikkje det at alt er bra, seier ho på telefon til Framtida.no.

Therese Neema Olsen (23) har stort sett hatt eit bra møte med arbeidslivet, og synes det er synd at det ikkje er slik for alle. Foto: Privat.

I 2016 laga Olsen og ei venninne ein kortfilm i samanheng med ei skuleoppgåve. Begge var då 17 år, og ville forklare folk at Therese var norsk sjølv om ho var adoptert, og avklare andre spørsmål om adopsjon.

Det blei ein del publisitet rundt filmen. Der kom det fram at det var fleire som ikkje ville bli ekspedert av Olsen på bakeriet ho jobba på ved sidan av skulen, på grunn av fargen på huda hennar.

– Eg vil heller kalle det for mikroaggresjonar og fordomar enn hardcore rasisme, seier ho.

Ho forklarar at ho er godt integrert i samfunnet, og trur at dei som ikkje er integrerte føler meir på rasisme enn ho.

– Eg har stort sett hatt gode opplevingar med arbeidslivet, men det burde ikkje vere slik at alle skal vere heilt like for å ha det bra på jobb. Det er lite openheit for at anna kultur også kan vere norsk kultur. Ein må ikkje vere integrert for å vere hundre prosent norsk. Ein skal kunne vere akkurat som ein vil sjølv, slår Olsen fast.

– Folk burde skjerpe seg

Ho jobba på bakeriet i fleire år før ho fekk jobb som resepsjonist på eit hotell i Trondheim, der ho studerer. Ho trur at det hadde mykje å seie at folk med fleire etnisitetar hadde jobba på desse plassane før.

Likevel har ho høyrd kommentarar frå gjestar om at dei ikkje liker «svartingar», sjølv om det ikkje blei sagt direkte til ho.

– Det er mykje som ligg under den norske kulturen. Det er ein kvardagsrasisme som folk ikkje legg merke til, men som mørk og norsk er det veldig enkelt å sjå småting. Folk burde skjerpe seg. Det må vere lov å vere annleis.

Olsen synest det er trist å høyre om dei erfaringane Framtida.no deler i denne artikkelen. Sjølv fortel ho om fleire ferdigutdanna vennar som har bytta etternamn for å få jobb.

Folk burde skjerpe seg. Det må vere lov å vere annleis.

Ho er tydeleg på kva løsyinga er:

– Det er så viktig med openheit. Vere open for å lære om kvarandre, ikkje berre at dei skal lære av deg, men du kan lære noko av dei. Vi må møtast litt meir på midten. Det synest eg det norske samfunnet er ganske dårleg på; å ta kvarandre sine styrkar og ønskje å lære om nye ting.

LO-ungdomsrådgjevar med oppfordring til kollegaar

Ungdomsrådgjevar i LO, Bjarne Lagesen, synest ikkje det er hyggeleg å lese intervju der unge fortel om rasisme på jobb.

– Dette er noko vi skulle ha trudd og håpa at vi ikkje skulle sjå i arbeidslivet i 2021, men dessverre finst det tilfelle der folk bli diskriminert på bakgrunn av etnisitet, religion og seksuell legning, seier Lagesen på telefon til Framtida.no.

Ungdomsrådgjevar i LO, Bjarne Lagesen, fortel at tilsette kan snakke med LO om alt. – Vit at det skal vere trygt å seie ifrå. Foto: Trond Isaksen/LO.

Kring 90 prosent opplyste til årets Sommarpatrulje at dei trivst på jobb, men Lagesen utelukkar ikkje at det finst mørketal når det kjem til diskriminering. Han set heller ikkje likskapsteikn mellom det å trivast på jobb og å ikkje kunne vere utsett for rasisme.

Lagesen understrekar viktigheita av å seie ifrå og oppmodar tilsette til å ta kontakt med gode kollegaar, tillitsvalde, LO si informasjonsteneste, verneombodet på arbeidsplassen eller i verste fall politiet om dei opplever rasisme.

– Vit at det skal vere trygt å seie ifrå. Vi jobbar for eit betre og meir inkluderande arbeidsliv. 

Vit at det skal vere trygt å seie ifrå.

Men fyrst og fremst har han ei oppmoding til dei andre rundt pausebordet som ikkje opplever rasisme sjølv:

– Dei som høyrer nokon seie rasistiske utsegner må stå opp på vegne av kollegaane sine. Ein kan ikkje la folk sitje aleine. Stå saman med dei som opplever mobbing og trakassering. Korleis vi snakkar om kvarandre og mot kvarandre har noko å seie, avsluttar ungdomsrådgjevaren.


Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no
ANNONSE