Den franske staten tapte klimasøksmål – må betala éin euro

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kom den franske domstolen fram til at den franske stat ikkje har lukkast i å redusere klimagassutsleppa, som vert linka til klimaendringar og økologiske skadar.

Det melder norske NTB og fleire internasjonale medier.

I mars 2019 gjekk fire franske miljøorganisasjonar til sak mot den franske staten. Organisasjonane Notre affaire à tousla Fondation pour la nature et l’homme, Greenpeace France and Oxfam France samla òg inn over 2,3 millionar underskrifter til støtte for søksmålet.

Éin euro og framtidige tiltak

I dag kom dommen. Retten dømde staten til å betala ein symbolsk sum på éin euro, som er ein vanleg praksis, ifølgje France24. 

Vidare har retten sett av to månadar til å avgjera kva tiltak den franske staten må gjera for å bøta på skadane.

Frankrike har vore blant pådrivarane i det internasjonale klimasamarbeidet, som vart signert i Paris 2015. Ifølgje Parisavtalen skal landa jobba for å unngå ei temperaturauke på 2 grader, og aller helst under 1,5 grad.

Som ein del av denne avtalen skjerpa Frankrike sine klimakuttmål i desember i fjor. Målet er å kutta klimagassutsleppa 55 prosent av utsleppa samanlikna 1990-nivå, innan 2030.

Tidlegare var målet 40 prosent lågare utslepp i 2030.

Ein historisk siger

Organisasjonane som saksøkte staten meiner president Emmanuel Macron sine målsettingar ikkje vert følgt opp av tilstrekkelege tiltak for å kutte utsleppa innanlands.

Saksøkjarane kallar dommen ein historisk siger for klimaet og meiner det er ein viktig siger for sanninga, sidan dei meiner Frankrike til no har nekta for kor utilstrekkelege klimatiltaka deira er.


Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU