Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nok ein gong må nordmenn sitte på heimekontor, kjøpe inn munnbind og halde avstand til framande. Nok ei jul måtte ein telle på stolane rundt selskapsbordet og avlyse planar om julekonsert og nyttårsfest. Og sjølv om vi kanskje byrjar å bli mektig leie, lyder dei fleste, også denne gongen.

I det minste har handteringa av pandemien vist at det er mogleg å innføre kraftige tiltak i samfunnet, seier Ole Jacob Madsen. Han er professor i kultur- og samfunnspsykologi ved Universitetet i Oslo.

Han meiner det er nokre punkt som er avgjerande for at folk flest oppfatta pandemien som noko som måtte handsamast raskt og effektivt då han kom til landet våren 2020:

  • Styresmaktene sende tydelege signal og handla.

Erna Solberg, Bent Høie, Camilla Stoltenberg og Espen Nakstad dukka jamleg opp på skjermane våre med klare instruksar om at vi skulle ta viruset på alvor. Og det var ikkje berre tomme ord: styresmaktene følgde opp med konkrete og kraftige tiltak.

Ole Jacob Madsen, professor i kultur- og samfunnspsykologi ved UiO. Foto: Universitetet i Oslo

– Dei fleste hugsar nok godt torsdag 12. mars 2020. Det var unntakstilstand. Ein fekk inntrykk av at det var alvor, seier Madsen.

  • Faren var konkret og vart oppfatta som akutt.

– Problemet vart oppfatta som relevant for «meg og mine». Folk kunne verte veldig sjuke og døy. Det var ikkje noko som først og fremst skjedde i andre land – det vart veldig reelt her og no, seier Madsen.

Vi har hatt nokre forløparar i nyare tid, til dømes sars-viruset tidleg på 2000-talet og svineinfluensaen. Vi har også sett katastrofefilmar med liknande utbrot. Vi er vane med å tenke på ein pandemi med ein viss grad av frykt, bekymring og skrekkeleg fascinasjon, slår Madsen fast.

  • Alle trekte i same retning.

Ein kunne sjå det på bussen og i butikken: Folk heldt avstand, hamstra toalettpapir og tok etter kvart på seg munnbinda. Dei fleste var med på tiltaka, og den sosiale dynamikken fungerte.

– I ein usikker situasjon er det veldig menneskeleg å sjå kva alle andre gjer, og innrette seg, seier Madsen.

– Treng ein konsensus

Madsen meiner at klimapolitikken kan ha noko å lære av pandemien. Viss kommunikasjonen er tydeleg, råda er eintydige og godt forankra, og mange følger etter, vil folk i stor grad vere villige til å følge råda frå styresmaktene.

– Eit stort hinder er at folk tenker «det hjelper ikkje om eg gjer det, viss ikkje alle andre gjer det», seier han.

Menneske vert sterkt påverka av kva folk rundt oss gjer. Foto: Papaioannou Kostas/Unsplash

– Bryr oss om eigen flokk

Men medan pandemien opplevest som akutt, har klimaendringane vore aktuelle i mange tiår. Klimakrisa er meir abstrakt, meiner Madsen. Det kan gjere at folk i større grad motset seg klimapolitikk.

– Det er folk i andre deler av verda som vil merke effekten først, sjølv om vi ser teikn til at vi blir råka her. Det er framtidige generasjonar som vert råka hardast, sjølv om vi ser teikn til at vi blir råka no, seier han.

Han viser til korleis menneskelege kjensler er forma av evolusjonen. Vi pleidde å leve i mindre grupper og måtte respondere på reelle farer for eigen flokk her og no.

– Sjølv om ein intellektuelt sett vert overtydd av forskarar og framtidsscenario, følger ikkje kjenslene og engasjementet etter, seier han.

Madsen viser også til tvetydig kommunikasjon rundt klimakrisa. Politikarane er i større grad ueinige om tiltaka. Dessutan trekker marknadskreftene motsett veg, til dømes med billige helgeturar til New York.

Treng modige politikarar

Ifølge koronamonitoren til Opinion svarar 27 prosent at dei vil ha like kraftige tiltak for å stoppe klimakrisa, som vart brukt mot pandemien.

Madsen meiner at vi manglar modige nok politikarar. Han trur mange vegrar seg for å ta upopulære val.

– Eg trur dei ville blitt forbløffa over at ting går bra på lang sikt, sjølv om det kan verte ramaskrik i starten, seier han.

Foto: Gabriel McCallin/Unsplash

Han trekker ein parallell til innstramminga i røykelova i 2004. Lova var kontroversiell, men folk tilpassa seg, og debatten døydde fort ut.

Madsen meiner det er menneskeleg å vere konservativ. Han kallar det «status quo bias» – ein irrasjonell preferanse for at ting skal vere som dei er. Endringar opplevest som tap.

– Men menneske er nok meir tilpassingsdyktig av natur enn vi trur. Det tek ikkje lang tid før ein snur, ser fordelane og etterrasjonaliserer. Slike mekanismar bør politikarane kjenne til, seier han.

– Burde gjere meir

Fem ungdommar Framtida.no trefte på gata i Oslo, meiner at politikarane burde lata seg inspirere av koronatiltaka og tore å innføre meir inngripande klimatiltak.

Vi har stilt dei følgande spørsmål:

1: Burde politikarane innføre meir inngripande klimatiltak?

2: Kva grep har du sjølv teke for klimaet?

3: Fremtiden i våre hender har laga ei oversikt over grep ein kan innføre i eigen kvardag for å redusere eige klimaavtrykk. Ville du vore villig til å innføre nokre av desse grepa?

Hanna Kristine Erdal (22).
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Hanna Kristine Erdal (22):

1: – Ja. Det var ikkje så behageleg med dei veldig inngripande koronatiltaka, men dei burde i alle fall gjere noko meir.

2: – Eg prøver å handle meir brukt og kjøpe ting av god kvalitet.

3: – Eg trur eg hadde klart å halvere kjøttforbruket. Eg prøver å ha ein vegetarmiddag i veka, og kunne lett ha klart meir. Eg kan droppe flyreiser – det har ikkje vore så mange i det siste. Og eg ville ha skaffa meg elbil viss eg skulle ha bil.

 

Maren Holte (22).
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Maren Holte (22):

1: – Ja. Ein må gjere veldig mykje meir enn det som vert gjort no.

2: – Eg boikottar visse kjeder som Zara og Hennes & Mauritz, både med tanke på klima og arbeidstilhøve.

3: – Eg kjem frå gard, så eg ser ulemper med å redusere kjøttforbruket mitt, men eg trur det er mogleg for dei fleste. Eg kan droppe nokre flyreiser og redusere innetemperaturen. På garden har vi derimot behov for køyretøy som brukar fossilt drivstoff.

 

Cameron Storaker (17).
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Cameron Storaker (17):

1: – Ja, ein kunne gjort litt meir. Det er vel behov for det – vi ligg ikkje så godt an til å nå klimamåla.

2: – Ikkje noko spesielt.

3: – Eg et ikkje så mykje kjøt, så eg kan fint redusere forbruket. Eg reiser heller ikkje så mykje. Eg kan leve med å redusere innetemperaturen og kjeldesortere. Eg har sett meir og meir på elbilar, og kunne godt ha valt elbil framfor fossil.

 

Theo Helgø (16).
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Theo Helgø (16):

1: – Ja, det burde dei. Slik det går no, føler eg ikkje at vi kjem til å nå måla. Måten vi snakkar om klima på, er dum. Det er mykje «dommedag». Då vel folk heller å stenge det ute. Vi burde sette det i eit anna lys og fokusere på moglegheitene.

2: – Familien vår brukar nesten aldri dieselbilen, men mest den elektriske.

3: – Det hadde vore tøft å halvere kjøttforbruket, i alle fall i starten. Eg et lite raudt kjøt, men eg kunne ha ete meir grønt. Vi har familie i Alta, så det er vanskeleg å kutte fly, men når vi reiser til Vestlandet, plar vi å køyre. Eg trur det hadde gått fint å redusere innetemperaturen, og vi kunne nok ha byta bil nummer to med ein elbil. Når eg flyttar heimefrå, veit eg ikkje om eg kjem til å ha råd til å fly så mykje til utlandet.

Theodor Granheim Rossing (16):

Theodor Granheim Rossing (16).
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

1: – Ja. Det fungerer ikkje å overlate det til kvar einskild; folk er for late. Folk tenker at «det er sikkert nokre andre som gjer det». Mange tek ikkje grep viss dei ikkje må.

2: – Eg har vorte meir medviten om eingongsplast, og kjøper mindre av det. Eit tiltak kan vere å tvinge fram meir miljøvenleg innpakking. Når eg først kjøper eingongsplast, tar eg det med heim for å resirkulere, i staden for å kaste plasten i restavfall langs gata. Vi har elbil, men ladenettverket burde ha vore betre.

3: Eg trur eg fint kunne halvert kjøttforbruket og flydd mindre. Eg har teke mykje tog i Noreg, og for det meste fungerer det veldig fint. Fire timar ekstra er ikkje så ille når du sit og slappar av. Viss ein har på seg meir klede, kan ein redusere temperaturen inne.

Kva meiner du?

Burde politikarane innføre meir inngripande klimatiltak?

Burde politikarane innføre meir inngripande klimatiltak?

Ja, heilt klart!94
Nei, det held no.170
Usikker...4
Svar totalt: 268

Les også: Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Borbe (16) er med i Extinction Rebellion Ung. Dei tar i bruk drastiske tiltak for å provosera fram ein ny klimapolitikk.

Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Grytvik Borbe (16) er begge med i Extinction Rebellion Ung, og har til felles at dei ikkje har røysterett. Dei meiner likevel klimasaka er for viktig til å stå på sidelina. Foto: Eirik Tangeraas Lygre