Klimaaktivistar vann fram i høgsteretten – Tyskland må skjerpa klimalova

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Effektivt klimavern må bli implementert no og ikkje om ti år, når det er for seint.

Det sa Sophie Backsen (22) etter å ha fått medhald i retten, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Ho er oppvaksen på ein bondegard på øya Pellworm, utfor kysten av Tyskland, og fryktar for framtida med auka havnivå.

Må skjerpa krava etter 2030

Søksmålet er ført av ni privatpersonar, men støtta av miljøorganisasjonar som Greenpeace og Fridays for Future-rørsla, som no kan jubla over sigeren.

Tyskland må endre klimalova si innan utgangen av 2022 for å få ned utsleppa til nesten null innan 2050, vedtok retten.

Ifølgje vedtaket er ikkje den tyske klimalova frå 2019 tilstrekkeleg når det kjem til utsleppskutt etter 2030.

I Noreg enda eit liknande søksmål med tap i Høgsterett, som meinte at staten ikkje braut Grunnlova når dei opna for meir oljeboring.

– Epokegjerande

I ei Twitter-melding kallar Tysklands finansminister Peter Altmaier det ei viktig avgjerd.

– Det er epokegjerande for klimavernet og rettane til unge. Og det skapar sikkerheit for økonomien, skriv han.