Menneskerettsdomstolen ber regjeringa svare om oljeboring

Den europeiske menneskerettsdomstolen meiner klimasøksmålet kan bli ei prinsipielt viktig sak.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er glad og letta over at EMD anerkjenner kor viktig denne saka er. Samstundes uroar det meg at regjeringa planlegg for meir oljeboring i nord medan vi ventar på at saka skal handsamast av domstolen, uttalar artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen i ei pressemelding.

Ella Marie Hætta Isaksen. Foto: Lasse Fløde / Greenpeace

Ho er ein av seks unge aktivistar som saman med miljøorganisasjonane Greenpeace og Natur og Ungdom i juni 2021 klaga klimasøksmålet til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD).

Dei meiner at det bryt med menneskerettane når den norske staten opnar for ny oljeboring midt i ei klimakrise.

I fjor tapte miljøorganisasjonane på alle punkt i klimasøksmålet i Høgsterett. Men, dei meiner at retten ikkje tok nok omsyn til konsekvensane klimaendringane har for barn og unge, og klaga avgjerda inn for menneskerettsdomstolen.

– Klimakrisa er her og no, og vi har inga tid å miste, seier Isaksen. 

Regjeringa må svare

Ifølgje pressemeldinga frå dei som står bak klimasøksmålet til Strasbourg, er det berre éi av ti saker som blir send til staten som er klaga inn, medan resten blir avviste av domstolen. Klimasøksmålet har no kome gjennom dette nålauget.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har gitt den norske regjeringa frist for å uttale seg i saka innan 13. april.

– Det er ei svært viktig utvikling i saka at menneskerettsdomstolen no vil ha svar frå den norske regjeringa. Å få saka opp på europeisk nivå er heilt nødvendig etter den halvhjarta handsaminga menneskerettsspørsmåla fekk av Høgsterett, seier Cathrine Hambro i Wahl-Larsen Advokatfirma. Ho er advokat for miljøorganisasjonane.

– Ein dom i menneskerettsdomstolen vil vere viktig ikkje berre for Noreg, men også for bruken av menneskerettar i klimasaker andre stader i Europa, held ho fram.

I det norske rettssystemet argumenterte miljøorganisasjonane for at tildeling av nye løyve for oljeboring i Barentshavet bryt med miljøparagraf § 112 i Grunnlova. Paragrafen slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setje i verk tiltak som sikrar denne retten. I Strasbourg argumenterer miljøorganisasjonane for at norsk oljeboring i Barentshavet midt i ei klimakrise strir med grunnleggjande menneskerettar. Foto: Jason White / Greenpeace

Kan påverke rettsystemet

Menneskerettsdomstolen meiner at den norske klimaklagen kan bli ei prinsipielt viktig sak for tolkinga av menneskerettane.

I eit brev til dei norske partane opplyser dei at saka er ei potensiell «impact case». Det vil seie at ein dom i saka kan ha stor innverknad på det norske rettssystemet, det europeiske rettssystemet eller kor effektivt Den europeiske menneskerettskonvensjonen fungerer.

Den norske klagen er den første som i hovudsak tek for seg oljeboring i lys av klimakrisa. Miljøvernarar i Portugal og Sveits har òg sendt to andre klimasaker til Den europeiske menneskerettsdomstolen.