Greenpeace, Natur og Ungdom og seks klimaaktivistar tek klimasøksmålet til Strasbourg.
mm
Gina Gylver er ein av dei seks klimaaktivistane som saman med NU og Greenpeace Norden klagar klimasøksmået til Strasbourg. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace Foto: Lasse Fløde/Greenpeace

– Den norske staten gamblar med framtida mi når dei opnar for nye område for klimaskadeleg oljeboring stadig lenger nord. Dette er nok eit tilfelle av ein oljetørst stat som overlet konsekvensane av global oppvarming til dagens unge og framtidige generasjonar, seier Gina Gylver i ei pressemelding.

Gylver er ein av dei seks unge klimaaktivistane som saman med Natur og Ungdom og Greenpeace no klagar norsk oljeboring i Barentshavet til Den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Eg kan ikkje sitte stille og sjå på at framtida mi vert øydelagt. Vi har ikkje eit sekund å miste, og må kutte utsleppa i dag, seier Gylver.

Meiner oljeboring strir med menneskerettane

Klimasøksmålet har gått gjennom tre rundar i det norske rettssystemet, og landa til sist i Høgsterett i fjor. Der tapte miljøorganisasjonane på alle punkt. Miljøorganisasjonene meiner dommen er feil, og at retten ikkje tok nok omsyn til konsekvensane av klimaendringane for barn og unge.

I det norske rettssystemet argumenterte miljøorganisasjonane for at tildeling av nye løyve for oljeboring i Barentshavet bryt med miljøparagraf  § 112 i Grunnlova. Paragrafen slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setje i verk tiltak som sikrar denne retten.

I Strasbourg argumenterer miljøorganisasjonane for at norsk oljeboring i Barentshavet midt i ei klimakrise strir med grunnleggjande menneskerettar.  

Miljøorganisasjonene reagerer særleg på at den norske regjeringa lyste ut 84 nye oljelisensar, kort tid etter at Det internasjonale energibyrået (IEA) slo fast at det ikkje er rom for nye olje- og gassprosjekt om ein skal halde temperaturauken til 1,5 grad.

Ella Marie Hætta Isaksen er ein av dei seks klimaaktivistane som saman med NU og Greenpeace Norden klagar klimasøksmået til Strasbourg. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace

Miljøvernarane meiner ei ny oljeboring i sårbare område i Barentshavet bryt med artikkel 2 og 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som omhandlar retten til liv og privatliv.

– Effekten av klimaendringane er allereie dramatisk. Skogen rundt barndomsheimen min i Tana er eit av mange økosystem som vi menneske er avhengige av, men som vert truga. Skogen er i ferd med å døy, i takt med at vintrane vert mildare og kortare.

Det seier artist Ella Marie Hætta Isaksen, som òg er ein av klimaaktivistane som har klaga til Strasbourg, i ei pressemelding.

– Vi må handle no for å avgrense uopprettelege klimaendingar, slår ho fast.

– Klaga gjev meg håp

Om saka vert handsama i Den europeiske menneskerettsdomstolen, vert det den første i historia som omhandlar eit lands oljepolitikk, ifølgje NRK.

Tidlegare har miljøvernarar frå Portugal og Sveits sendt klager til domstolen, men dei søksmåla handla ikkje i hovudsak om oljeboring.

Mia Cathryn Haugen Chamberlain er ein av dei seks klimaaktivistane som saman med NU og Greenpeace Norden klagar klimasøksmået til Strasbourg. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace

Klimaaktivist Mia Chamberlain fortel at ho mister trua på framtida av kor handlingslamma dei som styrer landet er og kor lite ein lærer om grøn omstilling i skulen.

– Klaga vår til Den europeiske menneskerettsdomstol gjev meg håp og viser nødvendig handling i møte med klimakrisa, seier Chamberlain i pressemeldinga.

Endå det norske klimasøksmålet tapte i høgsteretten, har ikkje den internasjonale miljørørsla berre hatt mislukka forsøk i rettssystemet.

I februar vann franske miljøorganisasjonar sitt søksmål mot den franske staten, som vart dømd til å betala éin euro og plikta til å innføre nye tiltak for å bøte på klimaskadane.

I april vann tyske klimaaktivistar fram i høgsteretten i Tyskland, og landet vart plikta til å skjerpe klimalova si.

Sist, i slutten av mai, avgjorde ein nederlandsk domstol at fossilgiganten Shell kan haldast ansvarleg for å ha skada klimaet, og selskapet vart plikta til å redusere utsleppa sine.


Korleis skal me dekke framtidas energibehov? Fleire av ungdomspartia meiner kjernekraft er uunngåeleg, andre seier det er uaktuelt. Foto: distelapparath/pixabay.com
ANNONSE