Ingen snakkar om flyskam lenger

I 2019 var omgrepet flyskam ein snakkis. I dag er det ingen som snakkar om det lenger, og lite tyder på at nokon har skamma seg så mykje at det fekk dei til å flyge mindre.

NPK – Bent Tandstad
Publisert

I dag er omgrepet flyskam borte frå den offentlege samtalen. Og vi flyg stadig meir. Vel var det ein dupp i flytrafikken under pandemien, men det tok seg kraftig opp att i 2024. Då var den kommersielle flytrafikken globalt rekordhøg, ifølgje tal frå den internasjonale luftfartsorganisasjonen IATA.

Flyskam er ifølgje ordbøkene skamkjensle knytt til det å reise med fly, ut frå eit miljøperspektiv: I 2019 melde Swedavia, den svenske varianten av Avinor, at talet på flyreiser i Sverige gjekk ned med ti prosent i august i 2019 samanlikna med august 2018, og at nedgangen truleg var knytt til flyskam.

Uttrykket «flygskam» vart kåra til Årets nyord i Sverige i 2019, og flyskam vart mykje brukt i det offentlege ordskiftet også her i landet. Det var fleire tusen artiklar som handla om flyskam i norske medium det året. Men det er ingenting som tyder på at omsorg for miljøet var årsaka til at flyreisene gjekk tilbake denne tida. Det hadde truleg meir med økonomi å gjere. Og så kom pandemien.

Under pandemien greip videomøta om seg, og mange trudde det ville redusere forretningsreisene i framtida. No er talet på forretningsreiser globalt i sterk vekst igjen. Ifølgje miljøforskingsinstituttet Cicero står flytrafikken for om lag to prosent av dei globale utsleppa, og utgjer om lag fire prosent av menneskeskapt global oppvarming.

– Flyskam er gløymt

Seniorforskar Monica Guillen-Royo i Cicero har undersøkt kva haldningar nordmenn har til flyreiser, og ho stadfestar inntrykket av at flyskam ikkje lenger er noko folk bryr seg med.

– Vi har intervjua menneske ulike stader i Noreg, også mange studentar, og dei seier at flyskam er gløymt. Dei svarar at det skjer så mange andre viktige ting i verda, at dei ikkje treng å uroe seg over å reise med fly. Dei har det i bakhovudet, men det er ikkje viktig nok til å få dei til endre framferd, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Monica Guillen-Royo, forskar ved forskingsinstituttet Cicero. | Foto: Privat

Mange har ei kjensle av at det ikkje er bra å flyge så mykje, men det bremsar likevel ikkje talet på flyreiser hos dei som vart intervjua.

– Eg trur eigentleg at dette med flyskam aldri vart ei stor greie i Noreg. Det var mykje omtalt, men det viste aldri att på tala. I Sverige førte snakket om flyskam til mindre flyging, men ikkje her i landet. Alt her er lagt opp til å reise med fly. Det gjeld jobb, studium eller å vere saman med vener og familie. Det er vanskeleg å kome unna det, seier Cicero-forskaren.

Ho meiner at ei viktig årsak til at vi brukar fly så mykje, er at det ikkje er like lett å reise over lengre avstandar med tog. Flyreiser er enkle å bestille og det er lett å kome seg til flyplassen. Det er ofte like billeg eller dyrt å reise med fly som med tog, og fly sparar tid.

– Eg trur ikkje folk er mindre miljøbevisste, men eg trur mange har ei kjensle av at å vere låste fast til å reise med fly, seier Guillen-Royo.

Fritidsreiser til Europa

Forskarkollega Marianne Aasen viser til tal frå klimaundersøkingane til Cicero, der 4000 menneske svarar kvart år. Her kjem det fram at rundt halvparten av nordmenn reiste på fritidsreiser til andre europeiske land utanom Skandinavia i fjor. Av desse reiste 94 prosent med fly. Dei tilsvarande tala frå 2018 var 95 prosent.

Det vart naturleg nok ein kraftig nedgang under pandemien, men vi er no altså oppe på cirka same nivået som før covid.

Marianne Aasen, forskar ved klimaforskingsinstituttet Cicero. | Foto: Cicero

– Flyreiser i samband med jobb har gått ned over tid. Det var ein nedgang i flybruken også på fritidsreiser under pandemien, men no flyg ein like stor andel som før, seier Aasen til Nynorsk pressekontor.

Ho minner om at flyreiser er skeivt fordelt. Ein stor del av innbyggjarane i verda nyttar aldri fly som transportmiddel. Ein studie frå 2020 viste at 11 prosent av befolkninga på verdsbasis hadde reist med fly i 2018.

– Med aukande ulikskapar og økonomiske vanskar etter pandemien, er det liten grunn til å tru at dette har endra seg sidan 2018, legg Cicero-forskaren til.

– Ingen grunn til skam

Ei medverkande årsak til at omgrepet flyskam meir eller mindre har forsvunne ut av den norske debatten, kan vere at dåverande statsminister Erna Solberg og fleire andre politikarar gjekk ut og sa at det ikkje var nokon grunn til at nordmenn skulle kjenne på det.

Ei undersøking Norstat gjorde for NRK i fjor viste at dei fleste nordmenn ikkje skammar seg på flyturar. 75 prosent av dei spurde svarte at dei i liten grad eller ikkje i det heile kjenner på dårleg samvit for at reise med fly.

Samstundes er det lite som tyder på at klimautsleppa frå flytrafikken har gått ned i særleg grad.

Berekraftig flydrivstoff

Berekraftssjef i rådgivingsselskapet Formue, Philip Mitchell, har peika på ein del årsaker han meiner er medverkande til at det er vanskeleg å få ned utsleppa frå flytrafikken: Bruken av berekraftig flydrivstoff (SAF), altså brensel frå matolje og animalsk feitt, har auka mindre enn venta.

EU har lovfesta at to prosent av flygingane i EU skal bruke SAF innan 2025, men tilgangen på slikt drivstoff er for liten. Per i dag er andelen 0,5 prosent, skriv han i ein artikkel på nettsidene til Formue. Han nemner også at trass enkelte unntak, og eit EU-mål om å doble trafikken frå høgfartstog innan 2030, har denne utviklinga ikkje gått fort nok.

Han minner også om at kravet om raskare økonomisk vekst og lågare inflasjon har ført til at ein del flyskattar er fjerna, samstundes som nye utvidingar av flyplassar har vorte godkjende.