– Eg trur eg hadde blitt litt lei jenter, dersom eg hadde vore den einaste guten i klassen

Mange ungdomar blir påverka mykje av dei rundt seg når dei skal velje linje på vidaregåande, og det er stor forskjell på kva jenter og gutar vel.

Solfrid Steinsland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er endå «jente- og gutefag»

Me byrjar å nærma oss den tida på året der dei som går i tiande klasse må bestemma seg for kva dei ønsker å søke på vidaregåande.

Nokon veit kanskje allereie kva dei vil søka, men for andre kan det vera vanskeleg.

Styrk Austefjord (15) vil gå studiespesialiserande på Nysæter ungdomsskule på Stord.

– Det gir meg fleire jobbmoglegheiter enn om eg tar yrkesfag.

Liv Marit Ottesen Mjønes (15) tenker å ta helse- og oppvekstfag og Mali Litlehamar Waage (15) ynskjer å ta frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign.

– Eg skal ta påbygg etterpå, då vil eg ha mange mogelegheiter vidare, seier Liv Marit.

Liv Marit Ottesen Mjønes (15) og Mali Litlehamar Waage (15).

Familien påverkar

– Eg vel sjølv kva linje eg tek, men meiningane til familien min spelar ei rolle, seier Litlehamar Waage.

Når ungdommar skal ta ein utdanningssvalet er det lett å bli påverka av andre, kanskje særleg av sysken, foreldre eller venar.

– Eg trur det er brørne mine som påverkar valet mitt mest, men det er fordi dei held på med det same som eg ønsker, seier Styrk Austefjord.

Han seier han ikkje tenker på kva venane hans vel.

– Eg får jo uansett nye venar, som kanskje har de same interessene som meg.

– Risikerer å jobbe med noko du mislikar

Mange ungdommar endar opp me å høyre på venar og familie når de skal ta dette valet. Dette synest dei tre ungdomane er dumt.

– Du brukar jo opp fleire år av livet ditt på å lære om noko du sjølv ikkje ønsker, seier Austefjord.

– Det er veldig dumt, fordi du kan risikera å jobba med eit yrke du mislikar, fortel Liv Marit Ottesen Mjønes.

Styrk Austefjord (15) tykkjer det er dumt at det framleis er kjønnsdelt kva jenter og gutar vel.

Forskjell på kva gutar og jenter vel

Det er også tydeleg forskjell på kva linjer jenter og gutar vel å ha på vidaregåande.

Av alle de 17 studieprogramma på vidaregåande, har berre seks tilnærma lik kjønnsfordeling, ifølgje Bufdir.

Gutar utgjer rundt 90 prosent av elevane på bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag, medan helse- og oppvekstfag og kunst, design og arkitektur, og frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign er dominert med 80 prosent eller meir jenter.

Mellom 2010 og 2020 er det berre omlag fem prosent som har teke kjønnsutradisjonelle val på vidaregåande.

– Det er dumt at det endå er slik og det burde jamne seg ut. Eg trur eg hadde blitt litt lei jenter, dersom eg hadde vore den einaste guten i klassen. seier Austefjord.

– Eg hadde kost meg vist eg var den einaste jenta på linja, seier Litlehamar Waage.


Benedikte Heimli Hovland (15) har søkt på teknikk og industriell produksjon. Her var ho med klassen sin på besøk til Kværner Stord tidlegare i vinter. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker