Hybel etter ungdomsskulen: – Umogleg å leve på bortebuarstipend

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Kaja Ibsen (16) og Lisa Jonetta Ølvestveit (19) skulle byrja på vidaregåande flytta dei begge på hybel.

For mange kan det vera utenkjeleg å skulle flytta etter ungdomsskulen, men for desse jentene var dette det einaste reelle valet dei hadde. 

Pendla eller flytta?

Kaja Ibsen kjem frå Frekhaug, og då ho søkte og fekk plass ved Fusa vidaregåande skule i Bjørnafjord kommune stod ho att med eit val: pendla over ein time til og frå skulen kvar dag eller flytta på hybel.

– Då vart det akkurat litt langt å reisa til skulen heimanfrå kvar dag, fortel ho.

Lisa Jonetta Ølvestveit flytta også på hybel då ho byrja på vidaregåande, men i motsetning til Ibsen var dette noko ho har vore førebudd på heile livet. 

Ølvestveit kjem frå den vesle bygda Åkra i Kvinherad kommune. Med knappe 150 innbyggjarar, éin daglegvarebutikk, og næraste bygd 40 minutt unna var det aldri noko spørsmål om at ho måtte flytta frå bygda etter ungdomsskulen. 

Jamn overgang til sjølvstende

Begge jentene går på Fusa Vidaregåande skule, på linja TAF, tekniske og allmenne fag. Dette er eit fireårig vidaregåande løp som kombinerer studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Elevane går halvparten av tida på skule og halvparten av tida er dei i jobb.

Når dei går ut av vidaregåande har dei fått både generell studiekompetanse og fagbrev. 

Fusa vidaregåande skule ligg i Eikelandsosen i Bjørnafjord kommune. Foto: Vestland fylkeskommune

Lisa Ølvestveit går no fjerde og siste året på TAF. Då ho byrja fekk ho seg arbeidsplass i heimbygda. På den måten kunne ho bu heima i helgene og dei dagane ho jobba.

– Eg følte ikkje at eg flytta skikkeleg ut då, sidan eg berre var vekke tre dagar i veka.

Ølvestveit flytta også inn med bror sin, som gjekk nokre trinn over på same skulen og linja. Dei såg ikkje så mykje til kvarandre då han jobba heime i Åkra medan ho var på skulen og motsett. Dei hadde ein kveld på hybelen i lag, men denne eine kvelden hjelpte på, fortel ho.

Det var også ein tryggleik å ha nokon som kjende den nye skulen og bygda, og som kunne svara på spørsmål når det trongst. 

19-åringen har no flytta heilt ut, og bur ikkje lenger heime. Sjølv trivst ho godt, men verre er det for foreldra.

– Ja, no har eg flytta skikkeleg ut og det merkar eg at dei har vanskelegare for å akseptera enn når eg flytta til vidaregåande. For det har dei jo også visst heile tida, at då skulle eg flytta på hybel og slik var det berre. No er det litt meir ekte, no bur eg for meg sjølv. 

– Lærer mykje av å bu åleine

Kaja Ibsen går fyrste året på TAF og er på jobb måndag og tysdag. Ho har også jobb i heimbygda og kan då bu heima i helgene og dei dagane ho er på arbeid.

– Det gjer det litt lettare, då eg ikkje er aleine heile veka. Eg trur det hadde blitt meir einsamt om eg skulle bu aleine heile tida. No må eg liksom heim, seier ho.

Kaja Ibsen. Foto:

– Eg føler eg lærer veldig mykje av å bu aleine også, og eg må jo flytta ut ein gong. Då er det ganske greitt å starta med at eg bur 50-50 heima og vekke, so det ikkje blir ein så drastisk overgang seinare.

– Skjerp deg

Å bu aleine byr på nye utfordringar og arbeidsoppgåver som ein kanskje ikkje har hatt ansvaret for heime. No må du sjølv handle inn mat, laga middag, rydda og vaska.

– Det var litt rart i byrjinga, å laga middag og vaska heilt aleine, med no går det eigentleg heilt fint. Du blir vand med det, seier Kaja Ibsen.

Til tider hender det at husvasken blir utsett litt lenger enn det den bør.

– Nokre gongar må eg berre seia «skjerp deg, no må du faktisk støvsuga», ler 16-åringen.

– Eg saknar å koma heim til ferdiglaga middag, seier Lisa Ølvestveit.

Ho fortel at ho syns det er godt å koma heim til heimbygda og kunne sleppa å tenka på husvask og middagslaging, i alle fall no dei siste åra.

– I byrjinga synest eg eigentleg det var veldig gøy. Då tenkte eg at «No har eg min eigen plass og eg kan laga nett det eg vil til middag», med det er eit veldig tiltak å laga ein heil middag. Det går mykje tid vekk til slike ting. Når andre kjem heim har dei kanskje berre fri, medan eg må gjera husarbeid.

Lisa Jonetta Ølvestveit

Ikkje noko å bli rik på

– Absolutt ikkje, svarar Lisa Ølvestveit når ho får spørsmål om bortebuarstipendet dekkjer kostnadane som følgjer når ein bur på hybel. 

– Nei, det er umogleg. Hadde ikkje eg jobba heile den tida anar eg ikkje kvar eg skulle fått dei pengane frå.

Elevar på vidaregåande skule kan få bortebuarstipend på opp til 4700 kr i månaden (Lånekassen). Samanlikna med det det kostar å leiga ein hybel, er dette ein liten sum å skulle overleva på, når mat og daglegvarer kjem i tillegg til husleiga. 

– Eg synest det er løye at ikkje vidaregåandeelevar får stipend på same måten som dei som går på høgskule. For det var jo sånn i mitt tilfelle at eg måtte flytta vekk, seier 19-åringen.

Når andre elevar kan spara det dei tener til seinare utdanning må Kaja Ibsen og Lisa Ølvestveit bruke mykja av sjølvtente pengar på husleige. 

– Eg er ganske heldig, for foreldra mine hjelper meg ganske mykje. Eg har jo bortebuarstipendet, men det dekker eigentleg ikkje nok, fortel Ibsen.

Ein fridom å bu aleine

Kaja Ibsen har berre budd nokre månadar på hybel, men føler sjølv at ho no har kome inn i ei rutine. Sjølv om ho til tider kan sakna familie, og å spela fotball med venene sine heimefrå har livet på hybel gått seg til. Ho fortel at det viktigaste ein kan gjera når ein skal flytta til ein ny plass er å nytta den fritida ein har.

– Du må prøva å finna på noko på fritida, utanom skulen. Det kan kanskje vera litt kleint i byrjinga å spørja folk om dei vil vera med på noko, med du har jo hybelen, du bur jo aleine og du har plass til å ha folk på besøk, seier ho.

Lisa Ølvestveit er no inne i sitt fjerde år på hybel. Ho syns det er veldig fint med den fridommen som kjem med å bu aleine.

– Det er veldig godt med den fridomen og du blir veldig sjølvstendig. Etter å ha vore heime fleire veker i strekk i sumarferien merka eg kor fint det er med den fridomen, og det å kunne styra dagane sine sjølv. Etter ferien var det eigentleg godt å koma på hybel igjen.

Foto: Privat

Ville helst budd heime

Om jentene hadde hatt moglegheita, fortel dei begge to at dei ville blitt buande heime nokre år til.

– Men eg håpar for min eigen del at eg hadde flytta ut tredje året, seier Lisa Ølvestveit.

Sjølv om det kan vera rart og litt tungt til tider å bu for seg sjølv er dei begge glade for at dei valde å flytta. 

– Når det kjem til å bu aleine so kan det vera vanskeleg i byrjinga, å koma inn i ting og bli vand med å bu aleine. I alle fall om du flyttar til ein ny plass og ikkje kjenner nokon. Det tek litt tid å koma inn i miljøa, men det går fint til slutt. Eg trur ikkje folk treng å vera redd for å flytta. Eg er i alle fall glad for at eg gjorde det, seier Lisa Ølvestveit. 


Les også: Tania (12) går tredje året på vidaregåande

Tania von Zeschau er berre 12 år, men går allereie tredje året på vidaregåande. Det er mykje lekser på skulen.