Fleire vel utradisjonelt: – Fleire jenter burde velja yrkesfag
Benedikte Heimli Hovland (15) har teknikk og industriell produksjon som førsteval når ho søker vidaregåande opplæring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg vil bli bilmekanikar, seier Benedikte Heimli Hovland. 15-åringen frå Tysnes har ikkje skrudd så mykje før, men har alltid hatt lyst til å læra å mekka bil.
– Det er ei interesse som har blitt ein slags moglegheit, forklarar ho.
Til hausten flyttar ho på hybel på Stord, for å ta teknikk og industriell produksjon (TIP) på Stord vidaregåande, som den einaste frå Tysnes.
Ho håpar fleire jenter vil velja TIP og yrkesfag.
– Eg trur det er mange som ikkje tør å velja det som ikkje er så vanleg. Nokon seier kanskje at TIP og elektro er mest for gutar, men det er ikkje noko som er gute- og jenteting. Det har eg ikkje brydd meg om. Eg vel utifrå kva eg vil og har lyst til, seier Benedikte Heimli Hovland.
- LES OGSÅ: Bilbransjen etterlyser fleire lærlingar
Litt fleire jenter og gutar vel utradisjonelt
Noko er i ferd med å endra seg. Yrkesfag som TIP, elektro og bygg og anlegg har i dag ein litt større del jenter enn for fem år sidan.
Og både helse- og oppvekstfag og design og handverk har no fått fleire gutar.
– Det synest eg er veldig bra, seier Benedikte Heimli Hovland.
Mari Teigen, forskingsleiar ved CORE – Senter for likestillingsforsking, var med på å legga fram ein rapport før jul der det kom fram at delen gutar som vel jentedominerte yrkesfag aukar.
– Det er lett å tenka seg at det heng i saman med generelt endra haldningar i retning av likestilling – og at utsiktene på arbeidsmarknaden blir rekna som relativt gode, seier Mari Teigen til Framtida.no.
- LES OGSÅ: Nesten åtte av ti fekk læreplass
Kjønnsdelt arbeidsmarknad
Sjølv om utviklinga går rett veg, så går det seint og det er store forskjellar. Berre 15 prosent av alle sysselsette i Noreg har ein jobb der det er om lag like mange kvinner og menn.
Av elevar i vidaregåande er det berre 3 prosent jenter som har valt ei utdanning der det er meir enn 70 prosent gutar. Berre to prosent av gutane har valt ei utdanning der det er meir enn 70 prosent jenter. Det kjem fram i CORE-rapporten før jul.
Forskingsleiar Mari Teigen meiner kjønnsforskjellane i seg sjølv er eit problem:
– Det skal nok meir til å velja ei utdanning dersom det nesten berre er elevar av motsett kjønn på utdanninga. Også «kjønnsmerkinga» av nokre utdanningar og yrke er nok eit problem. I tillegg, og kanskje særleg for gutar når det gjelder dei kvinnedominerte utdanningane, så vil arbeidstid, karrieremoglegheiter og løn ha noko å seia.
– Kva krev det av dei som vel noko som ikkje så mange av eige kjønn gjer?
– Det er ikkje så lett å svara på. Men det krev jo at du kan stå i eit val som andre synest er underleg, og der du sjølv opplever å vera annerledes enn dei andre på ei utdanning. Derfor kan det vera viktig at det ved opptak finst ein refleksjon om dette, slik at søkarar av det underrepresenterte kjønnet blir plassert i same klasse og ikkje blir spreidd utover, påpeikar Mari Teigen.
– Rart
Sandra Volden og Rhine Storetvedt er dei einaste jentene i VG1 elektro-klassen på Stord vidaregåande.
– Det rart at ikkje fleire jenter vel elektro og yrkesfag, seier Sandra Volden til Framtida.no.
Begge vil anbefala alle å ta elektro.
– Me er nærmast sikra læreplass. Jenter er etterspurde i elektrobransjen, seier Volden.
Ho vil bli automatikar og få seg jobb i Nordsjøen. Spennande jobb og bra betaling lokkar.
Rhine Storetvedt vil bli elektrikar om bord på ubåt. Les portrettintervju av ho her!