– Noreg treng fleire fagarbeidarar, derfor er det bra at det stadig er fleire som søkjar yrkesfag, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Dei siste åra har over halvparten av norske vidaregåande elevar søkt seg inn på yrkesfaglege utdanningsprogram. I år er delen 52 prosent.
- Sjå tala frå 2020: Auke for yrkesfag: Her er dei mest populære linjene
Helse- og oppvekstfag mest populært
Helse- og oppvekstfag er utdanningsprogrammet med flest søkjarar til VG1 og VG2, medan teknologi- og industrifag har størst auke i søkjarar, med 290 fleire enn i fjor.
Fleire jenter vel gutedominerte program
Det er òg fleire jenter som har søkt seg inn på dei tradisjonelt gutedominerte programma bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå kan Noreg komme til å trenge 88.000 ekstra fagarbeidarar innan 2035.
- Lurer du på om yrkesfag er vegen for deg? Les om 7 grunnar til å velje eit yrkesfag!

Oppdatert:
onsdag 28. juli 2021 10.25