3 prosent av elevane på vidaregåande skule slutta det førre skuleåret. Det er like mange som året før, og færre enn dei førre åra.
NPK-NTB
NPK-NTB

Talet på elevar som sluttar i vidaregåande opplæring, har aldri vore lågare enn dei to siste åra, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Fråfallet er størst på yrkesfag, der 5,1 prosent av elevane slutta i skuleåret. På studieførebuande var talet 1,8 prosent.

Flest elevar sluttar på frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign, medan færrast sluttar på idrettsfag, viser tala direktoratet la fram tysdag.

Gutar sluttar i større grad enn jenter på alle trinn, medan jenter sluttar i større grad enn gutar i utdanningsprogram med stor overvekt av gutar.

Det er òg geografiske forskjellar i tala. I Oslo droppar berre 1,8 prosent av elevane ut av vidaregåande, medan talet for Troms og Finnmark er 4,1.


Foto: Scott Webb/Unsplash
ANNONSE